Gode skular og barnehagar

Venstrelaga i Naustdal, Jølster og Førde inviterte i mars til «Pils og politikk» med temaet gode skular og barnehagar. Fire dyktige innleiarar var med og skapte både debatt, og spreidde kunnskap.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

– PC-ane til elevane i den vidaregåande skulen i fylket blir fort ei svindyr notatbok, så lenge lærarane ikkje får den opplæringa dei treng for å nytte digitale læremiddel på ein god måte.

Dette slo Sofie Sundberg (18), leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, fast under møtet på Håjen kafe i Naustdal.

 

Sundberg var ein av innleiarane under møtet, saman med Rønnaug Dvergsdal frå Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø frå Naustdal barne- og ungdomsskule og Liv Horvei frå Mo og Øyrane vidaregåande. I tillegg deltok Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn og fylkesleiar i Venstre Gunhild Berge Stang med innlegg under møtet.

 

Skuffa over IKT-satsing

Sofie Sundberg (18), leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, var den som skapte dei største diskusjonane under møtet. Ho innleia om Elevorganisasjonen sine tre hovudsaker for tida; skulehelsetenesta og psykisk helse, meir rettferdig vurdering og IKT i skulen.

 

– I vidaregåande har no alle elevane fått PC av fylkeskommunen. Men i mange tilfelle får ikkje lærarane den opplæringa dei treng. Då blir fort PC-ane ei svindyr notatbok som blir like mykje brukt til sosiale media som til å lære, slo Sundberg fast.

 

Vil ha 50 % pedagogar

Leiar i Utdanningsforbundet i Førde, Rønnaug Dvergsdal, slo under møtet eit slag for fleire pedagogar.

 

– Vi vil utfordre politikarane i Indre Sunnfjord til å vedta at det skal vere minst 50 % pedagogar i barnehagen, slik dei har gjort mellom anna i Oslo og Bergen. I dag har Førde og Jølster 42 %, Gaular 47 % og Naustdal 37 % barnehagelærarar. I tillegg treng vi ei generell bemanningsnorm i barnehagen.

 

Dvergsdal fortalde at Utdanningsforbundet òg vil ha ei lovfesta norm for lærartettleik i skulen, som inneber maks 15 elevar per lærarårsverk i 1.-4. klasse og 20 elevar per lærarårsverk frå 5.-10. klasse, på skulenivå.

 

Uroleg for rekrutteringa

Gunn Marit Haugsbø, rektor ved Naustdal barne- og ungdomsskule, meiner trykket på både elevar, lærarar og leiinga i skulen har auka dei seinare åra.

 

– Eg er uroleg for rekrutteringa til læraryrket. Vi treng lærarar med overskot i ei tid med høgt tempo, større individretting og høge forventningar frå foreldre og andre når det gjeld oppfølgjing.

 

Rektor ved Mo og Øyrane vidaregåande skule, Liv Horvei, deler uroa for rekrutteringa til læraryrket.

– Det er eit voldsomt trykk i skulen og dei psykiske helseutfordringane blant elevane har auka.

 

Horvei er opptatt av den vidaregåande skulen si rolle som regional utviklingsaktør.

– Som yrkesskule må vi kjenne næringslivet og deira kompetansebehov. Vi treng fleire fagfolk med yrkesfagleg bakgrunn, slo ho fast.

 

Fleire læringplassar

Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant frå Venstre, understreka òg behovet for å løfte yrkesfaga.

– Yrkesfag har på mange måtar blitt stebarnet i den vidaregåande skulen. Her i fylket har vi i dag 900 ledige arbeidsplassar. Dei fleste av desse er innan helse, transport og industri. Derfor har vi på Stortinget mellom anna styrka læretilskota slik at vi kan få løyst problemet med for få læringplassar.

 

Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn

Stortingsrepresentanten nytta høvet til å skryte av Sogn og Fjordane som eit skulefylke med lågt fråfall og gode resultat. Rotevatn streka òg under Venstre, KrF og regjeringa si satsing på etter- og vidareutdanning av lærarar.

 

– Dei siste åra har tre gongar så mange lærarar tatt etter- og vidareutdanning, og tilbakemeldingane er veldig gode frå lærarane. Venstre har store ambisjonar og vil løfte både barnehagane og skulane vidare framover, avslutta Sveinung Rotevatn.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**