Hopp til innhold

Søkjer fleire eldre – for å skape livsglede

Organisasjonen Livsglede for eldre utvidar aktiviteten sin. No etterlyser dei fleire einsame eldre som dei kan glede.

Livsglede for eldre 4

Gamal og ung blir godt kjende med kvarandre. Her er skoleelev Arjun Nepal Chhetri og Ester Bremnes ute på tur.

Foto: Vigdis Wågø-Wares

Målet til Livsglede for eldre er å gi tilbod til eldre, slik at dei kan koma seg ut og i aktivitet – og ikkje bli sitjande åleine heime. No har organisasjonen mobilisert skular, idrettslag og butikkar for å få dei med på laget i arbeidet med å skape meir livsglede blant dei eldre.

Les: Fotballjentene blei Turids (89) nye venninner

Linda Gjørøy er livsgledekoordinator i Trondheim og ønskjer at fleire eldre vil nytta seg av tilboda dei har, og vender seg direkte til eldre:

Søkjer fleire eldre

– Dersom du bur i Trondheim kommune og ønskjer å ha besøk av fotballungdom eller ein livsgledehandyman, eller ønskjer å bli med oss ut på tur i marka, ta kontakt med oss, oppmodar ho.

Linda Gjørøy, livsgledekorodinator

Livsgledekoordinator Linda Gjørøy vil gjerne at fleire eldre tar kontakt. – Dei er hjarteleg velkomne, seier ho.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Elevane ved Helse- og oppvekst ved Byåsen vidaregåande skole er blant dei som er med i skoleprosjektet som er eit samarbeid mellom Trondheim kommune og den vidaregåande skulen.

Ein gong i veka arrangerer elevane aktivitetstur, og dei står sjølve for all planlegging og gjennomføring, som ein del av praksisen. Målet er å. skape livsglede for heimebuande eldre som slit med å kome seg ut og som kan vere einsame.

Blir godt kjende

Og unge og eldre blir etter kvart godt kjente.

– Eg gler meg til desse dagane på Lavollen, og sidan eg begynte, har eg vore der kvar veke, seier Ester Bremnes.

Ho sit på ein stubbe uti skogen, i lag med skoleeleven Arjun Nepal Chhetri, som denne veka har ansvaret for planlegginga.

Livsglede blant eldre - Ester Bremnes og Arjun Chhetri

– Eg gler meg til desse turane, seier Ester Bremnes som sit og filosoferer litt i lag med Arjun Nepal Chhetri.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

– Eg synest du har vore litt flinkare i dag enn sist, og du har ikkje vore så tungpusta heller, seier han til Ester.

– Nei det går bra, ein må ta det som ein føler det, svarar ho.

Set teori ut i praksis

For elevane som studerer helse- og omsorgsfag er desse turane inn til Lavollen i Bymarka eit godt høve til å setje teori ut i praksis. På Lavollen der dei har tilhald ein gong i veka, er det ikkje berre turar i skogen, men også allsong og dans, unge og eldre i lag.

Og livsgledekoordinator Linda Gjørøy håpar altså at fleire eldre skal melde seg til dei ulike aktivitetane organisasjonen har.

– Så det er plass til fleire..?

– Ja, det er det, seier ho bestemt.

– De er hjarteleg velkomne, seier ho til dei eldre.

Livsglede for eldre på Lavollen i Trondheim

Både dans og allsong høyrer med når det blir skapt livsglede både blant gamal og ung på Lavollen.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK