Hopp til innhold

Ny bok om Prøysens løyndom

Få i musikarmiljøet kjende Alf Prøysen så godt som Alf Cranner. Nå fortel Cranner om korleis den store visekunstnaren streva med den seksuelle legninga si.

Alf Prøysen

Alf Prøysen blei ein nær venn av visesongar Alf Cranner. I ein ny bok skriv Cranner om vennskapet.

Foto: Håkon Messel / NRK

– Det var viktig for Alf Prøysen at dei som visste om at han var biseksuell, ikkje fortalde det vidare.

Det seier Alf Cranner, som i slutten av oktober fyller 80 år. Det feirar han blant anna med å gje ut ei bok om livet sitt og samværet med Alf Prøysen.

Alf Prøysen og Alf Cranner

Bysta av Alf Prøysen står i hytta til Alf Cranner på Skåtøy utanfor Kragerø.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Boka har fått tittelen "Fra Alf til Alf". I boka skriv Cranner blant anna om Prøysen og problema han hadde rundt si eiga seksuell legning.

Prøysens seksuelle legning har vore diskutert om før. Då Prøysen-biograf Ove Røsbak, i 2004 fortalde at Prøysen var biseksuell, blei det bråk. Ein heftig debatt følgde. Blant dei som reagerte var visesongaren Ole Paus.

Ei sart sjel

I boka skriv Cranner om kor vanskeleg Prøysen hadde det i sin kvardag i bygdemiljøet på Hedemark.

– Han hadde feminine trekk, og var litt sjukleg. Han fortalde ein gong om eit skuleskirenn. Prøysen sjølv ville ikkje hoppe, men då ein anna gut sette utfor svima Prøysen av ved synet. Det seier noko om kor sart sjel han hadde, seier Cranner.

Cranner sjølv møtte Prøysen i 1964. Dei to blei nære vener og var også samarbeidspartnarar heilt til Prøysen døydde.

Etter at Prøysen døydde 23. november 1970, trur eg ikkje det har gått ein dag utan at han har vore innom hovudet mitt.

Alf Cranner

Eit vanskeleg barn

Cranner trur hans eigen vanskelege barndom, og Prøysens problem med den seksuelle legninga, gav dei mykje til felles og mykje å snakka om.

Cranner voks opp som ein vestkantgut. Han var eit såkalla "vanskeleg barn". Det enda med at Cranner blei sendt i fosterheim hjå ei tante i Stavanger. Der budde han frå han var 11 til han blei 17 år. Mora reiste til sjøs så henne såg han lite til.

Cranner hadde også ein fråverande far som hadde gjort karriere i USA og Canada, men som enda opp som ein alkoholisert og demoralisert mann. Han døydde da Cranner var åtte år.

Ikkje rart eg trong ein farsfigur som Alf Prøysen. Prøysen var alltid uendeleg snill.

Alf Cranner

– Det er hjarteblod

Svensk visepris

Alf Cranner blir rekna som mannen som starta den norske visebølgja på 1960- talet. Den svenske viseprisen er kanskje den Cranner set høgast

Foto: Anne Lognvik

Da Cranner møtte Prøysen var han ein ung, ukjent visesongar. Likevel ville Prøysen ha Cranner til å skrive melodiar til tekstane hans.

Kongens gull

Men kongeleg heider er også stor stas.

Foto: Anne Lognvik

Prøysen blei etter kvart som ein far for Cranner. Han råda Cranner til å skrive for barn nærast som terapi, for å bli fri for det han sjølv hadde opplevd i sin eigen barndom. Cranner beskriv også Prøysen som framtidsretta, ein som ville utvikle seg som forfattar og artist.

Sjølv kallar han sidene i boka som handlar om Prøysen, for hjarteblod:

– Utviklinga av eit slikt forhold, frå ein fagleg samarbeidspartnar til eit nært far-son-forhold og to bestevenner, det er det boka mi handlar om. Dette er ei bok eg berre måtte skrive, avsluttar Alf Cranner.