Hopp til innhold

– Ei ekstremt tøff kvinne

Tsjekkiske Pavlina Pizova (33) overlevde tre døgn utandørs i eit forferdeleg uver, etter at mannen hennar fall ned ei bratt fjellside og omkom i eit uvegsamt fjellområde på New Zealand.

Frp PK-en til Pavlina Pizova i Queensland.

VIDEO: Pavlina Pizova fortel om den dramatiske opplevinga.

Etter tre døgn greidde ho å finne ei vakthytte, der ho vart verande i nesten ein månad før ho vart funnen av leitemannskap sist onsdag. I natt norsk tid fortalde ho om den forferdelege opplevinga på ein pressekonferanse i Queenstown.

Det tsjekkiske paret la ut på vandring langs den vidkjende fjellruta Routeburn track i nasjonalparken Fiordland 24. juli. Det er vinter på New Zealand no, og det er ikkje så mange som tek denne turen på denne tida av året.

Melde ikkje frå

Pavlina Pizova.

Det var ei sterkt prega Pavlina Pizova som møtte pressa i Queenstown i natt norsk tid.

Foto: James Allan / Ap

Dei hadde ikkje fortalt til nokon at dei la ut på Routeburn-ruta, og det gjorde at ingen melde dei sakna før etter nesten ein månad. Då hadde familien i Tsjekkia reagert på at dei ikkje hadde høyrt frå paret på fleire veker.

Dei tok kontakt med det tsjekkiske konsulatet, som igjen varsla styresmaktene slik at det vart sett i verk ein leiteaksjon.

– Eg fylde soveposen min med alt eg hadde av varme klede, og eg masserte føtene mine heile tida for å prøve å halde meg varm om natta, sa Pitzova på pressekonferansen.

Tolken hennar, Vladka Kennett, som også er tsjekkisk konsul i Queenstown, seier at ho ikkje forstår korleis Pitzova greidde å overleve ute i uveret som herja.

– Dette er ei ekstremt tøff kvinne, sa Kennett på pressekonferansen.

Strabasiøs tur

Pavlina Pizova fortalde om ein svært strabasiøs tur frå ulukkesstaden og til hytta ved Lake Mackenzie. Det er ei strekning på berre to kilometer, men turen tok to døgn fordi det var null sikt, ho var utsliten og hadde forfrosne føter.

Routeburn Track New Zealand.

Det var i dette området ulukka skjedde der Ondrej Petr omkom etter eit fall for ein månad sidan.

Foto: New Zealand Police
Routeburn track, New Zealand.

Inngangen til Routeburn-ruta ser svært innbydande ut når veret er fint. Pavlina Pizova opplevde området på ein heilt annan måte.

Foto: Reuters

Ho kom først til ei turisthytte med 50 sengeplassar, som var stengt for sesongen, men her var det ikkje mat eller brensel. Seinare tok ho seg inn i ei skogvaktarhytte like ved.

Her fann ho eit lager av mat, ved og gass, slik at ho kunne halde seg nokolunde mett og varm. Det var ein radiosendar i hytta, men ho fekk han ikkje til å fungere.

Det var djup snø utanfor hytta, og det var stor fare for snøras, og ho avgjorde at det var tryggast å halde seg i hytta.

Mange snøras

– Eg gjorde nokre forsøk på å gå frå hytta, men dei verkande føtene mine, verforholda og den djupe snøen gjorde at eg måtte gi opp. Eg såg fleire snøras, fortalde den tsjekkiske kvinna.

Ho åtvarar andre turgåarar mot å leggje ut på ein slik tur utan å melde frå til nokon.

– Fortel nokon du stolar på kvar du har tenkt deg. Sørg også å ha utstyr på deg som gjer at du kan sporast. Og for all del, ikkje undervurder vintervêret i fjellet på New Zealand, sa Pavlina Pizova.

Leitemannskapa fann liket av Ondrej Petr (27) tidlegare denne veka, men først i natt norsk tid var verforholda såpass at dei kunne hente han ut.

Routeburn track

SISTE NYTT

Siste nytt