Endring av forskrift om jakt etter hjortevilt i Sogndal kommune

 

Sogndal kommune ønskjer med dette å opne for jakt på rådyr og elg. Venstre ønskjer ei kunnskapsbasert forvaltning, og har følgjande innspel til forskriftsendringa:

Vi kan forstå behovet for å regulere viltbestandar for å redusera konfliktar med andre samfunnsinteresser som samferdsle og landbruk. Men i dette tilfellet med rådyr og elg er omfanget udokumentert, og utifrå sannsynlege vilttettheiter er desse konfliktane marginale. At elg potensielt kan gjere skade både i trafikken, i plantefelt og i frukthagar er ikkje grunner nok til å opne for jakt når ein ikkje kan vise til at disse konfliktane faktisk er eit problem.

Desse hjorteviltbestandane er ein naturleg del av naturmangfaldet også på Vestlandet og må difor forvaltast utifrå likeverdige prinsipp som andre viltbestandar. Dersom det stemmer at to av dei tre skoglevande hjorteviltartane i Noreg spreier seg vestover må det sjåast som ein naturleg prosess.

Når elg og rådyr no spreier seg frå vestlege randbestandar i Luster, Årdal, Lærdal og Aurland har også Sogndal kommune eit ansvar for å forvalte desse naturressursane slik at naturleg spreiing ikkje vert hindra. Som rådmannen skriv i saksframlegget og viser til naturmangfoldlova: …høsting kan bare tillates når best tilgjengelig dokumentasjon tilsier at arten produserer et høstingsverdig overskudd.

Behovet for å regulera bestandar gjennom jakt på grunnlag av udokumenterte konfliktar bør ikkje styre forvaltinga, men heller det generelle prinsippet om at bestandar skal vera store nok til «….å produsere et høstingsverdig overskudd» (jf Naturmangfaldlova og saksframlegget). Det vert vist til skoglova og at ein kan regulere bestanden av hjortevilt grunna skogskadar, men slike konfliktar vert ikkje dokumentert i saksframlegget. Å opne for jakt for å skaffe meir kunnskap om artane er ikkje nasjonal politikk. Heller motsett rekkjefølgje.

Venstre ber at ein trekker framlegget og skaffar meir dokumentasjon på tettleiken av desse artane i Sogndal kommune, samt nabokommunane mot aust og vest. Det vil vera uforsvarleg og i strid med nasjonalt lovverk og internasjonale konvensjonar og opne for jakt på dette tidspunktet. Skulle det vise seg at det faktisk er jaktbare bestandar no (jf høstingsverdig overskudd) eller i nær framtid så bør ein få utarbeida ein interkommunal plan for forvalting av desse bestandane. Ein slik plan må då ta omsyn til prinsippet om haustbare bestandar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**