Da brannalarmen gjekk på Bø ungdomsskule for eit par veker sidan, ante kvintetten frå Bø fred og ingen fare. Kort tid etter blei det kjent at dei var eitt av 10 finalebidrag som skulle representere i den unge musikktevlinga på Telenor Arena i november.

- Me blei veldig overraska. Me hadde blitt fortalte at me skulle få beskjed seinast i påskeveka om me kom vidare. Da påskeveka var forbi og det hadde gått så lang tid, hadde me eigentleg mista håpet, fortel Sigud Nesje (14) som er bandets vokalist og bidrar dessutan på tangentar og trompet. Meldinga blei derimot godt mottatt.

- Ja, er du gal. Det var 1 255 innsendte bidrag. Av desse vart 25 trekte ut til audition. Me var i utgangspunktet kjempestolte av å vere ein av dei 25, legg Sigurd til.

Fem fine fyrar

Gutane som gøymer seg bak "F5" er "Fem fine fyrar frå Folkestad"; Sigurd Nesje på vokal og tangentar, Jonas Ofte Holløkken og Knut Olav Kleiv på gitarar, Mathias Ladiszlaidesz på bass og Sture Skalstad på trommer og perkusjon. Dei har spela saman som band sidan dei gjekk i femteklasse, men ideen om det heile hadde dei drøymt som sidan dei gjekk i første. Likevel tok det nokre år før dei klarte å samle seg som gruppe.

- Etter å ha kome tilbake til skulen etter ein skitur, fekk me tilgang på musikkrommet. Det var litt førstemann til mølla for å velje instrument. Sigurd kom sist så han måtte synge, humrar dei fire andre, som synest han har takla utfordringa bra.

-  Skulen har elles vore rause som har gitt oss så mykje tid til å spele saman, seier dei fem som i tillegg til drivande gode bandøvingar i kulturskulen i Bø, også har fått skapt mykje speleglede i musikkrommet på Folkestad skule.

- Me har vore kjemepheldige, vedgår 14- og 15-åringane, som er eldst av årets MGP-junior-finalistar.

Prestasjonspress

Låta som sendte dei fem til finalen heiter "Generasjon prestasjon", og vil suse over norske radiokanalar frå hausten av. Resultatet kom til gjennom samarbeid mellom dei fem.

- Sigurd og Sture har skrive mesteparten av teksten. Melodien har komme til litt etter litt gjennom brainstorming med innslag av fleire, fortel Jonas. Dei fortel at låta handlar om prestasjonspresset blant unge i dag.

- Det er press og forventningar over alt; til klede, på skulen, oppførsel - ein møter det alle stader, hevdar dei.

- Så låta er eit opprør mot forventningspresset?

- Ja, du kan seie det slik, seier dei, som spente går tida som kjem i møte. Sigurd veit dei har mykje å gle seg til. Han følgde nemleg tett på frå sidelinja da Bø-gruppa "Unik 4" vann finalen i 2012. Da var storesystera hans, Eline, ei av dei fire. Nå heiar ho på han.

- Ho sa bare "gratulerer". Me har jo ikkje akkurat vunne ennå, presiserer Sigurd. Denne veka reiste gruppa til Trondheim for å spele inn låta. Studioet til Skjalg Raaen, gitaristen til Åge Aleksandersen, foreviga musikkmaterialet deira i studioet sitt. Finalistane kryssar fingrane for at bøheringane og telemarkingane blir med og heiar dei fram i november.

- Supportargjengen til "Unik 4" var rekordstor med 350 i heiagjengen i Oslo. I år blir det lagt ut dobbelt så mange billettar, så det er lov å håpe på enda fleire, smiler dei fine Folkestad-fyrane.