Hopp til innhold

Statens vegvesen fryktar trafikkaos

I dag går startskotet for pinsa og det er venta mykje trafikk nedover mot Sørlandet. Statens vegvesen fryktar trafikkaos på E18 mellom Oslo og Kristiansand og oppfordrar folk til å bruke omkøyringsvegane.

Kø på E18 mot Langangen

På utfartsdagane fredag 2. juni og 2. pinsedag må trafikantane rekne med kø på E18 i nordre Vestfold og Grenland.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Vi reknar med at det vert stor utfart i dag og lange køar over Heistad og Brevik, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Tore Kaurin.

På grunn av dei stengde tunnelane går vegen om brua ved Brevik. Det har synt seg å by på problem.

– Når trafikken har vore stor sørover har vi hatt køar frå Brevik og heilt opp til Hovet, seier Kaurin.

Avdelingsleder i Statens vegvesen, Tore Kaurin

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Tore Kaurin ber folk bruke omkøyringsvegane i pinsa.

Foto: Hina Aslam / NRK

For få køyrde fylkesveg 313

På utfartsdagane fredag 2. juni og 2. pinsedag må trafikantane rekne med kø på E18 i nordre Vestfold og Grenland. Vegvesenet ber bilførarane bør bruke dei alternative rutene, og ta seg god tid.

Statens vegvesen ventar at det blir forseinkingar i trafikken på E18 i nordre Vestfold i sørgåande retning onsdag før Kristi himmelfartsdag. Bilistane må regne med 20-30 minutts ekstra køyretid. Årsaka er tunnelarbeida i Hillestad- og Løken-tunnelen.

Kristi himmelfartshelga blei det fort kø der det var tunnelarbeid. Forseinkingane var på inntil 30 minutt, mykje av årsaka var at for få bilistar nytta omkøyringa på fylkesveg 313 gjennom Holmestrand sentrum.

Statens vegvesen anbefaler derfor å ta av frå E18 til Sande på fylkesveg 313 og bruke gammal E18 via Holmestrand.

Breviksbrua med fortau

Det finst også andre omkøyringsvegar enn over riksveg 354 over Breviksbrua i Telemark.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Bruk omkøyringsvegane i Telemark

Det er også vegarbeid på E18 ved Langangen i Telemark og omkøyring på riksveg 354 over Breviksbrua fordi Kjørholt- og Bamble-tunnelen er stengt.

For å unngå alle desse stadene med vegarbeid rår vi også at trafikantane til bruke fylkesveg 32 frå Islandskrysset over Siljan til Skien og vidare på fylkesveg 354 og 356 over Flakvarp og vidare på fylkesveg 38 til Kragerø.