Målet med samferdslepolitikk bør vere å få mest muleg transport for pengane. Dei siste tiåra har det vore omvendt i Norge. Staten tener grovt på vegane, og distrikta vert lurte. Framlegget til ny NTP vil forsterke galskapen og uretten.

Om få veker skal Nasjonal Transportplan (NTP) opp i Stortinget. Framlegget frå regjeringa er ei vill satsing på den minst effektive transportforma, jarnbana. Det skal i all hovudsak skje på det sentrale Austlandet, i Intercity-prosjektet til fleire hundre milliardar kroner. Det er så ekstremt dyrt og produserer så lite, at kvar brukar må subsidierast med om lag ein halv million kroner - kvart år!

Kvifor vert det ikkje meir politisk debatt om dette?  Det skuldast minst tre forhold: For det første vert sentrale transportfakta halde skjult for Stortinget. For det andre har alle dei politiske partia lenge godtatt opplegget. Og for det tredje tener makteliten i Oslo på politikken.

Det er på tide å få dei absurde sidene ved samferdslepolitikken fram i lyset. Fordi heile landet taper, og distrikta taper enormt. Det same gjer dei som er avhengig av gode og sikre vegar. Det er nesten alle.

NTP er basert på myter og store ord, men manglar fakta om transportmengder, om kostnader og om kven som betaler.

Hovedfakta om transportmengder: Vegane står for 95 prosent av alle personreiser i landet og 19 prosent av godstransporten. Sjøen har78 prosent av gods- og 1 prosent av persontransporten. Jarnbana har 1 prosent av person- og 2 prosent av godstransporten, ein miniputt i transportsystemet!

Likevel får jarnbana årleg over 20 milliardar i statssubsidier. Og det skal bli verre: I framlegget til NTP for dei neste 10 åra vil regjeringa gje 323 milliardar kroner til  jarnbana. Det går sterkt ut over investering i vegane, som står for over 50 gonger så stor transport. Alle med gangsyn ser at dette er utanfor all fornuft! Spesielt når investering i veg er mykje meir lønsam.

Alle snakkar om likskap og rettferd. Likevel driv staten med grov forskjellshandsaming av veg – og banebrukarane. Vegane vert  primært sett på som ei inntektskjelde for staten, ikkje som ein effektivt  transportmåte. Vegtransport vert straffa med høge avgifter. Denne særnorske politikken har gitt oss Europas dårlegaste vegstandard.

Gjennom avgifter på køyretøy og drivstoff  betalar vegbrukarane enorme summar til staten. I snitt for åra 2010-2016 utgjorde dette 52 milliardar kroner per år. I tillegg betalar dei 10 milliardar kroner i bompengar. Det staten brukte kvart år på vegar var dei same åra i snitt 20 milliardar kroner. Staten tener grovt på vegbrukarane! Det har skjedd i fleire tiår. Det verste er at dette skjer i det skjulte, utan offentleg debatt. Ingenting om dette i NTP. Folk flest veit ikkje om det. Derfor har det kunne halde på så lenge.

Uretten mot vegbrukarane vert nærmast grotesk når vi samanliknar med subsidiane som staten auser ut til banebrukarane.

Trass i alle fakta, baserer NTP seg framleis på dei gamle mytane frå departement og NSB/Jernbaneverket om at jarnbana er ein stor og viktig transportør. Og at Jarnbane er den mest effektive og miljøvenlege transportmåten.

Det er miljøpåstanden som er viktigaste påskotet for dagens galskap. Men også den er usann.

Miljøproblema i samferdsle er i hovudsak knytt til energiforbruket. Problemet for jarnbana er at i forhold til den vesle transporten som vert utført, går det enormt med energi til å produsere skinnegang og tog. Dette utgjer om lag 70 prosent av totalen. Produksjonen skjer i utlandet med kolkraft. Det er ikkje CO2-fritt! Men i NTP vert det juksa  grovt ved å utelate denne komponenten.

Per passasjer er tog over dobbelt så tungt som buss. Derfor krev tog også mykje meir energi til framdrift. Rett rekna er ekspressbussar mange gonger meir energieffektive  og miljøvenlege enn tog. Bane er heller ikkje lenger åleine om å ha elektrisk framdrift. Elbussar stormar fram. Kina og USA leiar an. Kina har allereie over 100.000 elbussar på vegane.

Påstanden om at jarnbane er mest miljø- og klimavenleg er rein bløff. Den mest miljøvenlege reisa er den sparde reisa. Med dagens teknologi kan frakt av personar over lange avstandar erstattast av transport av data og kunnskap: heimekontor samt telefon- og videomøter. Utbygging av fiber er miljøvenleg, tog er fortidas tenking. Rart at miljøorganisasjonar og «miljøparti» ikkje har oppdaga det!

Totalbildet av samferdslepolitikken er skræmande: Vi  har ein kunnskapsfattig, uproduktiv og urettferdig politikk. Det skjer ei enorm ressurssløsing. Vegbrukarane og distrikta vert lurte. Det har skjedd i fleire tiår - i det skjulte.

Vi treng eit vegopprør. Og samferdslepolitikken må granskast av Riksrevisjonen.

Statens - dvs. våre felles midlar bør gå til nødvendige fellesgoder i heile landet. Som helsetiltak, skule og eldreomsorg. Ikkje til å sponse auka reiseaktivitet for eit fåtal velståande, vaksne og friske personar i vår rikaste landsdel.

Vert framlegget til NTP godkjend av Stortinget, bør det gje eitt resultat: Auka politikarforakt.