Hopp til innhold

25-åring tiltalt for mordbrann og sju tilfelle av falsk naudmelding

Gjennom fleire år har 25-åringen ringt inn falske bombetrugslar og spelt død i vegkanten. I 2018 kunne det ha gått liv tapt då han tente på gardinene sine heime i Bergen.

Brann i Lille Damsgårdsvei i Bergen 10. november 2018

MORDBRANN: Sjølv om ingen døydde i storbrannen på Laksevåg i november 2018, er 25-åringen som tente på tiltalt for mordbrann.

Foto: KJELL JØRAN HANSEN / NRK

Ein 25 år gamal mann blei i fjor sommar sikta for mordbrann etter ein brann i Lille Damsgårdsvei i Bergen 10. november 2018.

Tre personar fekk skader og to leilegheiter blei totalskadde i brannen.

Natt til 21. juli i fjor utløyste same mann ein omfattande redningsaksjon på Byfjorden i Bergen.

24-åringen hevda at ein båt hadde forlist og at fire personar var sakna. Hovudredningssentralen leidde leiteaksjonen, som gjekk føre seg i mange timar.

Gjennom natta heldt mannen fast på sin versjon av saka, trass i at alt var oppspinn.

Utsikt over Bergen fra Sandvikspilen

BYFJORDEN: Natt til 21. juli i fjor kontakta 25-åringen mannskap om bord på luksusyachten M/Y «Ace» og sa ein båt med fire personar hadde forlist på Byfjorden. Hovudredningssentralen koordinerte ein omfattande leiteaksjon på Sandviksflaket (sundet til høgre i biletet). Naudmeldinga var falsk. Tre dagar seinare ba 25-åringen om å bli fengsla.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

No har Statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane tatt ut tiltale mot 25-åringen.

Tiltalen gjeld brannstiftinga og totalt sju tilfelle av falske naudmeldingar i perioden 2015-2019.

I tillegg er han tiltalt for å ha slått og sparka ein mann i Bergen sentrum 17. mai i fjor.

– Tiltalen viser at det har skjedd eit par nye straffbare forhold etter brannen. Etterforskinga har avdekka fleire forhold som også har skjedd før brannen, og nokre av desse er tatt inn i tiltalen, seier politiadvokat Sigrid Sulland i Vest politidistrikt.

Tente på gardin i eiga stove

25-åringen har sete i varetekt sidan han sjølv bad om å bli varetektsfengsla etter den falske naudmeldinga i fjor sommar.

Han erkjente å ha stått bak brannen på Laksevåg, men blei ikkje framstilt for varetektsfengsling.

Ifølge tiltalen starta han brannen ved å tenna på ei gardin med ein lighter i leilegheita han sjølv leigde. Brannen spreidde seg deretter vidare i huset.

«Det oppholdt seg flere personer i bygningen som lett kunne ha omkommet som
følge av brannen», heiter det i tiltalen.

Brann i loftetasje i Lille Damsgårdsvei i Bergen

UTBREND: Slik såg det ut i huset etter brannen. Fleire ulovlege leilegheiter blei oppdaga i etterkant.

Foto: Bergen brannvesen

Tiltalt for mordbrann

Mannen er tiltalt etter den såkalla mordbrannparagrafen. Den seier at den som er årsak til brann som lett kan medføra tap av menneskeliv, risikerer fengsel frå 2 til 21 år.

Det er altså ikkje noko krav om at nokon må ha mista livet for å bli sikta for mordbrannføresegnene.

I midten av mai tok førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen ut tiltale.

– Det er vanskeleg å seia noko om kor på straffeutmålingsskalaen denne saka ligg utan å førehandsprosedera. Men generelt sett ser me veldig alvorleg på saker med eldspåsetjing der liv kjem i fare, seier Stolt-Nielsen.

NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå forsvararen til mannen.

La seg i vegbanen og ropte om hjelp

25-åringen er tiltalt for sju tilfelle av brot på paragraf 187 i straffelova, falsk alarm.

I tidsrommet frå 2015 og fram til 21. juli 2019 har han ved ei rekke tilfelle gitt uriktige meldingar til politiet om ulukker eller straffbare handlingar.

Andre gongar har han lege tilsynelatande medvitslaus i vegbana slik at andre har ringt naudetatane.

Fleire gongar har det ført til unødvendige utrykkingar for naudetatane.

Hovudforhandlingane startar i Bergen tingrett 19. juni. Det er sett av tre dagar i retten.