Hopp til innhold

Kampar i Mosul: – 142 sivile drepne på seks dagar

Fleire kvinner og barn er blant dei drepne i Iraks nest største by. Irakiske styrker har framleis ikkje klart å drive IS ut av byen.

TOPSHOT-IRAQ-CONFLICT-MOSUL

KVINNER OG BARN: 142 sivile er drepne dei seks siste dagane. Irakiske soldatar forsøker å drive IS ut av byen.

Foto: KARIM SAHIB / AFP

Militæret i Irak har vore på ein offensiv for å drive IS ut av Mosul dei seks siste dagane. Kampane går hardt ut over sivilbefolkninga.

Ifølge Al Jazeera har 142 sivile blitt drepne på under ei veke. Dei fleste av dei kvinner og barn, som har forsøkt å flykte frå den vestlege delen av Mosul.

I dag har det gått fore seg kampar i nabolaget Zanjili nær Gamlebyen i Mosul. Ifølge Iraqi News kontrollerer IS no mindre enn ti kvadratkilometer i Mosul.

Dei IS-kontrollerte områda ligg Vest i Mosul. Det irakiske militæret og deira allierte hadde håpa raskare framgang i Vest-Mosul. Men kampane er vanskelege. Ein av grunnane skal vere at IS har sett ut skarpskyttarar og sjølvmordsbombarar, både i bilar og til fots.

– Det er ei utfordrande slagmark som dei irakiske styrkane forsøker å navigere seg fram i. Det er sivilbefolkninga som betalar den høgste prisen, seier Aljazeeras reporter Osama bin Javaid i Nord-Irak.

TOPSHOT-IRAQ-CONFLICT-MOSUL

HARDE KAMPAR: Sivilbefolkninga må betale den høgste prisen i Mosul, seier Aljazeera-reporteren i Nord-Irak.

Foto: KARIM SAHIB / AFP

Ein lang kamp mot IS

Mosul, den nest største byen i Irak, har vore prega av kampar i fleire år.

Terrorgruppa IS tok kontroll over Mosul i juni 2014. Irakiske og allierte styrkar innleia ein offensiv mot byen i fjor haust, med rundt 100.000 regjeringssoldatar og militssoldatar med luftstøtte frå USA og fleire vestlege land.

Byen blei gradvis gjenerobra. Den austlege delen blei frigjort i januar, og i februar gjekk regjeringsstyrkane inn i Vest-Mosul for første gong.

Irakiske soldatar har no kontroll over dei fleste bydelane i Mosul. Dei kampane som går føre seg no skjer vest i Mosul, blant anna i Gamlebyen, kvar det er mange sivile.

Laster Twitter-innhold

Flukt og behov for humanitær hjelp

Sida offensiven mot IS starta i oktober har 750 00 blitt fordrive frå sine heim, ifølge FN. Framleis skal 260 000 vere fordrive. I heile Irak er over tre millionar menneske tvunge til å forlate sine heim. Dette talet kan auke i sluttfasane i kampane om å få IS ut av byen.

Ifølge Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) er den humanitære situasjonen i Irak svært alvorleg. Over 11 millionar menneske i landet har behov for humanitær assistanse.

SISTE NYTT

Siste nytt