Miljøpris til forskarar ved Universitetet i Bergen

Hordaland Venstre deler kvart år ut ein miljøpris i samband med den internasjonale miljødagen 5. juni. I år ønskjer styret å gje denne prisen til forskarane ved Universitetet i Bergen som gjorde heile Noreg merksam på marin forureining.

1. februar i år kunne NRK Hordaland fortelje historia om forskarane som fann 30 plastposar og store mengder småplast i magen på ein kval. Dette starta ei heilt fantastisk bølgje av kampanjar og ryddeaksjonar. For Venstre er kunnskap og forsking og formidling av denne viktig og vi ønskjer difor å gje forskerane miljøprisen for 2017.

28. januar i år avliva Viltnemnda ein sjuk kval som fleire gonger hadde sett seg fast på grunt vatn på Vindenes på Sotra. Brannvesenet hadde allereie prøvd å hjelpe kvalen ut på djupet, men kontakta til slutt viltnemnda fordi kvalen fleire gongar sumde mot land. Viltnemnda skulle undersøkje kvalen for å få klarlagt kva som gjorde den sjuk, før kvalen skulle fraktast ut på fjorden for å bli senka der. Sjansen for at plasten skulle bli oppdaga var eigentleg liten, fordi døde kvalar normalt vert senka i sjøen og finansiering til den type forsking er begrensa. Forteljinga om kvalen kunne slutta der. Det gjorde den ikkje.

Universitetet i Bergen fatta interesse for kvalen. Universitetsmuseet hadde ikkje fått inn eit kvalskjelett sidan 80-talet og nytta moglegheita. Skjeletta i utstillingane ved Dei naturhistoriske samlingar er gamle og stort sett frå slutten av 1800-talet. Kvalen viste seg å vere den første gåsenebbkvalen som er dokumentert i Noreg.

Det to tonn tunge pattedyret vart transportert frå Sotra til universitetets marinbiologiske stasjon i Blomsterdalen, der kadaveret blei partert, dissekert og reinsa. Til saman brukte fem personar seks timar på å partera leivningane. Kvalen hadde eit relativt tynt lag med spekk, noko som tyder på at han var utmagra. Tarmsystemet var fullstendig tømt for næring. Berre vanskeleg fordøyelege restar frå eit blekkspruthovud låg att i magesekken. Alt tyda på at kvalen hadde det vondt før den ende sine dagar i den norske skjergarden.

Denne historia blei raskt ei nasjonal nyheit. Endeleg vart marin forureining førstesidestoff i heile Noreg. Det vart tydeleg at det blå matfatet vårt, havet, er i ferd med å drukne i boss. Millionar av sjødyr, fisk og fuglar døyr årleg ved at dei set seg fast, kuttar seg opp eller et boss. I 2050 ventar forskarar å finna meir plast enn fisk i havet, viser ein rapport frå stiftinga Verdas økonomiske forum. Ifølgje FN sitt miljøprogram hamnar over 8 millionar tonn plastsøppel i verdshava årleg. I Nordsjøen inneheld magane hos 94 prosent av fuglane plast, og over ein fjerdedel av torsken i hamnebassenget i Bergen har plast i magen. Sjømat full av plast kan øydeleggje Noregs rykte som havnasjon.

Vi kan løyse problemet, om vi berre er villige til å ta opp kampen og mange nok bidreg. Å plukke opp plasten som ligg i fjøra er enkelt og effektivt. Det bidreg til å sikre dyreliv på hav og på land. For mange vart kvalen på Sotra eit sterkt bilete på kva trussel plast utgjer. I år vart oppslutninga kring dugnaden strandryddedagen rekordhøgt. Mange vil bidra og dugnaden har vart heilt sidan nyheita om kva som gjorde kvalen sjuk vart kjend.

Prisen er først og fremst symbolsk og består av et diplom og en symbolsk gåve. Prisen vert overrekt på Venstres valkampsamling og ein medlemsfest laurdag 10. juni i Klostergaten 28 i Bergen rundt klokka 16.

http://www.uib.no/ka/107777/plasthvalen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**