Kultur

Ønsker meir mangfald i teateret

TEATER: Fleirkulturelle skodespelarar ønsker seg eit teaterpublikum som ikkje berre er kvitt. Det krev at teateret sikrar mangfald i alle ledd, meiner Nosizwe Baqwa og Samantha Gurah.

Vårt Land skreiv nyleg om amerikanske og britiske teater som reserverer spesifikke forestellingar for eit svart publikum, såkalla «black out»-framsyningar. Fenomenet har enno ikkje gjort seg gjeldande i Noreg, men aktualiserer eit langvarig problem i teaterbransjen: Både skodespelarar og publikum har i hovudsak vore kvite.

Dei seinare åra har vi sett ei større satsing på skodespelarar med ikkje-europeisk familiebakgrunn, men så seint som i 2020 var det framleis mindre enn fem prosent svarte skodespelarar på dei største norske teaterscenene.

– Ein skulle tru at det var ei mykje større endring på gang, med så mykje politisk fokus på mangfald, så mange mangfaldsmidlar ein kan søke på, og så mykje mediemerksemd. Men framleis er prosenten svarte skodespelarar på scena låg, og eg vil tru at prosenten er endå lågare om du ser på dei som produserer teaterstykka, seier Nosizwe Baqwa, som har røter både i Noreg og Sør-Afrika og vann den gjeve Heddaprisen for beste musikkteaterforestelling i fjor, med Mor av en nasjon.

– Der det ikkje finst mangfaldsmidlar, finst det ikkje folk med minoritetsbakgrunn. Det viser at vi framleis har ein lang veg å gå. Alle veit at mangfald er viktig, men det er ingen som har lyst til å flytte på seg.

Der det ikkje finst mangfaldsmidlar, finst det ikkje folk med minoritetsbakgrunn

—  Nosizwe Baqwa, skodespelar og dramatikar

– Må ha fleirkulturelle i leiarposisjonar

Baqwa, som er søstera til artisten Tshawe Baqwa i Madcon, har markert seg som ei tydeleg stemme i norsk kultur- og samfunnsdebatt, og sit mellom anna som leiar for Rådet for fleirkulturelle minoritetar i Oslo kommune.

– Vi veit at kvalitet er subjektivt og handlar om auget som ser. Derfor kjem vi oss ikkje vidare om mangfaldet ikkje er reflektert i alle ledd i ein teaterinstitusjon. Eg klandrar ikkje dei som no jobbar i teateret, men éin ting er dei gode intensjonane, noko anna er den faktiske staben. Vi er nøydde til å tilsette fleirkulturelle menneske i leiarposisjonar på teateret, og få inn fleire folk med mangfaldsbakgrunn i teaterstyra og blant dei som produserer. Då vil vi også sjå ei endring blant publikum, seier Baqwa.

Ho synest ikkje at tiltaket med å sette opp teaterforestellingar eksklusivt for svarte er det interessante i seg sjølv, men derimot at ein i USA og Storbritannia har sett behovet for eit slikt tiltak. For Baqwa er det uttrykk for eit polarisert samfunn som fort også kan gjere seg gjeldande i Noreg, om vi ikkje passar på.

– Vi trur alltid at vi er så annleis dei andre landa her i Noreg, men vi er nøydde til å ta vare på det fleirkulturelle samfunnet vår, på velferdsstaten og alt som er fint, seier ho.

Nosizwe Baqwa (t.v.) har spelt i fleire stykke på Nordic Black Theatre. Ho hadde blant anna rolla som Nina Simone i «I Am Nina», der ho spelte saman med Mariama Astrid Ndure.

Spelar for eit kvitt publikum

Med sitt eige stykke, Mor av en nasjon, gjorde Baqwa stykket tilgjengeleg for fleirkulturelle blant anna gjennom samarbeid med frivillige organisasjonar. For tida spelar ho i Camara Lundestad Joofs stykke De må føde oss eller pule oss for å elske oss på Den Nationale Scene i Bergen. Stykket tematiserer rasisme, mens det ifølgje Baqwa er stort sett kvite publikummarar i salen.

– Vi spelar for eit kvitt majoritetspublikum. Sjølvsagt hadde det vore dritfeitt å spele stykket i eit rom fullt av svarte folk. Samtidig er det viktig at kvite menneske opplever det vi fortel om strukturell rasisme og personlege konsekvensar av rasisme som menneske med mangfaldsbakgrunn må bere på kroppen, seier ho.

Skodespelaren trur likevel at det kjem fleire publikummarar med minoritetsbakgrunn i teateret dersom forteljingane kjennest viktige for dei. Ho påpeiker at fleirkulturelle brukar kulturtilbod, sjølv om dei leitar etter andre lydar, tonar og kjensler enn majoritetssamfunnet gjer – noko som gir gjenklang i dei sjølve.

– Men når prisane på brød stig i veret, er det ikkje nødvendigvis teateret ein strøymer til. Teaterbillettar er dyre! Samtidig er det viktig i krisetider, med økonomisk krise, krig i Europa og ein polarisert politisk samtale, å møte kvarandre i teaterromma. Der har vi høve til å sjå oss sjølve i eit anna lys og med eit anna perspektiv, seier Baqwa.

– Så kan ein spørje seg: Tar vi dette samfunnsoppdraget på alvor? Viss ikkje: Kvifor ikkje?

Sjølvsagt hadde det vore dritfeitt å spele stykket i eit rom fullt av svarte folk

—  Nosizwe Baqwa

– Ein skal ikkje vere redd for å vere mørk

Skodespelar Thomas Bipin Olsen, som er adoptert frå India og har utdanninga si frå Det Multinorske, seier at dei snakkar mykje i skodespelarmiljø om å få fleirkulturelle til teatersalen, men at det er noko anna å få det til. Også Olsen peiker på kostnadssida ved billettane som eit hinder for mange.

– Det spelar definitivt ei rolle kor mykje det kostar å dra i teateret. Ein teaterbillett er ekstremt dyr!

– Er det dei mest relevante forteljingane som blir fortalde?

– Ein kan alltid bli betre. Men vi er på veg ein stad. Det blir tenkt mykje på kva slags dramatikk som skal skrivast, at det er historier frå alle kantar av samfunnet. Det er blitt betre, seier Olsen.

Skodespelaren fortel at han dei seinaste åra ikkje har fått roller så mykje på utsjånad.

– Samtidig skal ein ikkje vere redd for å vere mørk, heller. Det er nokre historier som forteljast av oss. Ein kan godt spele Thorvald i Henrik Ibsens Et dukkehjem, men samtidig ikkje vegre seg for å spele i Tante Ulrikkes vei.

SKODESPELAR: Thomas Bipin Olsen har hatt mange roller ved dei store teatra dei seinaste åra. Her frå «Dette er ikke oss» på Den Nationale Scene.

– Publikum må sjå folk som liknar på dei sjølve

At det er viktig for publikumstilstrøyminga med mangfald på scena, er uansett viktig. Det same meiner Samantha Gurah, som har foreldre frå Ghana og er fødd og vaksen opp i Oslo.

– Når publikum ser folk på scena som liknar på dei sjølve, vil også mangfaldet i teatersalen auke. Betre mangfald på scena fører til at fleirkulturelle publikummarar kjenner seg inkluderte, seier Gurah.

Skodespelaren har stått på scena i fleire store teaterproduksjonar, og har blant anna hatt den kvinnelege hovudrolla i suksessmusikalen The Book of Mormon på Chinateatern i Stockholm. Mange vil også hugse henne frå det populære programmet Stjernekamp på NRK, som ho deltok i for fem år sidan. Nyleg spelte ho hovudrolla i familiemusikalen «Hør’a, dagbok!» på Riksteateret, til strålande kritikkar.

Samantha Gurah i «Hør'a, dagbok!» på Riksteateret.

– Med dette stykket reiste og spelte vi på mange stader der det ikkje nødvendigvis er så mange med fleirkulturell bakgrunn. Dei som kom, var svært begeistra og gav tydeleg respons på det. Ein ting er Oslo, men det var kanskje endå viktigare i Narvik og Hammerfest, seier Gurah.

Ho er tydeleg på at det ho kan fortelje med sin bakgrunn, er annleis enn det ein kvit skodespelar kan. Samtidig understrekar ho det sentrale ved at teatera satsar på forteljingar som ikkje berre rettar seg mot eit majoritetssegment av befolkninga.

– Det er viktig at vi er opne for å fortelje historier frå ein annan vinkel.

Vanskeleg å satse på skodespelaryrket

Gurah må tenkje litt når ho får spørsmål om ho sjølv hadde slike erfaringar frå teateret i oppveksten.

– Eg kan iallfall ikkje hugse det. Det var ikkje mange som såg ut som meg då eg begynte å studere heller. Dette gjorde det vanskelegare å våge å satse. Men eg håper det kjem mange fleirkulturelle skodespelarar i tida framover, seier ho.

– Trur du vi også får eit meir mangfaldig publikum i teatersalane framover?

– Eg vil tru det, mest fordi Noreg begynner å bli eit meir fleirkulturelt samfunn. Vi som er i andre generasjon har også andre referansar og høve enn foreldra våre. Men teatera må også bidra til mangfald i fleire ledd, både i ensemble og i val av repertoar, seier Samantha Gurah.

---

Teaterdebatt

  • I USA og Storbritannia er det dei seinaste fire åra blitt sett opp ein del teaterforestillingar som er reserverte for eit svart publikum.
  • Måndag 5. juni skjer dette igjen, denne gongen på Theatre Royal Stratford East i London. Det aktuelle stykket heiter «Tambo & » og handlar om den svarte forretningsmannen Tambo og småsvindlaren Bones som forsøkjer å livnære seg som komikarar og rapparar før dei blir engasjerte i Black Lives Matter-rørsla.
  • Black out-konseptet, som deler inn publikum etter etnisitet, har vekt debatt internasjonalt.
  • Debatten aktualiserer spørsmålet om mangfald i teateret. For tre år sidan var det mindre enn fem prosent svarte skodespelarar på dei største norske teatera. Svarte er også i solid mindretal blant teaterpublikum.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur