Historisk arkiv

Noreg i front i kampen mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Noreg deltok for første gong i møte saman med verdas 20 største økonomiar (G20) for å diskutere helseberedskap 19.-20. mai. Kampen mot antibiotikaresistens og førebygging av framtidige epidemiar var viktige tema.

-Det har vore eit godt møte. Vi har fått ei god erklæring om antibiotikaresistens og diskutert korleis vi skal forhindre epidemi-utbrot, seier helse og omsorgsminister Bent Høie som var til stades under G20-møtet i helga.

G20 er eit samarbeidsforum for dei 20 største økonomiane i verda. I år er Noreg invitert inn i G20 av Tyskland, som har presidentskapet. For første gong var helse tema for diskusjonane i møtet.

G20 vil arbeide for å fremme folkehelse i befolkninga, og kampen mot antibiotiaresistens var eit viktig tema.

Presidentskapet gjennomførte også ei simuleringsøving om eit fiktivt smitteutbrot for å stå betre rusta i møte med ei framtidig krise.

Gjennom øvinga fekk deltakarane illustrert viktige poeng i internasjonal helsekrisehandtering, mellom anna kor viktig det er med korrekt og tidleg kommunikasjon, og WHO si sentrale rolle i koordinering av internasjonal respons og støtte til nasjonale styresmakter.

-Det at antibiotikaresistens og helsekriseberedskap vert diskutert i G20, inkludert på statsleiarnivå, viser at ein i aukande grad ser global helse som sentralt for økonomisk vekst og tryggleik, seier Høie.

I innlegget til forbundskanslar Angela Merkel roste ho Noreg for leiarrolla i CEPI, Coalition for Epidemic Preparedness Innovations. CEPI er ein ny global koalisjon for førebygging av epidemiar og pandemiar, og har kontor i Folkehelseinstituttet sine lokale i Oslo. Koalisasjonen er ein partnarskap av offentlege, private og humanitære organisasjonar som skal legge til rette for, koordinere og finansiere utviklinga av vaksiner mot sjukdom det ikkje er marknad for industrien å utvikle.

-Det var veldig hyggeleg at Merkel trakk fram den norske innsatsen i etableringa av CEPI i talen sin. CEPI kjem til å vere viktig for å utvikle vaksinar mot nye epidemiar, seier Høie.

I juli vert det arrangert nytt G20-møte. Der vil også helse vere ein viktig del.