Kvar er distrikta?

Foto: Flickr CC: Taidoh

Noreg er eit distrikstland, og sjølv på det sentrale Austlandet, finn vi primært distrikt. I Oslos nabokommune, Lillestrøm, ligg bygda Gansdalen. Her går det buss to gonger om morgonen og to gonger om ettermiddagen – på kvardagar.

Uttalelse, vedtatt av Viken Venstres hovedstyre 17. november 2020

Litt lenger syd-aust finn vi Indre Østfold kommune. Noregs største kornkommune. Og i det same landskapet, finner vi nokon av dei mest innovative landbrukarane i landet. Her satsar ein på klima og miljø. Ein installerer solceller og vassboren varme. Ein arbeidar med å hindre avrenning og ein reduserer bruk av sprøytemiddel. Landbruket er i rask endring. Varar har fått nye butikkar gjennom mellom anna Reko-ringar og folk flest er opptekne av å handle etisk, klimaforsvarleg og sunt. Urbant landbruk er i tida, og folk ynskjer å vere meir og mindre sjølvberga.

I same fylke, Viken, finn vi og Ringerike kommune. Ein kommune som er enorm i utstrekning. Han strekkjer seg frå sentral bykjerne i Hønefoss sentrum til høgfjellsterreng på grensa til Hallingdal. Her kan ein fort pårekne å bo slik til at ein har ein time eller meir å køyre til legevakta, noko ein forøvrig og har fleire stader i og rundt Oslo. Hallingdal består av bratte fjellsider, lange strekningar mellom små tettstader – i Viken. Her driv ein både landbruk etter gamlemetoden og dei hippaste utestader side om side.

Viken er kystfiskarar, fjellbomsar, børsmeklarar, landbrukarar og lærarar. Viken er Noreg.

No er det nok! Me må leggja vekk polariseringa mellom by og land i Noreg. By og land ligg faktisk side om side over heile landet vårt. Me må vekk frå enkel retorikk om lange avstandar og tilsidesetting av grisgrendte strøk. Heile Noreg er distrikt, om vi hever blikket litt utover eigen navle. Heile Noreg skal vere distrikt. Fordi distrikt er godt, trygt, nært og sunt. Men heile Noreg kan ikkje ligge overalt. Ein del vil bu tett, ein del vil bu tett på tilbod og naboar. Andre trivst betre med luft, natur og privat veg. Alt er like bra.

Venstre vil:

  • motverke og dempe polariseringa mellom by og land
  • sjå til at det er godt og trygt å bo i heile Norge
  • satse på dei som tør å satse i heile Norge
  • arbeide for klima og miljø i hele Norge
  • premiere innovasjon, grøne løysningar og løysningar for framtida