Studentar og tilsette kravde meir om klima i Strategi 2030

Klima og miljø må få meir plass i Strategi 2030. Det var studentar og tilsette einige om på det opne møtet om førsteutkastet til den nye strategien for Universitetet i Oslo.

Nora Selnes står og stiller eit spørsmål på møtet om Strategi 2030 i Realfagsbiblioteket, UiO

KLIMA: Nora Selnæs frå Oslo Grønn Ungdom var mellom dei som tok ordet og  kravde meir  om klima i Strategi 2030.

Foto: Ola Sæther

Realfagsbiblioteket var stappfullt då rektoratet tysdag morgon inviterte heile universitetssamfunnet til ein open debatt om førsteutkastet til Strategi 2030. Rektor Svein Stølen opna og leia møtet og kom med fylgjande oppfordring til publikum:

– No skal me ha hjelp frå dykk til å få eit skikkeleg godt strategidokument. Så skal me fylgja opp planen og lovar ikkje å leggja den i ei skuff, sa han.  

– Vil ha innspel på alle formuleringane

Så gjekk han gjennom dei fire store ambisjonane universitetsleiinga har lagt inn i utkastet til ny strategi og gjekk gjennom ein del av måla for å nå desse ambisjonane.

Dette er dei fire ambisjonane til UiO i utkastet til Strategi 2030:

• UiO skal fremja open, banebrytande og langsiktig forsking

• UiO skal utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei betre verd

• UiO skal dela kunnskap og bidra til at den vert tatt i bruk 

• UiO skal byggja ein fleksibel organisasjon og vera ein attraktiv arbeidsplass for studentar og tilsette

Les heile utkastet til Strategi 2030

– Ytringskulturen vil eg byggja alt dette på. Eg vil ha konkrete innspel på alle formuleringane, også på ein overordna visjon for Universitetet i Oslo, sa Svein Stølen, før han overlet podiet til nestleiaren i Studentparlamentet, Runa Kristine Fiske.

– UiO må vera like ambisiøs på utdanning som på forsking. Studentar er ressursar og vil endra verda. Derfor må universitetet også ha forskingsnær undervisning. For studentar kan vera med på å få til samfunnsaktuelle problemstillingar i forskinga som til dømes klimakrisa, meinte ho.

Nestleiar i Studentparlamentet Runa Kristine Fiske på talarstolen i Realfagsbiblioteket, UiO
AMBISIØS: – UiO må vera like ambisiøs på utdanning som på forsking, sa nestleiar Runa Kristine Fiske i Studentparlamentet ved UiO. (Foto: Ola Sæther)

– Stolte

Og så gjekk ho vidare på den grøne linja og tok til orde for at UiO må vera ein viktig aktør i arbeidet med å finna nye løysingar for samfunnet som har å gjera med det grøne skiftet.

– Me er stolte over å gå på eit universitet som vil ta morgondagens utfordringar på alvor, sa ho.

Den andre innleiaren var professor i statsvitskap Carl Henrik Knutsen som representerte Akademiet for yngre forskarar. Han tok utgangspunkt i at Strategi 2030 hadde som ambisjon at alle UiOs forskingsmiljø skal bli blant Europas beste på sitt område.

– Kan alle miljø bli leiande? spurte han. – Kva miljø med etablerte forskarar skal me ikkje satsa på og kva skal me satsa på? spurte han. – Å byggja ned er ikkje lett. Mange av desse spørsmåla har parallellar til diskusjonar om norsk industripolitikk. Skal me elska fram dei miljøa som veks fram og lata dei tusen blomane bløma? Om me ikkje får gjort noko med det, vert det opp til dekanar og instituttleiarar å gjera det, meinte han.

Meinte UiO kunne læra av Miles Davis

Den tredje innleiaren var undervisningsleiar Steven Ray Wilson på Kjemisk institutt. Han føreslo at UiO kunne læra ein god del av trompetisten og jazzlegenden Miles Davis, når det gjeld å finna kreative løysingar.

LÆRDOM FRÅ MILES DAVIS: Undervisningsleiar Steven Ray Wilson ved Kjemisk institutt var viss på at UiO kunne læra av kreativiten til jazztrompetisten Miles Davis i arbeidet med Strategi 2030. (Foto: Ola Sæther)

 – Han var ein tradisjonell jazzmusikar som spelte på tradisjonelle jazzklubbar og som klaga over at han aldri nådde ungdommen og ikkje fekk selt så mange plater som rockemusikarar og andre som appellerte til ungdomen. Då rådde Clive Davis i Columbia Records han til å blanda jazzmusikken med den nye musikken og spela på stader dit dei unge ville dra på konsert. Derfor begynte han å spela på stader der både Neil Young og Joe Cocker heldt konsertar. Slik fekk Miles Davis kommersiell suksess, sa han og krydra ambisjonane til UiO med bilete frå Woodstock-festivalen og av kjente jazzmusikarar.

– Raskare frå idé til vedtak

Den siste inviterte innleiaren var fakultetsdirektør Benedicte Rustad på Det juridiske fakultetet. Ho etterlyste meir fleksible reglar for å ta avgjerder ved UiO.

SKUMMELT: – Samordning av tenester skal ikkje vera noko skummelt, sa fakultetsdirektør Benedicte Rustad ved Det juridiske fakultetet. (Foto: Ola Sæther)

– Eg vil at det skal gå raskare frå idé til vedtak. Skal me ha stor takhøgd for at ikkje alle skal vera med? spurte ho.

– Det er viktig å ha tenester på tvers og mobilitet er viktig. Samordning av tenester skal ikkje vera noko skummelt. Det handlar ikkje om samlokalisering, presiserte ho.

– UiO må vera først ute

Då salen fekk ordet var det det manglande innhaldet av klima og miljø i utkastet til Strategi 2030 som blei hovudtemaet. Først ut var Nora Selnæs frå Oslo Grønn Ungdom.

–  Klima er ikkje med i måla. Me må jobba meir mot 1,5 gradermålet. UiO må vera først ute med å ta den kunnskapen i bruk og invitera studentane med på det, slo ho fast.

Senioringeniør Lasse Moer ved SV-fakultetet var opptatt av eit litt anna tema.

– Barn og ungdom leikar ikkje ute lenger. Innvandrarproblem finst i andre delar av Oslo, men ikkje i den bydelen UiO ligg i. Og Noreg har ein heilt feilslått politikk for elbilar. Den er ikkje berekraftig viser forsking frå Storbritannia, sa han.

– Flau

Også professor i idéhistorie Reidar Aasgaard, pensa spørjerunden inn på klima og miljø:

– Problemet med Strategi 2030 er det som ikkje står der. I vår var det ei unison tilbakemelding om at miljø og klima måtte bli ein sentral del av strategiplanen. No har det fått svært liten plass i utkastet, hadde han observert. Han viste også til innlegget til professor Mariel Cristina Støen i Uniforum.

IKKJE STOLT: – No er eg ikkje stolt over innhaldet i utkastet, men heller flau, sa professsor i idéhistorie, Reidar Aasgaard. (Foto: Ola Sæther)

– Ho kalla utkastet til Strategi 2030 for ein brutal nedtur. Den burde bli meir konkret. Planen litar meir på komande generasjonar enn på den generasjonen som er her i dag og vaks opp på 1970-talet. Også me hadde kunnskap om kva som kunne skje med klimaet i framtida. Men lite skjedde den gongen, trekte han fram.

 – Klima og miljø må inn i delen som handlar om UiOs verdiar, føreslo Aasgaard.

– No er eg ikkje stolt over innhaldet i utkastet, men heller flau, la han til.

Stipendiat Irene Tvedten var opptatt av tiltaksplanen for klimagassreduksjon som UiO skal utarbeida før jul.

– Det er flott at UiO jobbar med å få på plass ein tiltaksplan for klima, men det er viktig at det blir brukt nok ressursar til å jobba med planen, slik at den baserer seg på grundig analysearbeid, meinte ho. Svein Stølen gav henne eit svar med ein gong.

 – Det er folk som arbeider med dette. Me gjer noko og me skal få det til, lova Svein Stølen Han viste sjølv til kva han som rektor hadde fått til.

– Eg har redusert talet på flyreiser med 30 prosent det siste året, fortalde han.

Etterlyste Greta Thunberg

Forskar Henrik Sinding-Larsen ved Sosialantropologisk institutt skulle gjerne hatt ein berømt klimaaktivist på plass.

– Greta Thunberg skulle ha vore her i dag og gitt oss ein pep talk. UiO bidrar også til å skapa problem. Kunnskap kan både øydeleggja verda og gjera den betre, peika han på.

– At UiO skal vera meir open for “samfunnets forventninger” vil ofte tyda at det er noko som ikkje er særleg klimavennleg, meinte han.

Seniorrådgjevar Marit Egner i Avdeling for forskingsadministrasjon meinte rektor måtte inspirera og leia dei tilsette til handling.

– Mange som jobbar på UiO er avhengige av ein strategi som gir tydeleg retning, som dei lenger ned i organisasjonen kan laga underordna tiltaksplanar frå, sa ho.

BAD OM INNSPEL: Rektor Svein Stølen bad folk om innspel til utkastet til Strategi 2030: –Ytringskulturen vil eg byggja alt dette på. Eg vil ha konkrete innspel på alle formuleringane, også på ein overordna visjon for Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Sæther)

– Eg meiner me skal få formuleringane tydelegare enn det som kom fram i dag, svarte Svein Stølen. Han tok også med seg ynsket frå ein stor del av dei som tok ordet blant publikum.

– Eg er overtydd om at klima vil få god plass i den vedtatte strategien.

Høyringsrunden for utkastet til Strategi 2030 går fram til 1. november. Den 3. desember skal universitetsstyret vedta den endelege versjonen av Strategi 2030.

Dette er nettsida til Strategi 2030

 

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2019 10:48 - Sist endra 17. okt. 2019 12:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere