Hopp til innhold

Vurderer spansk modell på regionale flyruter

Budsjettet er meir enn dobla, men den ønska effekten er ikkje oppnådd. No skal regjeringa vurdere «bebuarrabatt» på flyrutene til distrikta.

Florø lufthamn

STATSSTØTTA FLYRUTER: Widerøe og Danish Air Transport (DAT) vann anbodet for dagens FOT-ruter.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Dei såkalla FOT-rutene er statsstøtta flyruter til og frå distrikta. 1. april halverte regjeringa maksprisen på flybillettane, la til to nye ruter og auka setekapasiteten.

No vil regjeringa vidareutvikle tilbodet og ser på moglegheiter for ein såkalla «bebuarrabatt».

– Vi har styrka tilbodet. Samtidig så ser vi at det ikkje nødvendigvis dekker alle behova som er rundt omkring i distrikta, seier Bent-Joacim Bentzen, statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Ber regjeringa «ta ein spansk ein» Fra 1. april halveres flyprisene – så billig blir det å fly til Lofoten

Rambergstranda Vinter Lofoten

Vurderer «bebuarrabatt»

Bent Joachim Bentzen smiler inn i kamera med sola i ansiktet. I bakgrunnen kan man se berg.

Statssekretær Bent-Joacim Bentzen seier ordninga med FOT-ruter skal under lupa.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Ein av hovudtilbakemeldingane er at enkelte flyavgangar er veldig populære og raskt fylt opp.

Ein av dei som uttrykte bekymring var Lofoten-ordførar Jonny Finstad (H).

– Vi er redde for gnissingar mellom lokalbefolkning og turistar, dersom innbyggjarane føler seg fortrengt på flya, sa han då maksprisane vart halverte i april.

Det er ei tilbakemelding regjeringa har teke til seg. Med lågare maksimalprisar, blir rimelegare flybillettar på ugunstige tidspunkt mindre effektfullt.

Difor ser no regjeringa mot Spania, der fastbuande på Gran Canaria kan få billetten subsidiert av staten. Moglegheitene for ein slik modell skal også greiast ut for Noreg.

Bentzen ser likevel potensielle utfordringar.

– Viss ein serviceteknikar som bur i Oslo skal til Sogndal på oppdrag, så må kanskje den personen betale meir. Ein slik konsekvens kan mellom anna ha negativ innverknad på turisme og næringsliv.

Les også Vil at staten skal sponse flybillettene til nordlendingene

Flypassasjerer går om bord i et Widerøe-fly på Harstad/Narvik lufthavn, Evenes.

Håpar på fleire avgangar frå Florø

I Florø har dei fått tilbake FOT-rute-tilbodet mellom Florø og Oslo, etter ein lang kamp frå både kommune og næringsliv.

Bengt Solheim-Olsen (H)

Ordførar i Kinn, Bengt Solheim-Olsen, skulle helst hatt fleire subsidierte flyruter frå Florø.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Her er ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) nøgd med at FOT-rutene skal under lupa.

Ordføraren trur etterspurnaden etter billettane går kraftig opp no som prisane er lågare. Då håpar han på fleire avgangar.

– Vi trenger fleire avgangar eller sokalla rundturar Florø-Oslo enn det som er lagt opp til i dag, seier han.

Nord-Noreg har flest FOT-ruter. Der har dei nye prisane har fått uheldige enkelte stader, med mykje dyrare billetter.

Les også Regjeringen halverte flyprisene: Nå er familiens flybilletter blitt 13.000 kr dyrere

Kathrine Fjelleng Mikalsen og Christoffer Robin Jensen

Ei spansk ordning kan vere løysinga, meiner Ap og Høgre i Finnmark.

Regiondirektør i NHO Arktis, Sigrid Ina Simonsen, seier gjennomgangen til regjeringa er eit steg i rett retning.

– Samstundes må ikkje utgreiinga bli ei sovepute. Kortbanenettet er hovudpulsåra i nord. Blir den strupt, får det følgjer for all aktivitet og ikkje berre for næringslivet, seier Simonsen.

Ser ikkje ønskt effekt

Med det nye flyrutetilbodet har staten auka det årlege budsjettet frå 900 millionar kroner til 2,4 milliardar kroner frå 2025.

– Når vi aukar beløpet så mykje, og ikkje ser den effekten som vi veldig gjerne skulle ynskje, så trur eg vi er nøydde til å sjå på innretninga, seier statssekretær Bentzen.

Regjeringa har ikkje sett eksakt dato for utgreiingsarbeidet som no skal i gang, men seier målet er å ha utgreiinga som utgangspunkt for neste kontraktsperiode.

Det kan likevel bli naudsynt med tiltak i inneverande anbod.

Etter implementering av det nye tilbodet har regjeringa fått fleire tilbakemeldingar frå ulike hald. No skal dei sjå nærare på korleis tilbodet kan optimaliserast.

Mange gode tilbakemeldingar

Sjølv om regjeringa har fått mange tilbakemeldingar om utfordringar, har dei i all hovudsak fått positive reaksjonar på tiltaka som blei sett i verk 1. april.

I Gloppen kommune meiner ordførar Arnar Kvernevik at behovet er godt dekka på Sandane lufthamn.

Han har likevel lagt merke til at det har vore større misnøye andre stadar, blant anna i Nord-Noreg, og set pris på at regjeringa vil sjå nærare på ordninga.

Vi er glad for at regjeringa har den overordna interessa til å gi eit best mogleg tilbod til oss som bur i distrikta.