Historisk arkiv

Ein halv million kroner i gåveforsterking til Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Fem kulturaktørar i Møre og Romsdal får i desse dagar sin del av til saman 491.950 kroner i gåveforsterkingsmiddel frå Kulturdepartementet. Tilskota baserer seg på gåver på til saman 1,96 millionar kroner.

- Kulturinstitusjonar i Møre og Romsdal har eit godt samarbeid med private gjevarar, som kjem kulturtilbodet i regionen til gode. Gåveforsterkingsordninga skal bidra til at den felles viljen til å dra same veg gir ekstra uttelling, sier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Ålesund Teaterfestival

Får kr 262 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på 1 050 000 kroner frå Sparebanken Møre og Stiftelsen Kjell Holm.

Ålesund Teaterfestival driver Høstscena, ein festival med vekt på scenekunst med stor breidde. Det er første gong Ålesund Teaterfestival får tilskot frå gåveforsterkningsordninga.

Kontaktperson: Dagleg leiar Sindre Stølsdokken, tlf. 990 09 491

Aalesunds Kunstforening

Får 75 000 kroner i gaveforsterking rekna ut frå ei gåve på 300 000 kroner frå Stiftelsen Kjell Holm. Aalesunds Kunstforening står for den daglege drifta av KHÅK Kunsthall i Ålesund og viser skiftande utstillingar med fokus på samtidskunst.

Gåva skal nyttast til ombygging og tilrettelegging av visningsrom for utstilling.

Kontaktperson: intendant Anne Standal, tlf. 915 45 374

Stiftelsen Kulturkvartalet

Får 103 750 kroner i gaveforsterking rekna ut frå ei gåve på 415 000 kroner frå Stiftelsen Kjell Holm.Gåva skal nyttast til styrking av utstillingstilbodet i Kunstmuseet KUBE, konserttilbod i Jugendstilsenteret og KUBE, og til spesialarrangement under Jugendstildagane. Det er andre gong Stiftelsen Kulturkvartalet får pengar frå gåveforsterkningsordninga.

Kontaktperson er direktør Gro Kraft, tlf. 974 04 702

Stiftelsen Molde Internasjonale Jazz festival

Får 25 000 kroner i gaveforsterkning rekna ut frå ei gåve på 100 000 kroner frå Istad Kraft AS.  Festivalen vart etablert i 1961 og blir arrangeret i juli kvart år.

Festivalen er også med på å sikre eit heilårleg jazztilbod i Molde.

Det er første gongen Moldejazz får pengar frå gåveforsterkingsordninga.

Kontaktperson er festivalsjef Hans-Olav Solli, tlf. 948 26 305

Nordmøre Museum

Får 25 700 kroner i gåveforsterking rekna ut frå gåver på 102 800 kroner frå Stiftelsen UNI, Gjensidige Nordmøre og Romsdal, Kvernes Gamle Stavkirke, Sparebank 1 Nordvest, Rotary avd. Averøy og Eirik Ovesen. Gåvene skal nyttast til brannsikring på museet, flytting av ein verneverdig låve, museets 75-årsjubileum, og til drift av museet

Dette er fjerde gongen Nordmøre Museum får støtte frå gåveforsterkningsordninga.

Kontaktperson er direktør Ståle Tangen, tlf. 907 65 735

Gåveforsterkingsordninga for musea blei innført i 2014. Ordninga inneber at staten gir eit tilskot på 25 prosent i tillegg til pengegåver frå private gjevarar og stiftingar. Formålet er å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. I 2016 blei ordninga utvida til å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. Det er satt av 51,1 millionar kroner til ordninga på statsbudsjettet for 2017.

Gåveforsterkingane er gitt på grunnlag av gåver som vart gitt i 2016. Søknader som kom inn etter at ramma for 2016 var brukt opp, vart overført til 2017 og det er desse som no får tildelt tilskot.