Hopp til innhold

Nå kan du sjekke sæden på mobilen

Ved hjelp av appar og tissepinnar kan du teste deg sjølv for alt frå klamydia og urinvegsinfeksjon, til utruskap og sædkvalitet.

Per Olav Alvestad

Per Olav Alvestad testar urinen sin for å finne ut om han har urinvegsinfeksjon.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Det kan sjå ut som eg har pittelitt leukocytter. Det betyr i så fall at eg kanskje har bakteriell urinvegsinfeksjon eller kronisk betennelse, seier NRK Viten-programleiar, Per Olav Alvestad som testar seg for urinvegsinfeksjon.

Din eigen lege

Eit kjapt søk på internett gjer at du kan vere din eigen lege. Du kan teste deg for klamydia, gonoré, syfilis, irritabel tarm, HIV, graviditet, blodsukker og alkoholnivå.

Det finnast PSA-testar for utruskap, DNA-testar, hurtigtest for narkoscreening av urinen og mykje meir. Det siste nye er eit app for å teste sædkvaliteten.

– Eg har tre barn, så det er ein god indikator på at sæden funka. Men det er jo veldig greitt at folk kan sjekke det sjølv heime, seier Alvestad.

I dag kan du teste deg sjølv for alt frå klamydia og urinvegsinfeksjon, til utruskap og sædkvalitet. Appar og tissepinnar gjer det i dag mogleg å vere sin eigen lege.

Sjå videoen kor Per Olav testar seg for cøliaki og urinvegsinfeksjon.

Flaut å gå til legen for sædprøve

Laboratoriesjef ved fertilitetssenteret i Oslo, Mette Haug Stensen, er positiv til prototypen av sædtesten. Den er utvikla av legar ved Harvard Medical School i Boston.

For å få dette til treng du ein app som gjer telefonen om til eit mikroskop og noko tileggsutstyr til sjølve mobiltelefonen. Det er ikkje tilgjengeleg på marknaden i Norge, men det finnast testar ein kan bestille på nettet.

– Det er eit bra lågterskeltilbod til dei som synast det er litt flaut å gå til legen, seier Stensen.

Testing av cøliaki og uvi

Alvestad opnar ein ny pakke, ein cøliakitest. Oppi pakken ligg det ei nål som han stikk seg i fingeren med før han dytter blodet inn i eit lite røyr. Testen viser negativ.

Per Olav Alvestad

Per Olav sin urin viser at han kan ha ein bakteriell urinvegsinfeksjon eller kronisk betennelse.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Eg synast det er kjekt med teknologi, og dermed å kunne gjere ting sjølv. Laste ned appar og prøve nye ting

Helseangst

Kari Løvendahl Mogstad er spesialist i allmennmedisin og tilsett ved Munkholmen legesenter. Ho trur norske testar er kvalitetssikra, men er skeptisk til at ein kan google og finne ut av nesten kva som helst på internett. Som for eksempel ein app ein kan

Mål blodtrykket med ein app

Med ein app på telefonen kan ein måle blodtrykket sitt, men lege Kari Løvendahl Mogstad er skeptisk til denne.

Foto: Helene Solheim / NRK

laste ned på mobilen, kor du legg fingeren på skjermen for å måle blodtrykket.

– Viss eg hadde hatt blodtrykket som denne viser på telefonen så hadde eg vore halvdau, seier Mogstad og ler.

Ho meiner det også kan vere skummelt dersom ein ikkje er klar for resultatet som testen viser.

– I blant kan det vere greitt å gå til legen. Da får du samtalen, og du blir fulgt opp meir systematisk enn om du tek ei prøve frå apoteket og blir ståande med resultatet på kjøkkenet. Eg trur og folk kan få litt helseangst av å kunne gå å sjekke seg for alt mogleg heiletida.

Kari Løvendahl Mogstad

Kari Løvendahl Mogstad trur at all heimetestinga kan føre til større helseangst blant folk.

Foto: Vilde Aurora Drevland Klyve / NRK