Hopp til innhold

Måtte fjerne beverdemningar annankvar veke

– Grunneigarane i Øfstigrenda i Stjørdal måtte fjerna beverdemningar annakvar veke. No har dei fått lov til å skyte bever for å bli kvitt problemet.

Bønder i Stjørdal får fellingsløyve etter beverskadar.

Bøndene har søkt om slikt fellingsløyve sidan 2013, utan å ha fått det nødvendige løyvet. Kommunen har fram til no bedt dei prøve andre metodar først.

Problemet med beveren har vore at han byggjer demingar i bekken som renn gjennom det flate terrenget, og at vatnet dermed fløymer ut over jorda.

– Det forsumper dyrkajorda og hindrar korndyrking og grasdyrking, seier grunneigar Daniel Øfsti.

– Og kanskje den verste skaden er at det ikkje får god opp gytefisk i bekken, seier han. Bekken heiter Holmsbekken er ein sidebekk til Stjørdalselva.

Daniel Øfsti, Stjørdal

- Her har beveren nesten stoppa all vassføring under jernbaneunderganen, seier grunneigar Daniel Øfsti.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Bøndene har prøvd med å rydde bort demningane, og til tider har dei måtte bruke traktoren opptil annankvar veke til det - utan at situasjonen har vorte betre. Nyleg gav derfor Stjørdal kommune fellingsløyve.

Måtte ty til fellingsløyve

– Når vi ser at ulike tiltak for å fjerne demningane dei siste 3-4 åra ikkje har nytta, gir vi no fellingsløyve for å få redusert talet på bever, seier Stian Almestad, rådgivar for skog og utmarki Stjørdal kommune.

Stian Almestad, Stjørdal

Stjørdal kommune måtte gi fellingsløyve etter at andre tiltak ikkje nytta, seier Stian Almestad, rådgivar skog og utmark i Stjørdal kommune.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Han trur det er ein beverfamilie som har produsert to store kull fleire år på rad, og håpet er no er at akviteten hos beveren minkar etter at dyr er felt. Det er opp til grunneiarane kor mange dyr dei vil felle, seier Almestad. Fellingsløyvet gjeld til april 2018.

Almestad seier at det har vore ein klar auke i beverbestanden i Stjørdal dei siste 3-4 åra, og spørsmål om felling har kome stadig oftare. Det første løyvet dei gav var i ein annan sidebekk til Stjørdalelva for eit par år sidan.

Teljingar viser større bestand

Det er no gjennomført teljingar av bever i kommunen, og rapporten som kom i mars viser no at det er så stor bestand at den den kan haustast, fortel Almestad.

Beverdemning i Holmsbekken

Holmsbekken går i flatt terreng, og demningar fører lett til at vatnet fløymer ut over jorda.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Og målet no er å innføre ordinær jakt på bever i 2017, slik fleire andre kommunar i Nord-Trøndelag har gjort, seier Stian Almestad i Stjørdal kommune.

Grunneigar Daniel Østi vil heller ikkje arten til livs.

– Det er jo ikkje målet for oss å rydde ut beveren, det er berre å halde nede bestanden.

Beverskadar i Stjørdal

Svært aktiv hogst her i Øfstibygda i Sjørdal...

Foto: Eivind Aabakken / NRK