Hopp til innhold

– Ein av tidenes viktigaste klimaavtalar

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen er letta over at dei klarte å dra i land ein avtale i Kigali i Rwanda i morgontimane i dag. 170 land har signert avtalen som blir omtalt som den fyrste store miljøavtalen sidan Paris-avtalen i fjor.

Fornøyd klimaminister Vidar Helgesen

Klimaminister Vidar Helgesen er svært fornøgd med avtalen som er forhandla fram i Kigali, Rwanda.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I heile natt forhandla representantar frå 170 land i Kigali, hovudstaden i Rwanda. Gjennombrotet kom tidleg laurdag morgon.

– Dette betyr at ved slutten av århundret blir kloden ei halv grad mindre varm enn den elles ville blitt. Difor er dette ein uhyre viktig avtale for å oppfylle Paris-avtalen, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Utanriksminister i USA John Kerry

Utanriksminister i USA John Kerry var med på forhandlingane i Kigali.

Foto: DAVE CLARK / Afp

Også utanriksministeren i USA gleda seg over resultatet.

– Dette er eit stort skritt framover, sa John Kerry.

Han har sjølv tatt del i forhandlingane og forsøkt å presse fram ein ambisiøs avtale.

Fyrste store avtale sidan Paris-møtet

HFK-gassane som er i bruk i kjøleanlegg, air condition-anlegg og fryseanlegg skal fasast ut og erstattast med andre gassar i løpet av dei neste tiåra.

Utrekningar viser at HFK-gassane kunne ha løfta temperaturen på kloden med 0,5 grader ved slutten av dette århundret viss ikkje noko var blitt gjort å avgrense bruken.

Fleire av deltakarane på møtet meiner landa no har vist at dei kan leve opp til sine forpliktingar.

– Dette er eit klart bodskap frå verdas leiarar om at den grøne endringa, som starta i Paris, er irreversibel og ustoppeleg, seier Erik Solheim, leiar for miljøprogrammet til FN (UNEP) til NTB.

Ikkje store konsekvensar i Norge

Men trass ein kollektiv klimaavtale vil ikkje nordmenn merke så mykje til avtalen.

– Vi aukar denne avgifta i neste års statsbudsjett, som ein del av det grøne skatteskiftet og vi er godt i gang, men det er i mange andre land, ikkje minst i dei store fremvekskande økonomiane der denne gassen er i stor vekst. Difor har det vore så viktig å få eit internasjonalt regime for å få slutt på bruken av den, seier ministeren til NRK.

Han legg til at HFK-gassane ikkje er den gassen som brukast mest, men den veks raskast, difor er det så viktig å få slutt på bruken av den.

SISTE NYTT

Siste nytt