Historisk arkiv

Samlar innspel til ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Forsking og innovasjon spiller ein avgjerande rolle for landbruks- og matproduksjon i framtida. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja i dag Campus Ås for å samle innspel til arbeidet med ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning.

Forskarar og studentar frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU), NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi), Veterinærinstituttet og matforskingsinstituttet Nofima møtte opp for å leggje fram sine synspunkt for statsrådane om kva slags forskningspolitiske tiltak og utdanningstilbod vi treng i framtida. 

– Forskingsmiljøa i Noreg leverer kompetent forsking og ny kunnskap som bidreg til å auke konkurransekrafta, ny innovasjon og legge til rette for fleire arbeidsplassar i primærnæringa. Den er heilt avgjerande for å auke matproduksjonen og ha ein høg effektivitet over heile landet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja i dag Campus Ås for å samle innspel til arbeidet med ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja i dag Campus Ås for å samle innspel til arbeidet med ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Vitjinga er del av ein turné der regjeringsmedlemmar gjestar både offentlege og private forskingsmiljø over heile landet for å samle innspel til å revidere langtidsplanen. Fagmiljøa pekte mellom anna på viktigskapen av tverrfagleg forskingarbeid, og eit nærare samarbeid mellom privat og offentleg næringsliv, samt korleis ein tek vare på kunnskap og utvikler ny.

Fagmiljøa pekte mellom anna på viktigskapen av tverrfagleg forskingarbeid, og eit nærare samarbeid mellom privat og offentleg næringsliv, samt korleis ein tek vare på kunnskap og utvikler ny.
Fagmiljøa pekte mellom anna på viktigskapen av tverrfagleg forskingarbeid, og eit nærare samarbeid mellom privat og offentleg næringsliv, samt korleis ein tek vare på kunnskap og utvikler ny. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Møtte studentane ved NMBU

Landbruks- og matminister Dale og kunnskapsminister Isaksen møtte óg studentar ved NMBU, for å høyre deira tankar om framtida for norsk landbruks- og matproduksjon og eiga arbeidssituasjon etter endt utdanning. 

– Vi treng rett kompetanse gjennom alle ledd i verdikjeda for mat, jordbruk og skogbruk. Det grøne skiftet krev ikkje berre banebrytande forsking i verdsklasse, det krev og landbruksrelatert kompetanse og utdanning. Rekruttering til grøn utdanning er viktig for landbrukssektoren, men og for heile Noreg. Difor er det gledeleg å sjå at rekrutteringa til den landbruks- og matfaglige utdanninga har auka dei siste par åra, seier landbruks og matminister Dale.

Jon Georg Dale og Torbjørn Røe Isaksen møtte studentane ved NMBU.
Jon Georg Dale og Torbjørn Røe Isaksen møtte studentane ved NMBU. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Langtidsplan for forsking og høgare utdanning

Høsten 2014 la regjeringa fram den fyrste norske langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Kvart fjere år skal den bli revidert. Den har konkrete opptrappingsplanar på viktige innsatsområde, og tydelege prioriteringar for kor veksten i offentlege middel til forsking skal komme dei næraste åra.

Langtidsplanen har tre overordna mål:

  1. Styrka konkurransekraft og evne til innovasjon
  2. Å løyse store samfunnsutfordringar og
  3. Å utvikle fagmiljø og framifrå kvalitet.

Langtidsplanen har seks langsiktige prioriteringar:

  1. Hav
  2.  Klima, miljø og miljøvennlig energi
  3. Fornying i offentleg sektor og bedre og meir effektive helse-, velferds- og omsorgstenester
  4. Muliggjørande teknologiar
  5. Eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv og
  6.  Verdensleiande fagmiljø