Hopp til innhold
Kronikk

Gi folket fisken tilbake!

Trålreiaranes ran av Kyst-Noreg må stoppast.

Sjarkfiske ved Ingøy

Det er kystfiskarane som utgjer sjølve basen i fiskeriet, og fiskeriet utgjer sjølve basen i deira samfunn. Det er på tide at kystfiskarane blir høyrd av politikarane, skriv forfattaren. Bildet er frå sjarkfiske ved Ingøy i Finnmark tidlegare i år.

Foto: Allan Klo

Fisken tilhøyrar folket, dette har blitt prenta inn heilt sidan vi var små. Framleis er dette hovudbodskapen til kvar ein politikar som ønsker å gjennomføre reformer i fiskeriet: Verdiane frå fiskeriet skal gå det norske folk til gode. Samstundes blir kvotane samla på færre og færre hender, og stadig fleire landanlegg langs kysten blir langt ned. Og vi er nøydde til å spørje oss. Er fiskeressursane framleis eigd av det norske folk?

Privatiseringa av havet

Hovudlinjene i den norske fiskeripolitikken har vore bygd på tanken om at fisken i havet er ein fellesressurs som er eigd av det norske folk og ikkje kan eigast av enkeltpersonar eller selskap. Likevel er den politiske prosessen ved å privatisere havressursane ikkje ny. Eit stort skifte tok stad i 1990 ved lukkinga av allmenningen. Dette førte til at det ikkje lengre var plass til alle i næringa, og mange mista retten til å hauste av havet.

Samtidig starta Norway Seafoods AS, eigd av Kjell-Inge Røkke og Bjørn-Rune Gjelsten, oppkjøp av mange konkursramma fiskeindustrianlegg langs kysten. Fleire av desse eigde eigne trålarar, og for å sikre at råstoffet frå desse gjekk til det aktuelle landanlegg eller lokalsamfunnet, påla Fiskeridepartementet dei ei leveringsplikt.

Leveringsplikten som blei borte

Mange frykta allereie på denne tida at Røkke ville føre fisken ut av Nord-Norge. Trålarane har hatt rett til å fiske nettopp mot at dei sikra råstofftilførsel året rundt. Slik har trålarane først og fremst hatt tilgang på sine kvotar for å oppfylle ei samfunnsrolle.

Saman med at leveringsplikta vart gjort om til tilbodsplikt i 2003 og ei stor utvikling i teknologien av transport og fryselager har fisken i større grad blir sendt ut av landet for tilarbeiding. Den fryste fisken frå trålarane er ikkje lønnsam for landanlegga, som passar bra for trålreiarane som tener mest på å selje fisken ut av landet.

Lokalsamfunna sitt att med svært lite av verdien.

Pliktene har i stor grad blitt uthula og det er no sendt ut forslag frå fiskeriministeren om å avvikle pliktene fullstendig. Det folket langs kysten frykta kan kome i oppfyllelse. Fisken blir sendt til tilarbeiding dit det er billigast og lokalsamfunna sitt att med svært lite av verdien.

Må ta kystopprøret på alvor

Dei siste vekene har fiskeriminister Per Sandberg reist på friartokt i nord for å få kystsamfunna med på laget om å avvikle pliktene til trålarane. Samtidig melder NTB at fiskeriministeren ikkje vil få fleirtal på Stortinget i sitt forslag om avvikling av pliktsystemet. Blant fiskarane har han heller ikkje fleirtal. Likevel insisterer Sandberg på å fortsette si reise for å overtale fiskarane om at han kjempar deira sak.

Sandberg har gitt inntrykk av at han kjenner til gangen i fiskeriet betre enn fiskarane. Kystopprøret talar for seg sjølv. Fiskarane og folket langs kysten ønsker kontrollen over fiskeriressursane tilbake.

Ved å fjerne pliktene vil Sandberg fullføre Røkke sin profeti om eit fiskeri styrt av marknadskreftene, heller enn eit fiskeri som kjem naturen og kysten til gode. Dette er ikkje ei handling for folket, men ei handling som gir reiarar og kapitakrefter kontroll over våre fiskeriressursar. Er det ein ting som er sikkert: desse kreftene arbeider ikkje for folkets beste, men fører verdiane frå fisken opp til eliten.

Kvotane samlar seg hos nokre få ressurssterke reiarar.

Færre og større aktørar

Den frie marknaden er i større grad ideologi enn praksis, som forkynner store einingar, effektivisering og rasjonalisering. Ved eit frislepp av fiskekvotar kor kapitalen avgjer kven som kan fiske blir profitt først og fremst drivkrafta, heller enn å utspelte sin funksjon i samfunnet eller ta omsyn til kva slags overskot naturen toler at vi haustar frå den.

I praksis vil dette bety at kvotane samlar seg hos nokre få ressurssterke reiarar, og at fisken blir sendt til tilarbeiding dit det er billigast. Tilbake i Noreg vil det stå sjarkar utan fiskarar, landanlegg utan fisk og arbeid, og etter kvart lokalsamfunn som står att på gyngande grunn, etter at grunnsteinen i deira eksistens er dratt vekk under dei.

Sats på kystfiskarane

Fiskeriet er ein av våre mest miljøvenlege næringar, dersom vi forvaltar det riktig. Eit fiskeri som består av store båtar som aktivt fangar fisken før dei sender den til Aust-Europa eller Kina for tilarbeiding er ikkje berekraftig forvaltning, verken når det er snakk om arbeidsplassar, lokalsamfunn eller miljøet.

Tilbake i Noreg vil det stå sjarkar utan fiskarar og landanlegg utan fisk og arbeid.

Det er kystfiskarane som skapar flest arbeidsplassar. Det er også denne plattforma som rekrutterar flest unge fiskarar. Politikken som ulike regjeringar har ført dei siste åra viser at dei har null forståing for korleis ein forvaltar fiskeriet mest høveleg.

Det er tydeleg at profitt har gått framfor arbeidsplassar og berekraft. Der store delar av verdien frå fangsten går til få trålarreidarar, i staden for folket langs kysten.

Det er kystfiskarane som utgjer sjølve basen i fiskeriet, slik som fiskeriet utgjer sjølve basen i deira samfunn. Det er på tide at kystfiskarane blir høyrd av politikarane, og ikkje få trålreiarar som først og fremst styrer for eigen vinning.

Trålreiarar som har gjort havet til ei vare ein kan kjøpe og selje, ved hjelp av lett påvirkelige politikarar.

Det må bli slutt på trålreiarane sitt ran av kysten, folket må få kontrollen over fiskeriressursane tilbake.

Følg NRK Debatt på Facebook og Twitter