Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Innspelsmøte om ny eksportstrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsministeren inviterer til møte om regjeringa sin strategi for eksport og internasjonalisering i Bergen.

I industrimeldinga varsla regjeringa ein ny eksportstrategi. No startar arbeidet. Næringsminister Monica Mæland inviterer difor, i samarbeid med Bergen Næringsråd, bedrifter til eit innspelsmøte 23. mai.

- Det er viktig å involvere næringslivet og andre relevante aktørar tett i dette arbeidet. Eg ser fram til fleire gode innspel i Bergen, seier Mæland.

Ho ønsker blant anna innspel om:

  • Kva norske styresmakter kan gjere for å betre leggje til rette for auka eksport og internasjonalisering?
  • Kva utfordringar norske eksportbedrifter møter internasjonalt?
  • Kva skal til for at norske bedrifter skal gjere seg gjeldande internasjonalt?  
  • Korleis kan Noreg trekke til seg utanlandske investeringar og talent?

Eksport og internasjonalisering er viktig for verdiskaping og arbeidsplassar i dei fleste sektorar. I ei tid med handelspolitiske omveltingar, auka konkurranse i eksportmarknader, og endringar i innhaldet av norsk eksport, er det avgjerande at verkemidla våre er effektive og målretta.

Skriftlege innspel til strategien kan sendes til postmottak@nfd.dep.no