Historisk arkiv

Foreslår forenklingar i foreldrepengeordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Eit enklare regelverk er føremålet når forslag til endringar i lova om folketrygd sendast på høyring i dag.

- Regjeringa ønskjer å forenkle regelverket for foreldrepengar. Med desse endringsforslaga blir reglane lettare å forstå for brukarane og det blir enklare for dei å finne fram til kva dei har krav på. Reglane blir også enklare å forvalte for NAV. Eit enklare regelverk gir ein enklare og betre kvardag for familiane, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Endringsforslaga går mellom anna på å fjerne regelen som gir kombinert utbetaling av foreldrepengar og eingongsstønad, og fjerne tilgangen til å ombestemme seg når ein fyrst har fått ei yting. I ny sjølvbeteningsløysing vil foreldra lettare sjå i forkant kor mykje dei vil få utbetalt om dei vel eingongsstønad eller foreldrepengar. Dermed blir det enklare for dei å ta dette valet.

Regjeringa vil også fjerne regelen om samordning mellom eingongsstønad og sjukepengar. Det inneber at eingongsstønaden ikkje lenger vil avkortast mot sjukepengar som er utbetalt etter fødsel eller omsorgsovertaking. Forslaget legg også opp til å fjerne kravet om at foreldrepengar må takast ut samanhengande i minst 30 dagar før uttak kan utsettast. Dette vil gi foreldra meir fleksibilitet. Endringane vil også gjere det lettare for NAV å utvikle nytt IKT-system for foreldrepengar.

Forslaga vil i avgrensa grad innebere endringar for foreldra, men vil gjere regelverket enklare å forstå for brukarane og enklare å forvalte for NAV.

Les hele høyringsforslaget her.