Geir Thomas Risåsen gler seg over at ein av våre eldste juletradisjonar har fått ein renessanse. Foto: Peder Skjelten / NTB / NPK

Juleekspert spår at nokre norske juletradisjonar døyr ut – men éin står sterkare enn nokon gong

Fleire gamle norske juletradisjonar er til stades i høgtidsfeiringa dag, men utanlandspåverknad har også sett spor dei siste 20 åra. Éin av dei eldste tradisjonane er derimot tilbake sterkare i dag enn på lenge.

– Jula er den eldste og mest tradisjonsrike høgtida her til lands. Vi har skriftleg grunnlag på den tilbake til Haraldskvadet på 900-talet, der Harald Hårfagre seier han skal ut på havet og drikke jol.

Det seier juleekspert Geir Thomas Risåsen. Han er konservator ved Norsk Folkemuseum i Oslo og snakkar jul på inn- og utpust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennom hundreåra har utanlands påverknad fått innpass i Norge og blitt ein del av tradisjonane våre, men Risåsen seier påverknaden aldri har skjedd raskare enn i dag. Ein person for 20 år sidan ville vore overraska om han fekk vite korleis høgtida blir feira i 2021.

Juletreet frå Tyskland

Julefeiringa endra seg blant anna med kristninga av Norge, men frå 1800-talet har vi fått fleire impulsar frå verda utanfrå som er ein sjølvfølgje i julefeiringa i Norge i dag.

Juletreet er blant anna ein tysk tradisjon som kom til Norge på 1800-talet og var å finna i alle norske heimar som i dag frå 1930-talet. Også adventskalender og adventsstake kom til Norge gjennom Danmark frå Tyskland.

Juletreet er eit døme på ein juletradisjon vi har importert frå utlandet. Foto: Peder Skjelten / NTB / NPK

Ifølgje Risåsen har den mest dramatiske endringa i måten me feirar jul i Norge kome dei siste 20 åra frå USA. Me pyntar til jul tidlegare og er ferdige med jula når den eigentleg startar.

– I USA er dei prega av den angelikanske kyrkja, som ikkje har adventstid slik som oss. Dei går rett frå hausttakkefest – fjerde torsdagen i november – og over på julefeiringa. Når jula først startar 25. desember er dei ferdig med ho

Eit anna amerikansk innslag i den norske julefeiringa, er at det knapt er hus som ikkje er pynta i julelys lenger.

– Før 2000-talet såg vi forakteleg på opplyste hagar og hus i amerikanske filmar og kalla det «amerikanske tilstandar». Så byrja det i det små å koma til Norge og nå er det ein realitet.

– Den norske jula er ein lapskaus av eigne tradisjonar og importerte tradisjonar. Så blir det slik at tradisjonar me hentar inn frå utlandet blir vår eigen etter ei stund, og det skal vere fullt lov.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein person frå 20 år sidan ville vore overraska over utelysa og kor tidleg vi har byrja å pynte til jul. Her frå Julemarknaden «Jul i Vinterland» i Oslo. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Endringane i julefeiring skjer gradvis og kvar generasjon har si jul

Noko av det mest særeigne med norsk julefeiring er maten, uansett om det er svineribbe, pinnekjøt eller kveite, fortel Risåsen. Den er ein eigen norsk tradisjon og avvikar også frå svensk og dansk julemat.

Denne særnorske delen av julefeiringa står veldig sterkt i dag, medan andre ting som å baka sju slag, flette julekorger og lage eigen julepynt til juletreet er på veg ut, ifølgje Risåsen. Han trur at sidan me lever i eit enklare samfunn, med færre ting å førebu til jul, vil etter kvart det å laga eigen mat og eigen julepynt gå ut.

– Det er lettare å kjøpa ting ferdig i dag og det betyr nok ikkje like mykje om det er laga sjølv. Med foreldre i jobb og barn i skulen er tida avgrensa til kva ein kan få tid til jul, og då vil nok fleire velja å ikkje laga eigen mat eller julepynt.

Vår eldste juletradisjon står sterkare i dag enn på lenge

Då Harald Hårfagre feira jul i vikingtida, var det ei høgtid knytt til vintersolkverv. Høvdingar og stormenn møttest til blot, festa og drakk øl til gudane si ære. Det var også nedfelt i norske lovar å bryggja øl til jul.

Det gler Risåsen difor at ein av juletradisjonane vi har lengst skriftleg belegg for, har blomstra opp dei siste åra i tråd med at heimebrygging har blitt meir populært.

– Juleølet har fått ein renessanse etter at det har blitt meir vanleg igjen for folk flest å bryggja øl til jul. Vi er med det berre siste ledd i ein over 1000-år gammal tradisjon som bryggjar eiget øl til jul.

(©NPK)