Som vi veit hadde Grunnlova av 1814 ein paragraf som sa at jødane ikkje var velkomne til Noreg. Ein av dei som kjempa ihuga mot denne paragrafen var diktaren Henrik Wergeland, og han skreiv mellom anna dei vakre diktsamlingane Jøden og Jødinden. Likevel skulle det gå seks år etter Wergeland sin død før Stortinget oppheva Jødeparagrafen i 1851.

No kan det verke som at nokon ynskjer å innføre Jødeparagrafen på nytt. Eg tenkjer på FrP sitt illgjetne landsmøtevedtak om forbod mot omskjering i Noreg. Dette vedtaket seier tydeleg at jødane ikkje lenger er velkomne her i landet.

FrP sin tidlegare stortingsrepresentant, Jan Simonsen, skriv om dette i eit innlegg i VG (6. mai) : 

«Dette er sannsynligvis det alvorligste anslaget mot norske jøder i norsk etterkrigstid. Jødene er et folkeslag som har blitt forfulgt gjennom generasjoner. Men de har klart å overleve. Blant annet gjennom å holde på sine historiske og religiøse tradisjoner, som Fremskrittspartiet nå vil forby.» 

Simonsen seier vidare at sjølv om ca. halvparten av jødane i Israel er sekulære, let likevel nesten alle barna sine omskjere fordi det er heilt sentralt for å oppretthalde den jødiske identiteten. Og han avsluttar:

«Der vil nok dette vedtaket bli sett på som svært nær ren antisemittisme, uansett hvilke argumenter som blir brukt for det. Ganske enkelt fordi det er et grovt angrep mot jødisk identitet og kultur. Det er et skammens vedtak.

Eg er samd med Jan Simonsen i dette, og FrP gjer vel i å lytte til sin tidlegare stortingsrepresentant her. Og mitt håp er at dette vedtaket for all framtid både vert gøymt og gløymt. Vi i Partiet Dei Kristne (PDK) er takksame for at vi i FrP har hatt ein god alliert når det gjeld vår støtte til staten Israel. No stiller vi eit stort spørsmål ved dette, og vi kan i alle høve love veljarane at eit liknande vedtak aldri vil kome på tale i PDK.