(NPK): Stormen har lagt seg og det er mørkt i heimen. Kraftlaget kjem ikkje med det første – det kan gå fleire dagar før straumen er tilbake. Kva gjer du då?

Lærdalsbrannen i 2014 og orkanen Dagmar på Vestlandet og Midt-Noreg i 2011 er blant anna brukt som case. Arbeidet til Nina Heidenstrøm om korleis norske hushald er førebudd på at straum og IKT-infrastruktur fell bort, er ein del av det nordiske forskingsprosjektet Homerisk. Heidenstrøm er forskar ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO på Oslomet – storbyuniversitetet.

Eitt av funna i det tverrfaglege forskingsprosjektet er at folk i byar og tettstader forventar at styresmaktene sørgjer for at straumen kjem raskt tilbake, medan dei som bur på bygda, seier dei er vande med å handtere konsekvensane av eit straumbrot sjølv.

– Me ser ein stor skilnad mellom urbane og rurale strok, kan Heidenstrøm fortelje.

I vinter var det mange som var straumlause på grunn av mykje snø. Tidlegare år har sterke stormar gitt mørklagde hus.

Straumgislar med turutstyr

På 1940-talet hadde nær sagt alle ei alternativ oppvarmingskjelde. I dag kan ein tredel av oss berre varme oss på elektriske omnar. Talet er heile 70 prosent i Oslo.

– Akkurat når det gjeld straumbrot er vedfyring den beste måten å vere førebudd. Det utgjer ein kjempestor forskjell. Då får du varme, lys og kokemoglegheiter. Det er viktig i Noreg fordi det blir kaldt her, og straumbrota skjer ofte på vinteren.

– Hovudutfordringa i storbyen er at folk ikkje har alternativ oppvarming, dei er såkalla straumgislar. Så er det også stor skilnad på føresetnadane for kor mykje beredskap du kan ha. Viss du bur på 50 kvadratmeter kan du ikkje lagre hermetikk for to veker. Det kan du på ein gard, seier Heidenstrøm.

Saman med andre forskarar har ho vore heime hjå folk i Lærdal i Sogn og Fjordane, Grue i Hedmark og i Oslo for å sjå kva folk gjer når straumen går.

– Me har sett ekstremt mykje tur- og hytteutstyr. Mange av dei norske hyttene, i motsetnad til dei danske og svenske, er utan straum – me er vande med eit primitivt hytteliv, campingliv og er vande med å gå tur i fleire dagar utan mykje ressursar. Så både tinga og kompetansen som høyrer til det norske friluftslivet er etter mi meining viktig for beredskapen, seier Heidenstrøm.

Formell og uformell beredskap

For korleis tenner ein eigentleg eit bål? Den kunnskapen er eit døme på det forskaren kallar uformell beredskap. Formell beredskap er informasjon og planar frå det offentlege.

– Folk kjenner i liten grad til offentlege dokument om beredskap. Få hushald tenkjer på beredskap, det er ikkje noko folk er opptekne av. Det er ikkje mange som veit om det finst planar i kommunen, kor møteplassar er eller kvar ein kan finne informasjon, verken lokalt eller nasjonalt.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har lansert nettsida som heiter sikkerhverdag.no. Nettsida er laga for hushalda, men det er ikkje mange som veit om ho.

– Hadde eg ikkje jobba med dette, hadde eg ikkje visst om det. Dette er ikkje informasjon som folk søkjer aktivt etter, seier Heidenstrøm.

Ho meiner likevel det ikkje betyr at folk ikkje er førebudd.

– Det betyr berre at dei brukar andre ressursar. Det er det eg legg i omgrepet uformell beredskap. Det handlar meir om å vere trygg på at eg kan tenne opp i omnen når eg ikkje kan bruke panelomnane lenger. Det betyr at du har ein primus heime som du har brukt på tur og som du veit korleis du brukar. Men dei eg har snakka med, tenkjer ikkje på dette som ei form for beredskap.

– Eg meiner at sjølv om du ikkje har ein beredskapsplan i familien, så er du truleg godt førebudd likevel, seier Heidenstrøm.

Nokon kjem til å fikse det

Forskinga frå Homerisk-prosjektet viser at folk ser det som eit statleg ansvar å ha god beredskap i tilfelle langvarig straumbrot.

– Det som er interessant er at mange seier «eg reknar med at nokon fiksar det». Det er ein litt diffus «nokon», men det er ein ekstern aktør, det kan vere straumselskap eller mobilselskap, styresmakta lokalt eller nasjonalt, men dei fleste hushald reknar med at nokon andre «der ute» ordnar opp.

Det same gjeld også når forskarane spør kven folk kontaktar når straumen forsvinn. Då seier folk at dei reknar med at nokon andre tek kontakt eller ordnar opp.

– Er straumbrotet langvarig, reknar folk med at styresmaktene eller denne «nokon», ordnar opp, seier Heidenstrøm.

Erfaringa manglar

Fordi det er færre straumbrot no enn tidlegare, har folk mindre erfaring med det, meiner Heidenstrøm. Vaksne og eldre her ei heilt anna erfaring med å klare seg utan straum. Éin av dei forskarane har snakka med seier det slik:

– I gamle dagar mista me straumen her ofte. Før hadde me straumline frå Årdal og den blei ofte skadd av jordskred. Då eg var barn her, blei det ofte mørkt i éin til to dagar, og så kom straumen tilbake. Då hadde me oljelamper, og primus til matlaging. Så dette er faktisk noko som heng igjen frå gamle dagar, det ligg i oss frå den tida.

– Mens dei unge me har snakka med, og særleg dei unge i by, aldri har opplevd det og veit ikkje kva dei skal gjere. Dei seier «eg drar til mamma og pappa viss det skjer», fortel Heidenstrøm.