Havet er eitt av dei viktigaste matfata våre for framtida. Fiskeressursane syter for mat til eiga befolkning, og utgjer eit viktig næringsgrunnlag for folk langs kysten.

Bruken av det blå havrommet vert sett på som ei av dei største vekstnæringane, enten vi snakkar om tradisjonell havbruk eller nye, spanande idear som kommersiell utnytting av tang og tare. Ein føresetnad for dette er at vi greier å halde havet reint, og ikkje forgiftar maten vi skal leve av i framtida!

Plastforsøpling av havet vert beskrive som det miljøproblemet som veks fortast. Forsking viser at dersom vi ikkje stansar forureininga, vil havet innehalde meir plast enn fisk, målt i vekt, innan 2050. Det er dramatisk! Det viktigaste vi kan gjere med avfall er å hindre at det oppstår. Ein bør prøve å få ned bruk av plast til emballasje og i noken høve forby produksjon av plast, som til dømes i handleposar, som ein trur det er stor fare for havnar i naturen.

Plasten vert broten ned til mikropartiklar som blir etne av fisk, fugl og dyr som forvekslar det med mat. I neste omgang kan miljøgiftene flytte seg oppover i kjeda, og ende hjå menneske. Vi hugsar alle plasten forskarane fann i den store kvalen som nyleg stranda på Sotra. Tilsvarande funn er gjort i fugl; ni av ti sjøfuglar har plast i magen. I fuglefjellet på Runde lyser den fargerike plasten imot oss frå reira.

Plasten kjem frå m.a. frå bildekk, kunstgrasbanar, kosmetikk, fleeceklede og båtmåling. Havstraumane fører søppelet over landegrensene, og dannar store flytande «plastfjell». Ifølgje Havforskingsinstituttet er det særleg store mengder plast i havet utanfor Ålesund. Det gjev oss eit ekstra ansvar for å rydde opp!

Kultur- og folkehelseutvalet i fylket har løyvd inntil 100.000 kroner til utarbeiding av eit forprosjekt for ei skjergardsteneste i Møre og Romsdal. Det er eit tiltak SV støttar.

I tillegg må innsatsen setjast inn på førebygging. Vi må hindre at så mykje plast hamnar i havet. Her må både industrien, nasjonale styresmakter og einskildpersonar på banen. SV vil arbeide for internasjonale avtalar som sikrar opprydding og hindrar marin forsøpling og mikroplast. Vi vil ha ein nasjonal plan for opprydding på norske strender og i norske fjordar. Vi vil skjerpe regelverket mot mikroplast, og vi vil erstatte den fossile plasten med fornybar plast som kan brytast ned.

Les saker fra din kommune

Her har vi samlet nyheter fra kommunene på Nordmøre:

Kristiansund, Aure, Averøy, Eide, Halsa, Gjemnes, Tingvoll, Smøla, Sunndal, Surnadal, Rindal.