LEIAR: Reisemål Ryfylke sitt cruise-prosjekt er blitt godt mottatt av kommunane. Ekspedisjonsskip, som er ein type cruiseskip med 100–300 passasjerar, er ein ny trend innan cruisetrafikken. Desse forholdsvis små cruiseskipa har meir betalingsvillige passasjerar enn dei som reiser med tradisjonelle cruiseskip, og det er ei gruppe turistar som Ryfylke gjerne vil ha besøk av.

Men satsinga krev tilrettelegging; det trengst blant anna kaiar som er godkjende etter det såkalla ISPS-regelverket. I sommar vil bare ein kai i Strand ha slik godkjenning, og den ligg inne i eit industriområde. Dei fleste vil meina at det er betre at cruiseturistane til Strand og Preikestolen går i land på Jørpeland eller Tau, og ikkje i Nordmarka industriområde. Formannskapet i Strand gjekk nyleg inn for at det må leggjast til rette nye ISPS-hamnar både på Tau og Jørpeland, og ikkje bare på Jørpeland som rådmannen hadde foreslått. Er Preikestolen reisemålet, bør det i utgangspunktet vera mest naturleg å ta cruiseturistane i land i Jørpelandsvågen. På den andre sida vil dei fleste cruiseskipa, også dei mindre, få problem med å leggja til kai i det tronge hamnebassenget på Jørpeland. Dei må i staden liggja ute på fjorden. På Tau er det betre plass til store båtar, særleg når Tau-ferjene sluttar å gå.

Miljøomsyn bør også vera eit tema når Ryfylke førebur seg på å ta imot cruiseskip.

Vil ein ta i mot cruisebåtar i Strand, hadde det vore mest naturleg å leggja til rette for dette på ein plass. Kanskje kunne det nye trafikk-knutepunktet på Solbakk, med bussoppstillingsplassar og god plass og djupne i sjøen, vore eit godt alternativ? Skal cruiseturisme bli ein stor og seriøs del av den lokale turistsatsinga, bør infrastrukturen leggjast til rette for dette.

Med ei godt tilrettelagt cruisehamn kan også dei større skipa bli attraktive, særleg om det viser seg at denne forma for turisme gir arbeidsplassar og pengar i kassa. Men då bør ein først tenkja godt over om dette er ei berekraftig satsing. Mange stader fører anløp av cruiseskip til motstand frå innbyggjarane. Forureining og andre miljøomsyn omsyn bør også vera eit tema når Ryfylke førebur seg på å ta imot cruiseskip. Særleg i Lysefjorden-området, som er eitt av sju norske reisemål som er heidra for si satsing på berekraft, er dette viktig.