Hopp til innhold

Nidaros Hockey spelar avgjerande kamp: – Vi må fortsette å dominere

I kveld klokka 18.30 er det tid for sesongen sin siste og avgjerande kamp, når Nidaros Hockey reiser til Halden for å møte laget Comet. Vinn dei kampen blir det opprykk.

Nidaros Hockey mot Comet Halden

Her er Nidaros Hockey sin førre kamp mot Comet Halden.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Vi må halde fram slik vi har spelt dei to siste kampane, kor vi dominerer fullstendig, seier hockeyspelaren Thomas Wiig.

Han har spelt hockey i Trondheim i 15 år, og satsar på at kampen i kveld vil bli ei verdig avslutning på karrieren hans.

– Det hadde vore fint med eit opprykk før eg gir meg, seier Wiig.

Håpar på eliteserien

Dersom Nidaros Hockey vinn kampen i kveld er dei sikra plass i eliteserien, og dei kan legge 1. divisjon bak seg.

– Det hadde betydd utruleg mykje! Først og fremst gir det meg ein skikkeleg grunn til å halde fram med hockey, seier den 25 år gamle spelaren Fredrik Linge.

Nidaros Hockey mot Comet Halden

Nidaros Hockey spelar ein avgjerande kamp ikveld 18:30.

Foto: Morten Andersen / NRK

Nidaros Hockey spelte ein viktig kamp på søndag, då dei vann over Kongsvinger. No er dei klare for å vinne over Comet også, då førre kamp mot dette laget enda med nederlag på heimebane.

– Det var mykje stang-ut på den kampen, seier 25-åringen lattermildt.

Ein kompisgjeng

Linge fortel at laget består av ein stor kompisgjeng, og trur dei har god sjanse til å utvikle laget sitt dersom dei når eliteserien.

– Det er mange unge, lovande hockeyspelarar i Trondheim, så viss vi kjem oss til eliteserien vil vi kunne bygge eit godt lag, fortel han.

Han har trua på at dersom dei spelar like godt som dei siste kampane, er det ingen tvil om siger.

– Viss vi spelar på topp er eg overbevist om at vi vinn, seier Linge.

Taktikken hans er å jobbe hardt, skyte mykje og å håpe på at pucken går inn:

– Vi gjer alt som skal til for å vinne!

Framleis eit håp

Dersom Nidaros ikkje skulle stikke av med sigeren har dei framleis ein sjanse i eliteserien, dersom Kongsvinger tapar mot Manglerud. Det er 1. divisjonen sine to beste lag som får rykke opp, og Linge meiner Trondheim fortener det.

– Vi er gode og vi vinn. Trondheim treng eit lag i eliten, det er jo kjempeinteresse for sporten her!

Nidaros spelar kampen sin 18.30 i kveld, og Linge forsikrar at det blir stor feiring etterpå.

– Det har vi fortent etter året som har vore.