I fleire heilsides annonser fortel Neas at no kan du få lov å gløyme straumforbruket ditt. Det er nesten så ein lurer på om det er skjult reklame for at demens og Alzheimer er heilt OK. Uansett kor intenst Neas prøver å glorifisere at folk slepp den «enormt byrdefulle» opning av sikringsskåpet 12 gonger i året, er dei nye AMS-målarane alt anna enn uskuldig leiketøy for el-entusiastar.

Etter det vi er informert om, vil den såkalla AMS-målaren vera i kontinuerleg aktivitet for å fange opp eventuelle endringar i straumforbruket. Målaren vil dermed utgjere ei strålingskjelde med langt større strålingsintensitet enn ein mobiltelefon.

Godkjenning av grenseverdiar, anten det gjeld stråling eller giftrestar i matvarer blir stadig flytta ut frå prinsippet om fri konkurranse. Omsynet til folkehelsa blir i stor utstrekning ignorert. Godkjenning av eit strålingsapparat gir dermed ingen helseattest for utstyret.

Vi vil minne om at 70 prosent av menneskekroppen er ein aktiv elektrolytt. I hjernen er denne prosenten mellom 80 og 90 prosent. Kvar einaste av kroppen sine celler har normalt eit arbeidspotensial på -0.70 mV over cellemembranen. Stress og fermentering av sukker kan gi redusert arbeidspotensial til -0,30 mV i cellene, noko som er typisk for kreftceller.

Å påstå at AMS-målaren er trygg å bruke basert på ei teknokratisk vurdering er å føre folk bak lyset. Det ligg ingen medisinsk kompetanse bakom ei slik vurdering. Det føreligg heller ingen vitskaplege arbeid frå uavhengige forskingsmiljø som stadfestar at elektrolyttar i eit levande biokjemisk system er upåverkeleg av energisterk stråling.

Ved installasjon av varmepumpe og vassboren golvvarme i vårt hus, fekk vi råd frå leverandør om termostatar og trådlaus temperaturstyring. Dette avslo vi nettopp for å redusere intern stråling i vår heim.

Vi har fått informasjon om at AMS-målaren er Neas sin eigedom. Husa våre er vår eigedom. Helsa vår har vi også rett til å ivareta. Vi vil difor aldri på noko tidspunkt tillate at Neas invaderer vår eigedom med helsefarleg utstyr.

Vi viser elles til NVE sitt rundskriv: «Om dispensasjon frå kravet om installasjon av AMS-måler».