Hopp til innhold

Vebjørn ventar i seks timar for å sjå kongeparet

Kong Harald og dronning Sonja fyller begge 80 år i 2017 og feiringa startar i hovudstaden i kveld. Nokre strekk seg litt lengre enn andre for å få gode plassar framfor slottet under feiringa.

Vebjørn Stigen Helland

FYRSTE RAD: Vebjørn Stigen Helland strekk seg ekstra langt for å få god plass under feiringa.

Foto: privat

– Akkurat no skjer det ingenting og eg sit her heilt aleine, seier Vebjørn Stigen Helland.

Han har teke plass utanfor slottet for å feire kongeparet i kveld. Når NRK pratar med han er klokka nesten tre på ettermiddagen.

– Eg kom med toget frå Drangedal kvart over tolv og eg må jo sitje her til dei kjem ut klokka halv sju i kveld, seier Helland.

– Kva trur kongen og dronninga ville sagt om dei høyrde dette?

– Dei hadde nok sagt at eg var klin galen, slik som alle andre seier, ler han.

Entusiast

Helland er over middels interessert i kongefamilien og han har vore på fleire kongelege arrangement tidlegare. Eitt av måla hans med desse turane er å få gode bilete av kongefamilien.

– No var eg så heldig at Dronning Margrethe gjekk om bord på kongeskipet sitt i dag også. Så eg sprang nedom Aker Brygge og fekk nokre gode bilete av ho, seier Helland.

Han håpar å få mange gode bilete av resten av kongefamilien under feiringa i kveld.

Sjølv om han har delteke på fleire arrangement og i tillegg skrive brev til kongen for å gratulere han med dagen, trur ikkje Helland at kongeparet vil kjenne han att der han står på fyrste rad i kveld.

– Eg trur ikkje det, men ein kan jo alltid håpe, sigrar han.

Om kongen og dronninga ikkje kjenner han att så vil ikkje Helland bere nag. Dronninga kan vente seg eit personleg brev frå Drangedal når ho fyller 80 år i juli uansett.

Kongeparet feirer 80 årsdagene sine. Våre eksperter deler sine erfaringer.