Hopp til innhold

Kritiserar pengebruken til Kulturdepartementet

Det er sett av 70 millionar kroner i statsbudsjettet for å styrke det kulturelle næringslivet. Dei som delar ut pengar til kulturelle formål, tykkjer det er ei dårleg ordning.

Kirsten Bonnèn Rask

SLØSING MED PENGAR: Dagleg leiar i Sørnorsk Filmsenter, Kirsten Bonnèn Rask, meiner det er feil å gje innovasjon 30 millionar til å styrke kulturell næring.

Foto: Helge Hansen

– Det største problemet i kulturnæringa er at alt for mange lever av å administrere kultur. Da kjem det for lite pengar ut til dei som faktisk skapar kultur, seier dagleg leiar ved Sørnorsk Filmsenter, Kirsten Bonnèn Rask.

Rask fryktar no at dei nye tiltaka frå Kulturdepartementet vil føre til fleire administrative arbeidsplassar. Sjølv har ho i fleire år jobba med å tildele pengar til film og fjernsynsproduksjonar i agderfylka og Telemark gjennom Sørnorsk Filmsenter.

Sjå dei ulike tiltaka frå kulturdepartementet i faktaboksen.

Rask meiner desse pengane heller kunne vore spreidd ut på dei ulike kompetansesentera som allereie er etablert, slik at meir av pengane hadde kome ut til kunstnarane.

– Den einaste måten å styrke den kulturelle næringa på er å gje støtte til fleire prosjekt. Det er slik ein skaffar arbeidsplassar, seier Rask.

Har kompetanse

30 av dei 70 millionane skal gå til Innovasjon Norge, slik at dei kan bruke desse pengane til å styrke den kreative næringa. Det er Rask kritisk til, fordi ho meiner Innovasjon Norge ikkje har god nok kompetanse på kulturfeltet.

– Innovasjon Norge må jo bruke desse pengane til å byggje opp kompetansen og kunnskapen som trengst rundt kultur. Det hadde vore mykje betre om pengane gjekk ut til kompetansesentera som faktisk kjenner bransjen i sitt felt godt, seier Rask.

Margit Klingen Daams

IKKJE BEKYMRA: Margit Klingen Daams har ansvaret for prosjektet hos Innovasjon Norge. Ho seier at kultur ikkje er noko nytt for innovasjon Norge.

Margit Klingen Daams i Innovasjon Norge stiller seg undrande til kritikken frå Rask.

– Kultur er jo ikkje heilt nytt for oss. Fram til 2011 var kultur ein eigen sektor i Innovasjon Norge. Så me har jo personar her som har kulturell kompetanse, seier Daams.

Ho kan også garantere at pengane Innovasjon Norge får frå departementet, ikkje vil bli brukt på å leige inn kompetanse.

– Det som blir viktig for oss er jo å skape eit godt samarbeid med bransjeorganisasjonane, seier Daams.

Nødvendig tiltak

I ei pressemelding seier statssekretær i Kulturdepartementet, Bård Folke Fredriksen (H), at dei no set i gang desse tiltaka, nettopp fordi dei ikkje utnyttar potensialet i norsk kulturnæring slik ting er i dag.

– Rapportar frå blant anna næringspolitisk råd er klare på at vi ikkje utnyttar potensialet vi har i Norge godt nok. Derfor har me laga ei nasjonal satsing med pengar til blant anna Innovasjon Norge, ytrar Fredriksen.