Fersk på landsmøte i Venstre

Anne Kristin Villar Sundal (19) frå Eid deltok i helga på sitt første landsmøte i Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

I januar vart Anne Kristin Villar Sundal valt som ny leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Ho er godt fornøgd etter sitt første landsmøte.

– Vi har vedtatt mykje god politikk, både for Sogn og Fjordane og ungdomen, og eg gler meg til å gjere ein knallgod valkamp i heimfylket.

Skule er hjartesak
Villar Sundal studerer til dagen filosofi ved Universitetet i Oslo. Ho har vore aktiv i Unge Venstre i Eid sidan 2011, og har no teke steget opp på dei nasjonale arenaene i Venstre.

– Det er ei stor ære å få representere Sogn og Fjordane på landsmøtet, der vi legg grunnlaget for politikken i Norge i framtida.

– Skulepolitikk er ei sak som har ein spesielt plass i hjartet mitt, og Venstre har den beste politikken for elevane. Vi har den enkelte elev i fokus, og jobbar for ein skule som gir meir fridom i skulekvardagen, fleire valfag og tidleg opplæring i språkfag, seier ungdomspolitikaren.

Mot barnefattigdom
Anne Kristin Villar Sundal er engasjert i borna sine oppvekstvilkår.

– Barnefattigdom er ei sak eg vil kjempe mot. I dag er det altfor mange barn som lever i fattigdom grunna føresette si låge inntekt. Ein del av desse borna får ikkje høve til å gå i barnehagen, på fritidsaktivitetar eller SFO, og sjansen for at dei tek utdanning seinare i livet blir mindre. Derfor meiner eg at behovsprøvd barnetrygd, der dei med minst inntekt får meir, og gratis barnehage og SFO er veldig viktig. Det er den beste måten vi kan kjempe mot fattigdom.

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Anne Kristin Villar Sundal: 947 83 698.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**