Hopp til innhold

– Uansett om det er sant eller ikkje, rykta skader Donald Trump

Russland skal sitte på sensitiv informasjon om Donald Trump, påstår ein ubekrefta rapport, og amerikansk etterretning undersøker nå om rykta er sanne. Uansett vil dette skade Trump, seier USA-kommentator Thor Steinhovden.

USA/ Miss USA 2013 Erin Brady and Donald Trump look on as Aras Agalarov, father of singer Emin Agalarov, speaks during a news conference after the 2013 Miss USA pageant in Las Vegas

Det var under Miss Universe konkurransen i Moskva i 2013, at nokre av dei kompromitterande hendingane skal ha skjedd. Men Steinhovden understrekar at det framleis berre er snakk om ubekrefta rykte og påstandar.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

Thor Steinhovden, Arena

USA-kommentator i tankesmia Agenda, Thor Steinhovden, understrekar at skuldingane mot Trump framleis berre er rykte.

Foto: Åsa Maria Mikkelsen

– Sant eller ikkje, rykta legg ein dempar på Trump sin start som president. Nye meiningsmålingar viser at den positive oppsvinget nye presidentar brukar å få, har vore svært svakt for Donald Trump. Vi snakkar om ein popularitet på linje med George W. Bush på slutten.

– Så dette stikker kjeppar i hjula på Trumps første presidentperiode. Det seier USA-kommentator Thor Steinhovden i tankesmia Agenda.

Rapporten som er sitert av CNN, var bestilt av dei politiske motstandarane til Trump tidleg i valkampen, ført i pennen av ein tidlegare britisk etterretningsoffiser.

Amerikansk etterretning har bestemt seg for å undersøke opplysningane, og informerte førre veke Trump og Obama om dette før opplysningane vart lekka ut i amerikansk presse.

Skal ha blitt filma på hotellrommet under Miss Universe konkurranse

RUSSIA/ Donald Trump arrives for the Miss Universe Pageant at Crocus City Hall in Moscow

Trump gestikulerer under Miss Universe konkurransen i Moskva i 2013. Trump var medeigar av konkurransen fram til 2015.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Steinhovden legg vekt på at dette framleis berre er rykte, basert på russiske informantar.

Den går ut på at russiske styresmakter skal ha prøvd å presse Trump ved å setje han i kinkige situasjonar. Det dreier seg først og fremst om ein påstand om at det eksisterar ein video der Trump var saman med russiske prostituerte i 2013, da han leia Miss Universe konkurransen i Moskva.

– Kreml har ingen kompromitterande informasjon om Trump, sa Vladimir Putins talsmann, Dmitrij Peskov i eit møte med journalistar onsdag.

Ifølge AFP kallar Peskov nyheita for «falsk» og omtaler det hele som ei «politisk heksejakt»; dei same orda Donald Trump sjølv brukte på Twitter.

Morten i Karelen

NRKs Moskva-korrespondent Morten Jentoft fortel at russarane ser på skuldingane mot Trump som innanrikspolitisk strid i USA.

Foto: Morten Jentoft

Moskva-korrespondent Morten Jentoft seier at ein tidlegare sjef for FSB har uttalt til nyheitsbyrået Interfax, at han aldri før har høyrt om dette. Samtidig som han undrar seg over kvifor dette skulle vere interessant for russiske styresmakter. Trump var trass alt i Moskva som privatperson.

– I Russland blir dette tolka som eksempel på kaoset i amerikansk politikk, der alle middel er tillat, så ein kallar dette interne amerikanske problem og avviser at dette har vore ein statleg styrt kampanje, fortel Jentoft.

Men samtidig er det ei kjend sak at den russiske eliten er mistenksame mot demokratane i USA.

Skulda for å få russisk e-post hjelp

Og ifølgje rapporten skal Russland kontakta Trump-kampanjen og informerte om at dei ville offentleggjere Clinton-epostane, i bytte mot at Trump skulle dysse ned Russlands invasjon på Krim-halvøya.

– Så dette er ganske alvorlege påstandar, fortel Steinhovden, som samtidig seier det er for tidleg å konkludere om det er noko i desse rykta.

FBI, CIA og Det kvite hus har så langt ikkje kommentert saka.

Trump gjekk ut på Twitter og sa at dette var falske nyheiter, medan rådgjevarane hans understrekar at dette er rykte som ikkje er bekrefta av nokon.

Laster Twitter-innhold

Det er venta at Trump vil kommentere rykta i ein pressekonferanse i New York kl 17:00 i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt