Har du prøvd elsparkesyklar? Mange oppfinningar har gjeve oss menneska gode framsteg. Korleis er det med elsparkesyklane, skal tru?

Ifølgje Dagbladet 2. juli i år viser tal frå Oslo skadelegevakt at det har vore nærare 1.600 ulykker på elsparkesyklar i hovudstaden på halvanna år.

Elsparkesyklar har vorte populære både i tettbygde strøk, og andre stadar. I byane har fleire no reagert på at syklane kan verte sett att mange stadar slik at dei kan vere til hinder for svaksynte og blinde. Sju legar har i Aftenposten 8. juli i år skrive eit debattinnlegg om elsparkesykling sett i høve til skadeomfang:

«Tirsdag advarte Oslo universitetssykehus om det høye antallet elsparkesykkelskader. I juni behandlet vi i snitt 14 personer daglig. Totalt 421 har den siste måneden blitt våre pasienter, etter å ha «gått på snørra» med hodet rett i asfalten, fortauet, i parkerte biler og endt kvelden på Skadelegevakten. Gjennomsnittsalderen på pasientene er 27 år. De fleste i beruset tilstand».

Desse legane viser til at fleire av skadene har vore nær dødelege. Legane meiner at fortaua bør vere for fotgjengarar og ikkje for dei som ferdast med elsparkesyklar, og at utleige av sparkesyklar bør vere stengt mellom klokka 23 og 05.

I frå Oslo les vi i nrk.no fredag 11. september i år at: «Tusenvis av elsparkesykeler i Oslo ble natt til fredag stengt og det vil de fortsatt være, for utleieselskapene fikk ikke medhold i retten, viser en kjennelse som kom fredag kveld. Det betyr at 23.000 elsparkesykler er redusert til 8.000 i Oslos gater. Kjennelsen kan ankes til Borgarting lagmannsrett».

Korleis er det med promillegrenser for elsparkesykling?

«Du skal ikke kjøre i ruspåvirket tilstand. Er du så beruset at du ikke har kontroll på sparkesykkelen, må du trille den. Dette gjelder uavhengig av om tilstanden er på grunn av at du er påvirket av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel», skriv Vegvesenet.

Altså er det ikkje noko spesifikk promillegrense. Skal tru korleis ein best kan regulere dette slik at alle framleis kan ferdast saman i trafikken anten ein er ein EL-trafikant, eller ein trafikant utan elektrisk framkomstmiddel?

Hjelm er ikkje påbode når ein brukar elsparkesykkel, men det er sterkt tilrådd. Vi i IOGT vil oppmode elsparkesyklistar til å bruke hjelm og vere edru i trafikken. Då har vi god tru på at vi kan snu ein ELendig ulykkesstatistikk til meir ELektrisk glede i framtida.