Nyheter

Desse skal lesa høgt frå rapport i 35 timar

700 SIDER: 1. juni er rapporten frå sannings- og forsoningskomiteen klar. I meir enn tredve timar skal ei rekkje profilar ha høgtlesingsdugnad, direktesendt på NRK.

I fleire år har sannings- og forsoningskomiteen som er oppnemnt av Stortinget granska forsnorskingspolitikken – etter modell frå andre land som har gjort opp for urett mot urfolk og minoritetar. Fornorskinga av samane starta allereie på 1700-talet og blei ein uttalt politikk frå 1851.

1. juni er skal rapporten leggast fram for Stortinget.

Same dag startar ein storstilt lesedugnad av rapporten, der ei rekkje kjente profilar deltek. Det kjem fram i ei pressemelding frå Festspela i Bergen, som saman med Nationaltheatret og det kvenske teateret Kvääniteatteri har tatt initativ til høgtlesinga.

Dei kallar det ein «nasjonal forsoningsdugnad», og det å lesa rapporten frå perm til perm reknar dei med vil ta vel tredve timar. Det heile skjer frå hovudscenen på Nationaltheatret og NRK sender det direkte.

Stjernespekka liste

Med seg på laget har dei fått alt frå tv-kjendisar, biskopar og politikarar. Mellom anna skal preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit delta. et sama gjeld Oslo-biskop Kari Veiteberg.

Dei er i godt selskap. Programleiar Solveig Kloppen, komiker Trine Lise Olsen og skodespelar Frank Kjosås skal også ta sin tørn.

Av politikarar finn ein namn som Olaug Bollestad (Krf), Silje Karine Muotka (NSR) Hadia Tajik (Ap) og Bjørnar Moxnes (R).

– Det norske folket må få høyre sanninga om og konsekvensane av politikken til norske styresmakter og behandlinga av samer, kvener, norskfinner og skogfinner. Det er på tide å lytte, seier Frank Jørstad, teatersjef for Kvääniteatteri i pressemeldinga.

Han skal sjølv vera med på å lesa frå rapporten.

– 700 sider, 35 timar og minutt for minutt direkte på NRK frå eit døgnope Nationaltheater, oppsummerar han.

Sannhets- og frihetskommisjonen

– Enorm symboltyding

Forestillinga vil også strømmast live til Bergen offentlege bibliotek.

– Den symbolske tydinga av at folk frå heile Noreg, frå nord til sør, samlast og fremfører rapporten uavkorta og kan fylgjast frå stover, sjukeheimar, lesesalar og forsamlingslokale er enorm, meiner Kristian Seltun, teatersjef for Nationaltheatret.

Blant dei andre samiske namna på lista over bidragsytarar finn ein mellom anna skodespelarane Mikkel Gaup og Lene Cecilia Sparrok og tv-kjendis Erlend Elias.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter