Fram setter inn flere busser for å møte et forventet økt transportbehov i forbindelse med kampen mellom KBK og Molde lørdag 1. april. Også på de andre hjemmekampene blir det flere busser.

Det vil gå busser fra sentrum, Dale, Vikan, Innlandet og Frei som vil stoppe ved Braatthallen. Og med bussen til Karihola kommer de reisende enda nærmere stadion.

Møre og Romsdal fylkeskommune sendte mandag ut følgende pressemelding:

«For å møte den forventa pågangen av reisande i Kristiansund som skal på heimekampane til Kristiansund Ballklubb (KBK), vil Fram køyre med fleire bussar på nokre av dei ordinære avgangane før og etter kampane.

– For at logistikken skal gå greitt på kampdagane, bør publikum nytte seg av alle ruteavgangane vi har til og frå kampane. FRAM køyrer med god kapasitet før og etter denne kampen, og det er kort veg for folk å gå mellom haldeplassane ved Brunsvika og St. Hanshaugen og stadion, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter kampen er det fire avgangar innanfor ein time som publikum kan reise med frå stadion og i retning sentrum.

– Vi ventar ein fullsatt Kristiansund stadion i år, og med begrensa parkering ber vi om at flest mogeleg lar bilen stå på kampdagen. Vi anbefaler heller å bruke kollektivtransport, seier Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund Ballklubb.

– For dei som blir igjen i sentrum til seint, har vi nattbussen i Kristiansund. Nattbussen til Rensvik (rute 810), har tre avgangar natt til søndag, fortel Lillevevang.

For informasjon om rutetider, kan reisande sjå i rutehefta, på frammr.no eller ringe FRAM Kundesenter på telefon 177.»

Fra Aure og Averøy blir det ordinære bussruter.