Hopp til innhold

Mann stakk av frå karantenehotell – blir meldt til politiet

Ein ung mann stakk av frå karantenehotellet etter ei utanlandsreise. Kommunen meiner det blei starten på eit stort smitteutbrot i Tønsberg og Færder.

Person i smittevernutstyr ved teststasjonen på Stensarmen i Tønsberg.

STORT SMITTETRYKK: Det har vore mykje aktivitet på teststasjonen i Tønsberg i juni. Bilete er teke i mars.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Mannen hadde vore på reise utanfor Europa og kom tilbake til Noreg ein laurdag i mai. Han tok hurtigtest på Gardermoen og blei sendt til eit karantenehotell i Oslo.

Der skulle han vore isolert til han hadde fått stadfesta ein negativ koronatest.

Det må gå sju dagar før ein slik test kan fange opp eventuell smitte, noko som betyr at mannen skulle vore på hotellet i minst åtte dagar.

Mannen reiste frå hotellet etter tre dagar, og drog heim til Tønsberg, smitta av delta-varianten av koronaviruset.

– Hadde han blitt verande på hotellet ei veke og teke testen, så hadde me unngått alt dette, seier kommuneoverlege i Tønsberg Per Kristian Opheim.

Foreløpig er det knytt 75 sikre smittetilfelle til smittekjeda. Det er forventa at dette vil stige til ca. 100 tilfelle. Det er over 1200 personar som har vore i karantene i tilknyting til utbrotet, og enda fleire som har vore i ventekarantene.

Per Kristian Opheim foran den mobile teststasjonen i Tønsberg

Per Kristian Opheim er kommuneoverlege i Tønsberg. Han fortel at dei no melder mannen til politiet for brot på covid-19-forskrifta.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

Meldt til politiet

Tønsberg kommune har i dag meldt mannen til politiet for å ha brote karantenekravet etter innreise til Noreg.

Personar som bryt denne forskrifta kan bli straffa med bøter eller fengsel inntil seks månader.

– I praksis får han nok ei bot, men det blir opp til politiet å vurdere, seier Opheim.

Ifølgje kommunen var ikkje mannen i karantene etter at han kom heim til Tønsberg heller. Opheim meiner saka er alvorleg, og at dei aldri var i tvil om å melde mannen til politiet.

– Dette har særleg påverka barn og unge. Blant anna blei alle skoleavslutningar og fritidsaktivitetar i Færder og Tønsberg avlyst for å få kontroll med smitteutbrotet, seier Opheim.

Smitteutbrot

Færder kommune stod for eit tidspunkt for 10 prosent av koronasmitten i landet. I første omgang knytte kommunen smitteutbrotet til eit konsertlokale på Nøtterøy.

Elin Jacobsen

Elin Jacobsen er kommuneoverlege i Færder kommune.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

– Dette viser kor store konsekvensane kan bli når nokon ikkje følgjer karantene- og isolasjonsreglane, seier kommuneoverlege i Færder kommune Elin Jacobsen.

Smittesporarane har fleire gonger funne vegen tilbake til den unge mannen som har blitt smitta av deltavarianten.

– Sidan me ikkje har deltavarianten i området frå før så styrker det at smittesporinga vår er korrekt, seier Opheim.

Deltavarianten av koronaviruset er kjend for å smitte lettare. Viruset har også smitta folk som er fullvaksinerte.

Sida pandemiens start og fram til 12. mai i år, er til saman 271 personar meldt til politiet for å ha brote karantene eller isolasjonen de skulle ha vore i, viser tal NRK har fått frå politiet.

Den høgste bota er på 30 000 kroner.