Det stadfestar dekningsdirektør Bjørn Amundsen til NTB onsdag i 14.40-tida.

Problema oppstod ved 14-tida onsdag, opplyser Telenor til VG.

– Eg kan stadfeste at vi har registeret noko sporadisk uro på mobil tale, altså det å ringje, sa Amundsen til avisa klokka 14.12.

– Vi har sett i gang ein sjekk av kva det er, og konsekvensen er at samtalar kan bli brotne eller at enkeltabonnentar har problem med å få sett opp samtalar, la han til.

Han opplyste at han sjølv fekk melding om feilen klokka 14.02.

Brannvesenet i Oslo skreiv på Twitter at Telenors problem innebar at det er vanskeleg for personar med Telenor-abonnement å nå gjennom på nødnummer.

(©NPK)