Knut Buen fekk målprisen 2017 frå Telemark mållag. I grunngjevinga, ført i ordet av mållagsleiar Sigbjørn Hjelmbrekke, heiter det mellom annan følgjande:

- Buen er ein av dei verkeleg store kulturberarane i landet. Ein framifrå spelemann og sogeforteljar. Han har gjennom mange år gjort ein stor innsats for nynorsk skriftmål gjennom ei rekkje bøker og artiklar. Han har vidare synleggjort tuddalsmålet ved å bruka det i alle munnlege samanhengar, skriv han. Tema i møtet var elles lokalisering av Landsmøtet i Noregs Mållag i 2018. Dette skal skipast til i Vinje. Landsmøtestaden er vald som del av markeringa av 200-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje. Vinje blir feira gjennom mange markeringar gjennom 2018, opplyser mållaget. Årsmøtet i Telemark mållag gav fornya tillit til heile styret. Sigbjørn Hjelmbrekke (Bø) er leiar. Torunn Raftevold Rue (Seljord) og Sigrid Bø (Bø) sit i styret saman med Åsmund Høgetveit (Seljord) og Sigrun Garvik Moen (Kviteseid)l. Olav Nordstoga (Vinje), Olav Tho (Hjartdal) og Einar Søreide (Kviteseid) vart valde som varamedlemmar.