Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Folks rettar må sikrast ved brexit

Svein Roald Hansen (A) og Sylvi Graham (H) deltok i veke 22 på møte for medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU på Malta. 

Svein Roald Hansen (A) og Sylvi Graham (H), her fotografert i ein annan samanheng.  Foto: Stortinget/Sverre Christian Jarild.

Svein Roald Hansen (A) og Sylvi Graham (H), her fotografert i ein annan samanheng. Foto: Stortinget/Sverre Christian Jarild.

Malta har formannskapet i EU våren 2017. På det såkalla COSAC-møtet vart mellom anna rolla til brexit, migrasjon, EUs framtid og EUs maritime politikk drøfta.

Maltas utanriksminister George Vella, visepresident i Europakommisjonen Frans Timmermans og EUs forhandlingsleiar for Storbritannias utmelding av EU, Michel Barnier, var blant innleiarane på COSAC-møtet denne veka.

Eit stort fleirtall av dei som tok ordet i brexit-debatten ar opptatt av at rettane til som direkte blir påverka av brexit. Dette gjeld 3 millionar innbyggjarar frå andre EU-land som bur i Storbritannia og 1,5 million britar som bur i andre EU-land, Mange understreka også at Storbritannia må oppfylle dei økonomiske pliktene dei alt har inngått mellom anna gjennom EUs langtidsbudsjett. Eit tredje moment som vart framheva, var behovet for å finne gode løysingar for Nord-Irland, som blir yttergrensa mot republikken Irland. Dette vart ikkje minst understreka av dei irske parlamentarikarane.

– EØS EFTA-landa har dei same utfordringane som EU når Storbritannia går ut av EU. Det er viktig å finne løysingar også for EØS/EFTA-borgarane sa Svein Roald Hansen i sitt innlegg. Han bad Europaparlamentet, Storbritannia og nasjonale parlament i EU om å halde Noreg informert undervegs i forhandlingane.

Michel Barnier sa det er opp til Storbritannia å avklare kva slags relasjon landet vil ha til EU framover. Så lengje den britiske regjeringa står fast ved at landet ikkje skal vere med i den indre marknaden, vil landet vere mindre knytt til EU enn det EØS/EFTA-landa er. Han lova å gjere sitt for å sikre ei god løysing for Irland og å halde nær kontakt med nasjonale parlament under forhandlingane.

Øylandet Malta har maritim politikk som ein av hovudprioriteringane for sitt EU-formannskap. Europakommisjonen har også tatt til orde for ein meir heilskapleg maritim politikk. Representantar både frå ulike kyststatar i Europa understreka at den blå økonomien er viktig for verdiskaping og vekst. Samtidig er det også viktig å sikre berekraftig utnytting av mellom anna fiskeriressursar og også ta tak i andre miljøutfordringar som t.d. mikroplast.

– Det er positivt at EU ynskjer ein samla maritim politikk. Den norske regjeringa har mange av dei same prioriteringane som EU i si nye havmelding, sa Sylvi Graham i sitt innlegg. Europeisk samarbeid er viktig for norsk maritim sektor sa ho og viste samstundes til at representantar frå 50 land møttes i Oslo denne veka for å drøfte tiltak mot ulovleg fiske.

COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet deltok Noreg saman Andorra, Monaco, Sveits og Ukraina som observatørar. Neste COSAC-møte er i juli i Estland. Sjå også informasjon om møtet på heimesida til det maltestiske EU-formannskapet.

Sist oppdatert: 09.05.2018 16:19
: