– Her ser me resultatet av intensiv tømmertransport. Denne vegen er i praksis ikkje eigna til denne typen transport.
Seksjonsleiar John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune sit på kne med ein meterstokk på fylkesvegen Skauvegen ved Myking i skogbrukskommunen Alver.
Hjulspora i den oppsprokne asfalten er ni centimeter djupe.
– Dette er trafikkfarleg, slår han fast.
Til samanlikning skal riksvegar ha maksimalt 2,5 cm djupe hjulspor.
Ei ny kartlegging viser at om lag 20 prosent av fylkesvegane i Vestland har eit kritisk behov for forsterkingstiltak.
– Det svarer til strekninga Bergen – Oslo tur-retur. Å rusta opp dette vil kosta over 4 milliardar kroner, seier Jacobsen.
– Langt frå nok i NTP
Vestland er langt frå åleine om å ha dårlege fylkesvegar.
Regjeringa har i sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP) for dei neste tolv åra lova 16 milliardar kroner til drift og vedlikehald av fylkesvegane.
Fylka, Statens vegvesen og bilorganisasjonen NAF seier behovet eigentleg er opp mot 100 milliardar kroner.
Stortinget skal vedta NTP 12. juni.
– Pengane i NTP-forslaget er ei god byrjing, men langt frå nok. Når den mest akutte vegforsterkinga i Vestland fylke åleine kostar 4 milliardar kroner, fortel det noko om behovet, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).
Fylkesvegane i hans fylke har åleine eit vedlikehaldsetterslep på rundt 20 milliardar kroner.
– Dette er viktige kvardagsvegar. Dei er viktige som skule- og pendlarveg og for all næringstransport, ikkje berre for tømmernæringa, seier han.
Noregs største hogst
Skauvegen i Alver går i eit område med omfattande skogsdrift. I november starta Børslid Skog AS hogst i dei såkalla Munck-skogane, som vart planta på 1950- og 60-talet.
Totalt skal det hoggast opp mot 60.000 kubikkmeter gran.
– Dette er den største enkelthogsten på Vestlandet nokosinne, og den er ekstremt stor i nasjonal samanheng, seier Helge Kårstad, prosjektleiar i Kystskogbruket.
Nortømmer AS, som utfører hogsten for Børslid, har aldri hatt ein større enkeltståande tømmerhogst i selskapets 25-årige historie. Det stadfestar dagleg leiar Per Kveseth.
Heller ikkje i samvirkeselskapet Norges skogeierforbund kjenner dei til om nokon skogeigar andre stader i landet har hatt ein større enkelthogst.
For å bidra til effektiv tømmertransport, auka Vestland fylkeskommune i fjor grensa for kor store køyretøy som kunne køyra på Skauvegen.
Nektar tømmerbilane å køyre
Men denne våren er det oppdaga svære skadar i vegfundamentet.
No nektar Vestland fylkeskommune derfor tømmerbilane å køyra her, så hogsten har blitt stoppa om lag halvvegs.
– Me er bekymra for om fylkesvegane toler denne transporten. Det må gjennomførast tiltak før transporten kan takast opp att, seier Jacobsen.
Nødvendig utbetring av Skauvegen og Mykingvegen vil kosta over 10 millionar kroner.
– Dette er midlar som me ikkje har på budsjettet for i år.
Han meiner kontrasten mellom private skogsbilvegar og offentlege fylkesvegar er paradoksal.
– Ikkje tømmerbilane si skuld
Men Kårstad er ueinig i at tømmerbilane er hovudårsaka til skadde fylkesvegar.
– Dette er gamle vegar som er bygde i ei anna tid. Berelagsmassane er svake. I vinter har frost gitt veldig mykje telehiv og humpar overalt. Det er ikkje aktiviteten til skogbruket som har ført til det, seier han.
Kårstad vedgår likevel at tung tømmertransport på vegar med telehiv kan ha forverra vegtilstanden.
– Då blir det store, permanente skadar på vegen. Og det berre aukar på etter kvart som vatnet trenger meir og meir inn. Men skal ein løysa problemet med sprekkdanning, må ein gjera noko med undergrunnen i vegen.
Aukande tømmertransport på dårlege vegar
Tømmeret frå mellom anna Munck-skogane blir køyrt ned til Eidsnes tømmerkai. Derifrå blir det frakta til sjøs.
Dei mange enorme haugane med granstokkar på kaien viser at den internasjonale etterspørselen er svær. Og tømmerproduksjonen er venta å auka i minst 20 år til.
Tømmerproduksjonen i Vestland skal etter planen doblast til 1 million kubikkmeter. Det svarar til 10 prosent av den samla norske hogsten i dag.
– Det er meir og meir skog som blir hogstmoden og skal transporterast ut på det offentlege vegnettet. Fylkesvegane er ikkje eigna til dette, meiner Jacobsen.
Fryktar hogst-stopp
Kårstad fryktar at konsekvensen blir at verdifullt tømmer ikkje kan hoggast.
– Alternativet er at bilane må setta tilhengaren frå seg og køyra fram og tilbake 8-9 gonger for å fylla eitt lass. Men då blir belastninga på vegane endå større, for akseltrykket framme på bilane er stort, seier han.
– Ein er nøydd til å gjera noko. Derfor er det nesten som ein draum at fylkeskommunen vil setta av midlar for å utbetra dei verste punkta på fylkesvegane, seier Kårstad.
Her ser du NRK sine saker om Nasjonal Transportplan .