5. februar køyrde ein ambulanse på denne vegen. Rett bak låg ein politibil.

Reisa hadde vart i sju timar.

Anne Kari med pappegøye

Anne Kari Tryggvason hadde forsøkt å ta livet sitt ni gongar dei siste fem vekene.

Anne Karis garage

No meinte helsevesenet at ho kunne vere åleine i heimen.

Halvøyen Salt på Stadt

Kvinna som vart sendt heim

Køyrd heim med politieskorte etter ni sjølvmordsforsøk

Marius Wesenberg gjekk nervøst fram og tilbake på kontoret i Bergen. Det var 16. februar og ute var det bikkjekaldt. Den 40 år gamle advokaten fekk ikkje tak i klienten sin.

Dei hadde hatt kontakt nesten kvar dag i det siste.

Frå kontoret i Bergen ringde han politiet. Dei lova å reise ut og sjå etter Anne Kari.

«Aldri før har eg opplevd ein klient som har vore så sjuk og fått så lite hjelp», skreiv han seinare i ein e-post til politiet.

Dette er forteljinga om Anne Kari.

Ho var sjuk det meste av sitt vaksne liv, men ville ikkje på sjukehus.

Historia hennar nådde ikkje overskriftene eller direktesendingane i media.

Trass væpna politi og ein gisselaksjon.

Trass i at ho fem veker i strekk vart transportert mellom tre ulike sjukehus og fengsel.

Og trass i at ho etter ni sjølvmordsforsøk på 37 dagar vart køyrd heim med politieskorte, og etterlaten åleine.

Anne Kari kan ikkje fortelje si eiga historie.

Ho var for sjuk for fengsel, men for frisk for tvangsbehandling.

Kva skjedde eigentleg?

Huset mot storhavet

Anne Kari budde i eit lite lyst hus med skifertak og grøne stakittgjerde. Her på halvøya Salt ved Stadhavet, nord på Vestlandet, hadde ho ein heim i lag med dyra sine.

Anne Kari gledde seg til å flytte hit. Til å stelle med katten, hunden og papegøyane ho hadde med seg.

Til å gå små turar heilt ute ved Stadhavet.

Anne Karis katt

Saman med dyra og handarbeidet, søkte ho fred frå angsten og dei vonde tankane.

Men alt etter ein månad måtte politiet rykke ut for å hjelpe henne. Det handla om stadige sjølvmordsforsøk og sjølvskading.

I alt hadde politiet 31 oppdrag knytt til Anne Kari på litt over eitt år.

Helsevesenet hadde truleg endå fleire.

I periodar var ho lagt inn på psykiatrisk sjukehus, men ho ville alltid tilbake til dyra. Heim.

Der var kommunen på døra med medisinar, og tok henne med på turar.

Likevel meinte politiet situasjonen var så alvorleg at dei varsla fylkeslegen.

Også naboane var bekymra. Dei såg at Anne Kari ikkje hadde det bra.

Sjukdommen som ikkje ville sleppe taket

I Sandnessjøen i Nordland sit storesøster Ragnhild Tryggvason og blar i eit album. Bileta viser ein glad familie på fjelltur.

Då ho vart vaksen, stod Anne Kari fram med forteljinga si i lokalavisa. Ho ville ha meir openheit i psykiatrien.

Avisutklipp med Anne Kari Tryggvason i Helgelands Blad november 2008. Biletet er svart-kvitt.

VILLE HJELPE ANDRE: I november 2008 fortalde Anne Kari Tryggvason om dei psykiske utfordringane sine i Helgelands Blad.

Foto: Bård Siem / NRK

Anne Kari vaks opp i Ørsta på Sunnmøre og i Leirfjord i Nordland. I 2017 flytta ho frå Leirfjord til Selje i Stad kommune. Ho hadde fjerne slektningar der og gode ferieminne frå oppveksten.

– Eg var skeptisk då ho flytta sørover. Då ho var nær familien hadde vi meir kontakt, og kunne hjelpe til då det vart vanskeleg, seier søstera.

Dei siste par månadene av livet var prega av sjukdom.

– Ho forstod at ho kunne påverke oss negativt då ho var veldig sjuk. Difor kutta ho i periodar all kontakt, fortel Ragnhild.

Gisselaksjonen i romjula

30. desember 2020: Snart skulle rakettar lyse opp himmelen. Men i det vesle huset var det ingen lyspunkt.

Sjukepleiaren som kom hadde kjent Anne Kari nokre månader. Dei brukte å vere saman tre timar i veka.

Vesle julaftan hadde dei køyrt ein lang tur til den vakre surfestranda Hoddevika og prata. Lagt planar for tida framover.

Men no var sjukepleiaren bekymra. Anne Kari hadde svart kort på meldinga ho sende. Då Anne Kari var dårleg, vart det ofte vanskeleg.

Små ting kunne setje i gang store reaksjonar.

Denne dagen vart det ein krangel om hundemat. Anne Kari ville at sjukepleiaren skulle ordne opp.

Då det ikkje var så enkelt, kasta Anne Kari knivar i veggen, trua med å skade seg sjølv og nekta sjukepleiaren å forlate huset.

I nesten to timar var sjukepleiaren inne i huset med Anne Kari. Medan ho ringde for å skaffe rett hundemat, fekk ho i skjul varsla politiet via SMS. Dei oppfatta det som ein pågåande gisselsituasjon.

Då Anne Kari forstod at politiet var på veg, vart ho sint, men lèt sjukepleiaren forlate huset.

– Det er vondt å tenkje på at ho hadde det så vanskeleg, seier sjukepleiaren.

Ho legg til at ho har tilgitt Anne Kari.

I lang tid prøvde politiet å få henne til å kome ut. Men ho stolte ikkje på politiet og nekta.

Etter nesten seks timar braut politiet opp døra.

Inne fann dei Anne Kari sovande.

– Slik vi kjenner ho ville ho aldri ha skada andre. Ho ville berre skade seg sjølv, seier storesøster Ragnhild.

Anne Kari vart pågripen og køyrd til legevakta. Ho måtte forlate dyra som betydde så mykje for henne. Hunden, katten, papegøyane og endene i kjellaren.

Det skulle ta nesten fem veker før ho kom heim att.

Politiaksjon salt Stad

GISSELAKSJON: Politiet sperra av nabolaget i samband med politiaksjonen på Salt i romjula 2020.

Foto: Privat

Kasteball mellom fengsel og sjukehus

Anne Kari vart seinare på kvelden transportert til psykiatrisk avdeling ved sjukehuset i Førde.

Overlegen i Førde meinte det ikkje var grunnlag for å tvangsinnlegge.

Nyttårsaftan gjekk turen vidare til Bergen der ho skulle framstillast for varetektsfengsling.

På veg dit prøvde ho å ta sitt eige liv i politibilen.

I politiavhøyr forklarte sjukepleiaren at ho trudde Anne Kari ikkje ville treffe henne med knivane ho kasta. Også Anne Kari sjølv forklarte at ho ikkje ville skade nokon andre enn seg sjølv.

Likevel meinte retten det var naudsynt å fengsle Anne Kari for å hindre ho i å gjere nye straffbare handlingar.

Retten meinte også at ho ikkje fekk eit tilfredsstillande tilbod utanfor fengselet.

Avgjerda vart tatt trass i at retten sa at «framleis varetektsfengsling vil kunne forverre den sikta si psykiske helse».

Fengselssjef slår alarm

Det gjekk ikkje lang tid før Anne Kari prøvde å ta sitt eige liv i fengselet.

Forsterka celle i Bergen fengsel

LÅST INNE HER: Forsterka celle for fangane som står i fare for å skade seg sjølve eller andre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ho vart flytta over i ei forsterka celle der lampene var av glas ho ikkje kunne knuse. Pleddet var rivesikkert. I denne cella blir dei innsette sette til kvart femtande minutt.

Fengselsleiar Harald Åsaune meiner Anne Kari var så sjuk at ho ikkje burde vore i fengsel.

– Det er eit paradoks at alvorleg psykisk sjuke ikkje vert tvangsinnlagde i psykiatrien når dei opplever sterkare tvang i fengsel, seier han.

– Vi ser at dei vert sjukare, legg han til.

ddd

KRITISK: Fengselsleiar Harald Åsaune i Bergen fengsel.

Foto: NRK

Bergen fengsel skreiv ei bekymringsmelding til Helsetilsynet fordi dei meinte dei ikkje kunne gi henne forsvarleg helsehjelp.

Ho svarte ja på alle spørsmåla om sjølvskading og hevda at ho ønska å ta livet sitt.

Bergen fengsel

I 37 dagar vart Anne Kari transportert fram og tilbake mellom Bergen Fengsel, Haukeland sjukehus, Sandviken sjukehus og sjukehuset i Førde.

– Vi ser ofte at dei sjukaste dessverre blir kasteballar mellom institusjonane, seier fengselsleiaren.

Berre på få dagar i midten av januar vart ho flytta sju gongar mellom ulike institusjonar.

Bergen fengsel

10. januar hadde ho fleire sjølvmordsforsøk i Bergen fengsel

Ho vart flytta over til ei forsterka celle på grunn av alvorleg sjølvskading.

Neste dag vart ho først frakta til legevakt, så vidare til Sandviken sjukehus der ho vart tvangsinnlagt.

Seinare same dag blir ho frakta vidare til Haukeland sjukehus for behandling etter sjølvskading.

Neste morgon vart ho frakta tre timar vidare til psykiatrisk avdeling i Førde. Der vart det slått fast at det likevel ikkje var grunnlag for tvangsinnlegging.

Tre dager seinare vart Anne Kari frakta tilbake til Bergen fengsel.

Same dag vart ho sendt vidare til Haukeland sjukehus etter alvorleg sjølvskading.

Dagen etter vart ho transportert tilbake til Bergen fengsel

Sandviken sjukehus ville tvangsinnlegge Anne Kari, men meinte ho høyrde heime i Førde.

Der vurderte psykiatrisk avdeling at det ikkje var grunnlag for tvangsinnlegging og sende henne tilbake til fengsel.

Søstera til Anne Kari visste ingenting om dette.

– Vi trudde ho var innlagt, slik ho burde ha vore, seier ho.

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at bruken av tvangsbehandling i stor grad vert påverka av kvar du bur i landet.

Ingen brukar mindre tvang enn Sogn og Fjordane, der Anne Kari budde.

Bur du til dømes i Bergen eller Oslo, er sjansen for å verte tvangsinnlagd to og ein halv gongar større.

Helse Førde seier dei er kjende med forskjellane i tvangsbruk. Men seier dei ikkje har noko godt svar på kvifor det er sånn.

Trong både sjukebil og politibil

5. februar, tre dagar etter siste sjølvmordsforsøket, var opphaldet i fengsel over.

Anne Kari ville heim. Til huset sitt og dyra sine.

Trass sjølvmordsforsøka og sjølvskadinga, konkluderte helsevesenet med at pasienten kunne reise.

Sjølv om helsetilstanden hennar var så dårleg at den sju timar lange turen kravde ambulanse. Med politieskorte.

Den einsame slutten i det vesle huset

Det snødekte inngangspartiet kom til syne i lysa frå ambulansen. Den kalde lufta slo imot Anne Kari på veg ut av bilen.

Det var 10 kuldegrader, stjerneklårt og vind frå havgapet.

Politi- og ambulansefolka hjelpte henne inn i huset.

Anne Kari hadde forstått det slik at dyra skulle vere der når ho kom heim. Ho hadde legeattest på at dyra var viktige for helsa hennar.

Men huset var tomt og kjæledyra borte. Anne Kari fekk vite at dei vart passa av dyrevernet, at det var best slik fram til ho vart friskare.

– Eg trur ho må ha vore veldig sliten og redd, seier søstera Ragnhild.

Så drog ambulansearbeidarane og politibetjentane.

Garasjen på Salt ved huset der Anne Kari tok livet sitt.

VART LEVERT HIT: Ved denne grøne garasjen stoppa sjukebilen med Anne Kari Tryggvason den 5. februar i år.

Foto: Bård Siem / NRK

Advokaten frykta det verste

Elleve dagar seinare ante advokat Marius Wesenberg uråd. Han ringde politiet, og snart var to betjentar framme ved det lyse huset.

Dei banka på, men utan å få respons. Sidan døra var låst, måtte dei knuse eit vindauge for å kome seg inn. Dei gjekk inn gjennom gangen og inn i stova.

Der låg Anne Kari død.

Obduksjonsrapporten viste ein overdose medisin.

Dette er ei veldig trist sak og det har vore tungt å oppleve at ein så sjuk person ikkje har fått betre hjelp.

Politiadvokat Inger Helen Stenevik

Advokat Wesenberg kjende på sinne og sorg.

«Anne Kari må ha lidd kraftig», skreiv han mellom anna til politiet.

For kva hjelp fekk eigentleg Anne Kari dei elleve dagane etter at politiet og ambulansepersonellet forlét henne?

Vart beden om å reise til lege

Då Anne Kari kom heim, var det eit kommunalt ansvar å hjelpe henne.

Stad kommune skriv i ein e-post til NRK at dei var førebudde på at Anne Kari skulle kome tilbake til heimen. Dei hadde eit møte for å planleggje tilbodet. Og dei hadde kontakt med Anne Kari etter at ho kom heim.

Kommunedirektør Aslaug Krogsæter skriv:

«Ho fekk tilbod om hjelp og oppfølging, men ho tok ikkje imot hjelpa på dei premissane som var lagde».

Anne Kari vart beden om å kome til eit legesenter, noko ho nekta.

Dermed fekk ho heller ikkje tilgang til den viktige medisinen sin.

Det har no gått mange månader sidan Anne Kari gjekk bort, men advokat Marius Wesenberg greier ikkje å legge saka frå seg.

– Det er ikkje mindre enn skandaløst at ho reelt sett vart overlaten til seg sjølv etter at ho kom heim, seier han.

– Tvang kan vere omsorg

På eit kontor i Oslo vrir ein av nestorane i norsk psykiatri seg i stolen når ho får høyre historia om Anne Kari.

Randi Rosenqvist har leia Den rettsmedisinske kommisjonen og er æresmedlem i Norsk psykiatrisk foreining.

Ho har aldri høyrt om at politiet blir brukt til å sende alvorleg sjuke pasientar heim og lurer på kva som har skjedd her.

Rosenqvist meiner det burde vore større rom for å gje omsorg til personar som Anne Kari.

– Når ein er veldig sjuk, kan det vere at du ikkje veit ditt eige beste. Tvangsbehandling kan vere omsorg, seier ho.

Randi Rosenqvist, spesialist i psykiatri.

KRITISK: Ein av nestorane innan norsk psykiatri, Randi Rosenqvist, meiner tvangsbehandling kan vere omsorg og redde livet til dei aller sjukaste.

Foto: Christian Zielger Remme / NRK

Lova om psykisk helsevern vart endra i 2017. Då fekk pasientar større moglegheit til å seie nei til behandling.

Bakgrunnen for lovendringa var at Noreg brukte meir tvang enn mange andre land. I tillegg kom det fram sterke historier i media om ulovleg bruk av tvang.

Men justeringa har vore omstridd, og debatten fekk nytt liv etter drapa på Kongsberg og hendinga på Bislett der ein mann dømt til tvungent psykisk helsevern var ute på permisjon.

– Høgare terskel for tvangsbruk kombinert med langt færre senger i psykiatrien gjer at tilbodet til dei aller sjukaste vert dårlegare, seier Rosenqvist.

I 1973 var det nær 14.000 senger i norsk psykiatri. No er det om lag 3300 igjen.

Frå 2016 til 2020 auka psykiatrioppdraga som politiet måtte rykke ut på frå 37.130 til 53.219.

– Mange er for friske for helsevesenet, men for sjuke for fengsel. Liv kunne vore redda viss det hadde vore meir moglegheit for tvang, seier Arne Johannessen, som er politisjef i Sogn og Fjordane.

Jussprofessor Bjørn Henning Østenstad leia arbeidet med å gå gjennom lovverket for tvang.

Utvalet leverte ein rapport i 2019, men politikarane har ikkje klart å bestemme seg for om lova skal endrast. Han meiner kravet om meir tvang blir for enkelt.

– Vi har dei nødvendige reglane for tvang for å gripe inn, men samstundes kan vi ikkje ønske eller halde innesperra alle som har sjølvmordstankar.

Problemet meiner han er eit utydeleg og oppsplitta regelverk, som skapar ansvarsfråskriving i helsevesenet.

– Eg trur ikkje det er noko anna samfunnsområde der vi vil akseptere ei så dårleg lovgiving som vi har på tvangsfeltet i dag.

Familien vil vite

Det er tysdag 2. mars 2021. Snøen har byrja å smelte ved det lyse huset i Stad. Vårblomane tittar fram ved den grøne garasjen.

Søstera til Anne Kari, Ragnhild Tryggvason, har reist den lange vegen frå Sandnessjøen i Nordland.

Med skrujarn bryt ho opp inngangsdøra som er sperra med ein brei planke.

Sakte går ho gjennom kjøkkenet og stova. Lengst inne står ei spinkel seng.

– Siste gongen eg snakka med Anne Kari på telefon var sju veker før ho døydde. Seinare var det umogleg å få kontakt, seier ho.

Ragnhild fortel at dei ønskjer svar på kvifor Anne Kari ikkje vart lagd inn med tvang.

– Ho burde hatt langvarig behandling til ho vart betre. Det er det liten tvil om.

Håpet hennar er at historia til søstera skal gjere at helsetilbodet til dei sjukaste vert betre.

– Om hennar historie berre kan hjelpe éin, så ville ho ønskt det skulle kome fram.

Frå gravferda til Anne Kari Tryggvason.

EIT SISTE FARVEL: Anne Kari Tryggvason vart gravlagt i Sandnessjøen kyrkje.

Foto: Ragnhild Tryggvason

Beklagar djupt

Fylkeslegen i Vestland har oppretta tilsynssak mot fengselshelsetenesta i Bergen. Saka er ikkje ferdig behandla og fylkeslegen vil difor ikkje kommentere denne.

Fylkeslegen har og gjennomført ei tilsynssak mot fastlegen som gjaldt tilhøve før gisselaksjonen i romjula i fjor. Saka vart avslutta utan kritikk, men tilbodet til Anne Kari frå kommune og fastlege etter at ho kom heim frå fengselet er ikkje vurdert i denne saka. Men fylkeslegen opplyser at det kan òg bli aktuelt å sjå nærare på den helsehjelpa ho fekk dei siste elleve dagane av livet.

Helse Førde beklagar djupt det tragiske utfallet saka fekk og seier dei har stor forståing for pårørande sin frustrasjon.

Også Helse Bergen beklagar sterkt det tragiske utfallet.

Dei vil ikkje gå inn i kva vurderingar som vart gjort medan Fylkeslegen i Vestland granskar saka.

Familien til Anne Kari har oppheva teieplikta og gitt oss innsyn i dokument frå politi og helsevesen. Vi har prata med politi, advokat, tilsette i kommunen, leiinga i fengselet, familien og naboar. Berre helsevesenet ønskjer ikkje å la seg intervjue om saka.

Vi gjer merksam på at journalist Bård Siem er trulova med nestleiar i styret i Helse Vest, som er det regionale helseføretaket som eig Helse Førde og Helse Bergen.

Hei!

Har du tankar om det du har lest i denne saka, eller treng du nokon å snakke med? Du kan nå Mental Helse på hjelpetelefonen 116 123. Kanskje er fastlegen den nærmaste å ta kontakt med.

Vi i NRK tek mot tips og innspel til denne saka, og til saker som du meiner vi bør jobbe vidare med. Send oss gjerne ein e-post!