Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Seminar i lagtingssalen. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Seminar og utstilling om Riksretten

Ei utstilling i historisk sal om Riksretten vart opna med eit seminar i lagtingssalen tysdag 17. mars. Dette er del av feiringa av at Høgsterett fyller 200 år i 2015.

Fyrste visepresident Marit Nybakk opna seminaret i lagtingssalen. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Fyrste visepresident Marit Nybakk opna seminaret i lagtingssalen. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Stortingets fyrste visepresident Marit Nybakk opna seminaret med å seia at det var hyggjeleg å kunna ynskja velkomen til lagtingssalen – nettopp den staden der riksrettssaker vart haldne fram til Riksretten vart reformert i 2007. Før det var det medlemer av Lagtinget og Høgsterett som utgjorde Riksretten. Dei kom saman i lagtingssalen for å døma i saker som Odelstinget hadde reist om brotsverk gjort av statsrådar, stortingsrepresentantar og høgsterettsmedlemer i utføringa av verva og embeta sine.

Sjå nettpresentasjonen stortingsarkivet har laga om Riksretten.

Les katalogen stortingsarkivet har laga til utstillinga.

I Grunnlova frå 1814 er den lovgjevande, iverksetjande og dømande makta klårt åtskilde, men gjennom Riksretten er Stortinget likevel knytt saman med Høgsterett og med Kongen og statsrådane hans. Alt i det fyrste omframme storting hausten 1814 reiste Odelstinget riksrettssak mot statsråd Haxthausen på grunn av misnøye med Mossekonvensjonen og fredsløysinga med Sverige. Riksretten konstituerte seg hausten 1815, og det er såleis òg 200 år sidan Riksretten vart teken i bruk for fyrste gong i år.

Påtroppande regjeringsadvokat Fredrik Sejersted representerte den iverksetjande makta på seminaret i lagtingssalen. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Påtroppande regjeringsadvokat Fredrik Sejersted representerte den iverksetjande makta på seminaret i lagtingssalen. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Les meir om Mossekonvensjonen og riksrettssaka mot Haxthausen.

Etter grunnlovsendringane i 2007 då skilet mellom Odelstinget og Lagtinget vart oppheva, er det i staden for lagtingsmedlemer ingen aktive stortingspolitikarar i Riksretten, men andre medlemer som er valde av Stortinget. Eventuelle saker vert haldne i lokala til Høgsterett.

Dei tre statsmaktene var representerte på seminaret med innlegg av høgsterettsdomar Karl Arne Utgård, påtroppande regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, leiar av Stortingets ansvarskommisjon Erling J. Husabø og nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Michael Tetzschner.

Maktkamp mellom storting og regjering

Frå den fyrste tida har det vore hevda at Riksretten var ein politisk institusjon. Riksretten var eit viktig verktøy i kampen mellom Stortinget og Kongen og hans regjering, særleg under kong Carl Johan. Det har vore ein konstitusjonell reiskap med slagkraft.

Gjennombrotet for parlamentarismen i samband med riksrettsdomen mot regjeringa Selmer i 1884 endra makttilhøva mellom storting og regjering, og Riksretten har etter det vore mindre aktuell. Det er nesten 90 år sidan sist det var ei riksrettssak, og det nye regelverket har gjort det mindre sannsynleg at me får oppleva Riksretten på ny, sa Marit Nybakk.

Trugsmål om å reisa riksrettssak har likevel alltid vore til stades, og dette tener som eit politisk verkemiddel. Det er nedsett granskingskommisjonar for å greia ut grunnlaget for riksrett, og det står att å sjå korleis nytt reglement og den nye Ansvarskommisjonen kjem til å verka.

Professor Dag Michalsen greidde ut om kva Riksretten har hatt å seia gjennom historia. Han hevda at Riksretten i dag har tapt sin statsrettslege glans. Me feirar i grunnen Riksretten 100 år på etterskot; det var på 1800-talet Riksretten verkeleg fylte rolla si. Med ein konge i Stockholm vart riksrett ein reiskap for å fremja norske interesser når dei ansvarlege statsrådane til dømes ikkje motsette seg provisoriske anordningar, mellombels lovføresegner gjevne av Kongen i periodane Stortinget ikkje var samla.

Ei blanding av politikk og jus

Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Føresegnene for Riksretten vart smidde på Eidsvoll etter utanlandske føredøme, men med ei særeiga blanding av politikk og jus. Den norske Riksretten er i utgangspunktet ein straffedomstol for brotsverk, men alle sakene på 1800-talet kom til å dreia seg om å tolka Grunnlova. Føremålet med ei riksrettssak var å få stadfesta statsrettsgrunnsetningar som statsråden ikkje hadde halde seg til.

Grunnsetningar som vart slegne fast gjennom Riksretten var opplysingsplikta, grenser for provisoriske anordningar, retningslinene for løyvingar, spørsmålet om Kongen har absolutt veto i grunnlovssaker og om regjeringa har ein konstitusjonell naudrett.

Siktemålet med endringa av Riksretten i 2007 var å halda politiske spørsmål utanfor. Karl Arne Utgård peika på at ein i dag ikkje kan rekna med at dei stortingsvalde medlemene av Riksretten vil røysta som éi blokk og såleis lett få gjennom politiske domar mot fagdomarane sine juridiske vurderingar. Ein dom treng i dag grunnlag i lov og kan takast til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Dette styrkjer stillinga til domarane frå Høgsterett og gjer Riksretten mindre politisk. Me går mot ei stramare rettsleg form.

Nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen Michael Tetzschner snakka om kva Riksretten har å seia i dag. Trugsmål om riksrett vert framleis bruka politisk i dragkampane mellom opposisjonen på Stortinget og sitjande regjeringar, men han drog fram at den aukande parlamentariske kontrollen i dag tek form av opne høyringar.

Riksretten søv

Fredrik Sejersted la ut om den store avgrunnen det er mellom kor uhyre vidtrekkande formelt straffansvar statsrådar har, og det at ansvaret i røynda er ikkje-eksisterande. Det er svært få formelle krav om å reisa riksrettssak. Frøiland-utvalet som han var medlem av, hadde føreslege å leggja ned heile Riksretten og overlata desse sakene til vanlege domstolar. Men det er ein tradisjonsrik dåm av historie over Riksretten, og det vart ikkje gjennomslag for å leggja han ned.

Norske statsrådar er for lovlydige for Riksrettens beste.

Påtroppande regjeringsadvokat Fredrik Sejersted

Riksretten er ikkje heilt daud, vedgjekk Sejersted, men rører på seg. Ropet etter riksrett i nettdebattar og avisskriving syner at han er ein del av folks medvit. På 90-talet var det seks framlegg om riksrettstiltale som vart røysta ned. Riksretten kan vekkjast til live att, men norske statsrådar er for lovlydige for Riksrettens beste.

Vegen til riksrett er lang og etappane i ei riksrettssak kan vera ansvarleggjerande i seg sjølv. Lenge før ein kjem til Riksretten, er førebuingane med på å halda statsrådar ansvarlege. Riksretten er i bakhand til det kjem ei verkeleg stor sak, men inntil det kan han få sova sin Tornerose-svevn.

Leiar i Ansvarskommisjonen, Erling J. Husabø. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Leiar i Ansvarskommisjonen, Erling J. Husabø. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Om Riksretten søv, er Ansvarskommisjonen parat til å ta ei sak når Stortinget bed om det, granska saka og koma med innstilling til Stortinget om det bør reisast riksrettssak eller ikkje. Det forsikra leiaren i Ansvarskommisjonen, Erling J. Husabø, om. Me ventar og er førebudde, sa han, men me veit ikkje kva ei sak kjem til å gå ut på og det er avgrensa kor gjennomreflekterte me kan vera i forkant, så mange brotne rettsreglar det er som kan føra til riksrett.

Den danske oppstoda

Den danske høgsterettsdomaren Jens Peter Christensen minte møtelyden på at Riksretten uventa har stått opp frå dvalen i Danmark. Rykta om at den danske Riksretten var daud og gravlagd, var overdrivne. Han steig opp frå grava etter over 80 år, då den såkalla tamilsaka førde til riksrettsdom mot den avgåtte justisministeren i 1995. Justisministeren hadde ikkje gjeve ei gruppe tamilar den retten dei hadde til å få vurdert familiegjenforeining.

Lovløyse i forvaltninga er sjeldsynt og det greier seg som regel med vanleg parlamentarisk ansvar, men røynsla frå Danmark lærer oss at ein aldri skal vera for viss på kva framtida vil bringa, sa Christensen.

Domar i dansk Høgsterett, Jens Peter Christensen. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Domar i dansk Høgsterett, Jens Peter Christensen ser på utstillinga i historisk sal. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Utstillinga i historisk sal

Til avslutning på seminaret fortalde Marthe Hommerstad frå stortingsarkivet om utstillinga «Riksretten – ein politisk domstol i 200 år», og Marit Nybakk førde så møtelyden ned i historisk sal der dei fekk sjå utstillinga.

Omvisingar på Stortinget inkluderer eit besøk i historisk sal og utstillinga. Utstillinga er godt tilpassa ungdomsskuleelevar.

Meir informasjon om omvisingstilbodet på Stortinget finn du her.

Sist oppdatert: 18.03.2015 13:03
: