Historisk arkiv

Konkurranseregler og informasjon:

Skal finne Noreg sine beste matordningar for eldre som bur heime

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale inviterer alle matordningar for eldre som bur heime til å delta i ein konkurranse. Den beste ordninga blir premiert med 30.000 kroner.

– Gode matordningar er avgjerande for å møte eldrebølga som kjem om få år. Når fleire vil bu heime, er det naudsynt å legge til rette for ordningar som tilbyr måltid som gjev eldre måltidsglede og riktig ernæring, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Måltid Babette Dagsenter Gylne Måltidsøyeblikk
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale lanserte Gylne Måltidsøyeblikk på Babette Dagsenter. Målet med Gylne Måltidsøyeblikk er å lyfte fram eit mangfald av varierte matordningar for eldre. Her sitter Dale sammen med Gerd Sofie Andresen (t.v), og Snefrid Irene Thune (t.h). Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Meld på ein matordning her

I år utvidar Dale konkurransen Gylne Måltidsaugeblikk frå mat på sjukeheim, til å finne fram til måltidsløysningar for eldre som bur heime. Målet er å løfte fram gode måltidsløysningar for dei som bur heime. Matordningane kan både vere store og små, tradisjonell eller utradisjonell, og frå private eller kommunale aktørar. For å melde på ein matordning, må dei som driftar ordninga svare på spørjeundersøkinga nedanfor. Matkvalitet, menyval og porsjonsstørrelse er mellom anna noko vi vil ha informasjon om.

Sjølv om du ikkje arbeider med mat for eldre og difor ikkje kan delta direkte her, kan du likevel sende inn eit tips om ein god måltidsordning du veit om. Det kan du gjere ved å sende inn namn, adresse og ei kort omtale av ordninga til gm2017@lmd.dep.no innan 15. juli. Bilete og video kan gjerne leggast ved. Dei som blir tipset om blir kontakta og får tilsendt spørjeskjemaet ovanfor. 

Kan vinne 30.000 kroner

Ein vinnar blir kåra i slutten av august og blir premiert med til saman 30.000 kroner. Forbrukerrådet og Landbruks- og matdepartementet går inn med 15.000 kroner kvar.  

Set matomsorg på dagorden

Dale oppmodar alle ordførarane til å setje matomsorg på dagsorden i kommunen, og bidra med sine matordningar i konkurransen. Det gjeld både maten som blir servert til eldre på institusjon, og middagsserveringar for dei som bur heime. Dette kjem fram i eit brev som vart sendt ut i juni. 

– Når det gjeld nye måltidsløysningar har private og kommunale aktørar ein jobb å gjere, og det ligg store moglegheiter for dei som vil satse på nye og spennande løysningar, seier Dale.

Behov for fleire matordningar

Målet med Gylne Måltidsaugeblikk er å lyfte fram eit mangfald av varierte matordningar for eldre. Dersom dagens mattilbod for eldre skal førast vidare, vil det krevje minst 150 millionar offentlege måltid årleg i 2050. Gylne Måltidsøyeblikk 2017 vil bli gjennomført i perioden frå 2. juni til 15. juli, og blir arrangert av Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Forbrukerrådet og Pårørendeaksjonen.

Måltid Gylne Måltidsøyeblikk Babette dagsenter
I år utvidar Dale konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk frå mat på sjukeheim til måltidsløysningar for eldre som bur heime. Alle kan nominere ei ordning som serverer eller leverer mat som er tilpassa eldre som bur heime. Fra venstre: landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Snefrid Irene Thune og direktør i Forbrukerrådet Randi Flesland. Foto: Landbruks- og matdepartementet.