På toppen: På toppen av dette, avlyste dei den 26. konsesjonsrunden på norsk sokkel, noko som igjen får store konsekvensar for heile leverandørindustrien langs kysten.

Kven rana eigentleg kysten?

Om Bergstø verkeleg ynskjer å sjå korleis kysten vert rana, er det ei god byrjing i å sjå seg sjølv i spegelen.

Nyvald SV-leiar Kirsti Bergstø valde i helga å gå til verbalt frontangrep på Kjell Inge Røkke.

– Røkke rana kysten og stakk til Sveits. Han kan ryka og reisa for min del, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Bergstø verkeleg ynskjer å sjå korleis kysten vert rana, er det ei god byrjing i å sjå seg sjølv i spegelen.

Det siste året har SV saman med Ap/Sp-regjeringa pålagt familieeigde oppdrettarar auka formueskatt, dei har innført grunnrenteskatt på havbruk, dei har tappa kraftselskap og kraftkommunar til fordel for Finansdepartementet, og dei har vist liten vilje til å gje straumstøtte til næringslivet.

Dette trass i at Staten har henta inn større inntekter på energiproduksjon enn nokon gong før. På toppen av det, avlyste dei den 26. konsesjonsrunden på norsk sokkel, noko som igjen får store konsekvensar for heile leverandørindustrien langs kysten.

Resultatet av dette veit vi. Titals av milliardar i viktige investeringar er sette på vent eller avlyste, gründerar og eigarar av viktige hjørnesteinsbedrifter er drivne ut av landet. Private bedriftseigarar som har skapt verdiar, arbeidsplassar og bulyst langs kysten, har regjeringa og SV bestemt seg for å gå til angrep på. Dei skal «tas» er omkvedet hos SV sine nære politiske allierte i LO.

Dette er ikkje lenger retorikk eller politisk usemje mellom fløyar i politikken, det er faktisk ein kamp for i det heile tatt å overleva for mange bedrifter og lokalsamfunn. Vi opplever no ein gigantisk sentralisering av verdiskaping, kapital og makt frå kysten til det sentrale austlandsområdet.

Næringslivet lang kysten kan ikkje sitje i ro og sjå på dette. Difor har dei no gått i spissen for eit Vestlandsopprør, med hovudlansering i Ålesund 20. mars. Hovudfokuset er den urimeleg formuesskatten som berre råkar norske bedriftseigarar. Denne gongen er det næringslivet som tek initiativ til opprøret.

Sist det var vestlandsopprør i 2011, kom initiativet frå Fremskrittspartiet sine fylkeslag langs vestlandskysten. Årsaka den gong var den same som no. Under Ap-, Sp- og SV-regjeringa frå 2005-13 auka Oslo-dominansen, næringslivet fekk auka skattar, det vart etablert ei NEI-haldning i arealpolitikken og samferdsleprosjekt her vest vart nedprioritert.

Ved Stortingsvalet 2013 bidrog Vestlandsopprøret til regjeringsskifte og vi fekk Frp/H i regjering etter åtte år med raudgrønt fleirtal. Denne gongen gjekk det ikkje meir enn 1 ½ år før opprøret var ein realitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I realiteten er desse «rikingane», som Bergstø ber «ryka og reisa», heltar i samfunnet. Det er desse entreprenørane og samfunnsbyggarane som skapar private arbeidsplassar, inntekter til fellesskapet og framtidstru langs kysten.

No ser dei ikkje annan råd enn å forlata fedrelandet og lokalsamfunna sine. Alternativet Ap, Sp og SV gjer dei, er å tappa bedriftene for eigenkapital, innovasjonskraft og investeringsevne. Alt berre for å kunna betala ein stadig høgare formuesskatt. Ein skatt som berre råkar norske eigarar i næringslivet. Utanlandske eigarar betalar som kjent ikkje ei krone i formuesskatt.

Det er grovt urettferdig, og på lang sikt ei katastrofe for inovasjon, verdiskaping, lokalt eigarskap og lønsame arbeidsplassar i distrikts-Norge. Fremskrittspartiet er difor tydeleg på at formuesskatt på arbeidande kapital må fjernast.

Norge treng norske eigarar. Norge treng lokale bedriftseigarar som brenn for lokalsamfunna sine. Vi treng fleire investorar som Kjell Inge Røkke, ikkje færre. Om vi treng Kjersti Bergstø og SV, er ei anna skål. Det får veljarane ta stilling til ved valurnene.

Terje Søviknes

1. kandidat Vestland Frp

Ordførarkandidat Bjørnafjorden Frp