I dag snakkar alle om havrommet, om det potensialet som ligg i havet for fangst av fornybare ressursar og bruk av marine ressursar som hittil knapt nok har vore nytta.

Og nokre let det ikkje vere med snakking, men gjer noko. Gründarar langs heile norskekysten, også her i nordvest, arbeider i desse dagar med å prøve ut nye greiner innan akvakulturen. Det er berre fantasien som set grenser for kva dei marine ressursane kan nyttast til, ser det ut som.

På ein fiskerikonferanse på Giske nyleg presenterte ei studentbedrift knekkebrød laga på salt frå sukkertare. Andre har kome langt i prosjekt som går ut på oppdrett av ulike sjødyr, dyrking av tang og tare til menneskemat, fôr, gjødsel, energi, kosttilskot, legemiddel og kosmetikk m.v.  Det lovar godt for lokal verdiskaping langs kysten vår. Vi har ei lang kystlinje.

Mange av oss hugsar dei store forventningane som vart stilte til oppdrettsnæringa då ho vaks fram på 1960-talet og framover. No skulle dei som strevde i ei landbruksnæring med fallande lønnsemd få fleire bein å stå på. Oppdrettsnæringa skulle vere med å sikre busetting langs kysten. Den vidare utviklinga kjenner vi. Lokale oppdrettskonsesjonar vart samla i hendene på få selskap med global verksemd. Lite pengar vart att i lokalsamfunna der verdiane vert skapte.

Kan vi lære av dette når vi no står framfor ein ny vekstperiode i dei marine næringane? For SV er det viktig å sikre lokal eigarskap til dei lokale naturressursane, og at verdiane som vert skapte lokalt kjem lokalsamfunna til gode. Difor har vår representant i Fylkestinget, Yvonne Wold, uttala seg positivt til ideen om ein ressursskatt som oppdrettsselskap må betale til dei kommunane der dei har anlegga sine.  Staten kan elles gjennom konsesjonspolitikken sin vere med å styre korleis eigarstrukturen i dei marine næringane skal vere i tida framover. Vert det gjeve fullt frislepp, tilsvarande det som skjedde i oppdrettnæringa i 1980- og 1990-åra, vil det som kan ha potensial for lokal verdiskaping igjen bli overteke av fjerne eigarar.

Mange ekspertar peikar på det uheldige i den sentraliseringa av eigarskapen som har skjedd i selskap som tidlegare var styrt frå regionen. Ein avgjerande føresetnad for den innovasjonen som har skjedd i maritime og marine næringar i Møre og Romsdal er den nære kontakta som har vore mellom eigarar og dei som har arbeidd i felten. Ja, eigarane har gjerne hatt bakgrunn frå det praktiske arbeidslivet, og har sjølve vore pådrivarar i den teknologiske utviklinga.  

SV vil vere med å sikre at den vidare veksten i havnæringane i størst mogeleg grad kjem norske kystsamfunn til gode. Det kan vi bidra til ved å satse på næringsretta forsking, gjennomføre ein fornuftig konsesjonspolitikk og vere viljug til å gje utviklingsmidlar til folk med kompetanse og pågangsmot som  vil skape arbeidsplassar der dei bur!