Då forelskinga gjekk over, fekk pastoren sjølv trøbbel. No får millionar vite det han lærte

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Om eg har høyrt om dei fem kjærleiksspråka?!

Mor (69) ser mildt sagt spørjande på meg, og forsvinn raskt bak kontordøra.

– Dei er aldri langt unna, ropar ho derifrå.

Ho held to bøker i handa når ho dukkar opp igjen: Ei andaktsbok og ei bok med eit hjarte utpå.

Denne historia handlar ikkje om mor mi, men om dei 85.000 utgåvene av Kjærlighetens fem språk som finst på norsk. Lunde forlag har trykka dei opp sidan 1999. Og det seinaste opplaget som kom i 2021, er snart utseld igjen.

Psykologar, kristne ekteskapskurs og TikTok-influensarar har gjennom tiår omfamna denne ikkje-vitskaplege teorien om korleis vi best uttrykker og mottar kjærleik.

Men funkar det?

På jakt etter svar skal vi til kjelda sjølv. Men først til eit par i midten av 20-åra, som set ideane hans ut i live kvar dag.

– Ikkje revolusjonerande, men ...

Det luktar vår på jærsk. Vi køyrer mellom store jorde kor vi kan skimte havet på avstand, og ender på Randaberg, ei bygd like utanfor Stavanger.

I ein loftsleilegheit i handlegata bur Linnéa-Elise og Dan Cazón. Og Walter, familiens firbeinte hovudperson.

Paret Linnea Elise og Dan Cazon, fotografert hjemme i leiligheten deres.

Paret har vore gift i tre år, og saman i over sju. Eit ektepar verdt å lytte til om kjærleik, fortel dei som har peikt oss til Jon Torbergssons vei.

Som 15-åringar, på ungdomsskulen, la Linnéa-Elise og Dan auga på kvarandre. Først som gode venner, og så, utan noko stort aha-augeblink, var dei likevel sikre på at denne relasjonen ville dei ha livet ut.

– Allereie i tiande klasse tenkte eg at «ho skal eg gifte meg med», seier Dan og smiler lurt.

I starten gnissa det litt, mellom to tenåringar som med sine ulike forventningar og bagasje skulle dra i same retning.

Det har tatt ein del år før dei har fått omgrep for kva dei eigentleg dreiv med den gong.

– Eg veit ikkje om det var så revolusjonerande. Men det vi gjorde, var å snakke gjennom alt, seier Dan.

Suksessen til boka har definitivt påverka livet mitt. Men eg elskar det, fordi eg veit at boka hjelper folk

—  Gary Chapman, pastor og forfatter

Då kjærleiksspråka blei viktige

Dan gjekk i front. Linnéa-Elise kom like etter.

– Eg måtte lære meg å vere litt meir som han – open, sårbar og uredd. Dan har alltid vore god på å seie kva han tenker og kjenner på, seier ho, og ser bort på ektemannen.

Samtalane dei våga å ta, kunne vere vonde. Men sakte, men sikkert, la Linnéa-Elise frå seg frykta for å såre eller bli såra. Ho blei tatt imot. Paret blei sterkare.

Så ein marsdag i 2021 gav dei kvarandre sitt ja, Linnéa-Elise med eit brekt bein og gips. Dei flytta til kjellaren til Dan sine foreldre, dei var koronaisolerte og Linnea hadde flytta heimanfrå for første gong. Omveltinga var påtrengande.

– I den perioden kom vi tilbake til kjærleikens fem språk: Kva vi treng, og kva vi skal gi, for at vi skal kjenne oss sett, seier Linnéa-Elise.

Paret Linnea Elise og Dan Cazon, fotografert hjemme i leiligheten deres.

Korleis kom det til?

Når du først legg merke til det, kan du sjå kjærleiksspråk overalt. I nesten 300 millionar treff på TikTok, i daglegtalen til realitydeltakarane på Love Island, i podkastane til kjendisterapeutane – og i bokhyllene i kristne heimar.

Omgrepet har blitt så allment at det for mange truleg har lite med opphavsmannen å gjere.

Men, så vidt vi veit, blei metaforen uttalt først på eit kontor i Calvary Baptist Church i North Carolina.

Par etter par kom og gjekk frå ekteskapsrådgivinga til baptistpastor Gary Chapman. Etter kvart danna det seg eit mønster: Den eine uttrykte kjærleik, og den andre forstod det ikkje.

Så formulerte han dei fem kjærleiksspråka:

  • Anerkjennande ord: Mange treng å høyre at ein er sett, elska og støtta. Dette kan vere gjennom at ein blir bekrefta for personlegdommen si, verdiane sine eller tinga ein gjer.
  • Tid til kvarandre: Å prioritere kvalitetstid med udelt merksemd. Det kan vere ein date, eller å sette av
  • Tenester: Handlingar som gleder den andre. Alt frå borddekking og oppvask, til å høgtrykksspyle huset eller hente partnaren langt borte frå.
  • Fysisk kontakt: Alt frå sex til stryking, å halde hender, kysse, klemme eller sitte tett.
  • Gåver: Gratis eller dyrt, lite eller stort – uansett: eit symbol som får partnaren til å føle seg sett.
  • Kjelde: Kjærlighetens fem språk og Bufdir.no

Brått kunne han nå ut til fleire enn sine 25 par i veka. I starten selde ikkje boka nemneverdig. Så eksploderte det.

No er det selt over 20 millionar bøker på verdsbasis og The five love languages er omsett til rundt 50 språk.

---

Gary Chapman

  • 86 år gammal pastor, ekteskapsrådgivar, forfattar og radiovert.
  • Han har bachelor og master i antropologi. Doktorgraden i vaksenundervisning tok han på Southwestern Baptist Theological Seminary.
  • Gift med Karolyn J. Chapman og har to barn.
  • Han hadde pastorgjerninga si i baptistkyrkja i Calvary i North Carolina.
  • Mest kjent for boka Kjærlighetens fem språk.

---

Vi går til kjelda

– Good morning!

Klokka er 15, men frå ei morgonstund ein annan plass på jorda kikkar ein 86-åring med trådlause øyreproppar inn i skjermen sin. Gary Chapman har plassert seg framfor bokstablar, papirbunker og familiebilete, på kyrkjekontoret i North Carolina.

Ein variant av det middelalderske slagvåpenet morgenstjerne ligg oppå bokhylla. Eg spør aldri om den.

For Chapman har, via forleggaren, sett av 30 minutt til praten. I forkant har ho sendt nokre «suggested interview questions» på mail. Tid er ei knapp ressurs, så «What are the 5 love languages?» utgår dessverre.

Eg lurer derimot på kor ofte han blir spurt om å gjere slike intervju om kjærleiksspråka. Det er jo 32 år sidan første utgåve av boka hans kom ut.

– Omtrent kvar dag, svarar 86-åringen og humrar.

Illustrasjonsfoto til sak om kjærlighetsspråk. Boka er "Kjærlighetens fem språk" av Gary Chapman.

Pensjonisten har fått halde på kontoret i Calvary Baptist Church, og assistenten sin, sjølv om han gjekk av som pastor i kyrkja for to år sidan. Han jobba der i over 50 år. No er det derfrå han planlegg foredrag og stiller opp på podkastar.

– Suksessen til boka har definitivt påverka livet mitt. Men eg elskar det, fordi eg veit at boka hjelper folk, seier Chapman.

Han reiser framleis på rundt 70 fysiske framføringar i året. Det er meir enn ein gong i veka.

Kvar gong han går ned frå ei scene, er det nokon som kjem bort til han, og seier noko sånt som:

– Boka di redda ekteskapet vårt. Lysa våre gjekk på, og vi innsåg korleis vi hadde misforstått kvarandre.

Fann svar i notata

Chapman enda opp som ein kjærleiksguru litt motvillig, viss vi set historia på spissen. Tilfeldig, i alle fall.

– Eg blei faktisk dytta inn i rådgiving, fortel han.

Som ung pastor i Calvary Baptist Church underviste han collegestudentar. Sidan dating og kjærleik var ein sentral del av liva deira, slo det Chapman at også han kunne nytte anledninga til å gi dei nokre velsigna ord.

– Tida for å forberede ekteskapet er ikkje etter at du er forlova, det er no, sa eg til dei.

– Dette stod likevel aldri i stillingsbeskrivelsen min, seier han lattermildt.

Bilde av en tavle på kontoret til psykolog Jannicke Walther Tindberg.

Den gong Chapman studerte teologi, fanst ikkje noko fordjuping i terapi eller rådgiving. Han tok dei kursa han kunne, for han var interessert, og forstod at det kunne styrke han som pastor. Doktorgraden hans er i undervisning for vaksne.

– Eg lærte etter kvart som eg gjekk, og eg bad om visdom frå Gud. Og etter kvart blei dette ein stor del av pastorgjerninga mi.

Chapman byrja å ta inn par til individuelle samtalar, til slutt omtrent 25 i veka. Sidan 70-talet har det blitt ein del timar.

Før boka om kjærleiksspråka i det heile tatt var ein idé, sette han seg ned, og bladde gjennom dei mange åra med notater. Han var på jakt etter noko spesielt.

– Dei gongene nokon hadde sagt «eg føler at partnaren min ikkje elskar meg», kva ville dei ha? Kva klaga dei på?

Fanst det eit mønster?

Frå uvitenheit til egoisme

Svara fall inn i fem kategoriar. Han sette ord på dei, og presenterte dei for para han gav råd til. Gav dette meining?

– Det gjorde det. Det verka!

Det Chapman meinte å ha oppdaga, er at det naturlege utgangspunktet vårt, er at vi trur at det som får meg til å føle meg verdsett, er også det som får andre til å kjenne seg verdsett.

– Men viss måten du uttrykker det på ikkje er den andre personen sitt kjærleiksspråk, så forstår dei det jo ikkje.

Viss det ein klem som får deg til å kjenne deg elska, hjelper det ikkje å seie «så fin du er» seksti gonger, ifølge par-pastoren sitt prinsipp.

Men når du etter kvart veit kva den andre sitt kjærleiksspråk er, blir det eit val om å handle eller ikkje.

Gary Chapman

– Ein gong hadde eg eit par som hadde lese boka mi, og mannen visste at kona sitt kjærleiksspråk var tenester.

«Men viss det som skal til for at ho føler seg elska er at eg tar oppvasken og støvsugar, så kan ho gløyme det», skal han ha fortalt.

– Vi er alle egoistar frå naturens side. Men kjærleik, det er valet om å styrke nokon sitt liv.

Cazóns språk for kjærleik

Framfor ekteparet og hunden Walter på Randaberg, ligg andaktsboka Chapman har skrive. Den fekk Linnéa-Elise og Dan i gåve av eit ektepar dei ser opp til.

No har Cazónane sjølv blitt forbilde. Dei som har peikt meg til loftsleilegheita, meiner at måten paret ser kvarandre er verdt å gjere kjent.

– Av desse kjærleiksspråka, er ord det viktigaste for meg. Og tid på nummer to, seier Linnéa-Elise.

– Du har vel tenester? seier ho spørjande, og ser på mannen.

Hunden til Linnea Elise og Dan Cazon.

Det har nemleg vore mindre tydeleg kva som skal til for at Dan føler seg elska (utover at han grunnleggande gjer det).

– Tenester og fysisk kontakt, har vi funne ut, konkluderer han.

– Og så scorar han null på gåver, skyt Linnea-Elise lattermildt inn.

– Ja, eg føler meg ikkje så sett av gåver. Eg kan bli sånn: Kvifor gir du meg dette, i staden for ein klem? Det er nok litt økonomen i meg som snakkar, seier rekneskapsføraren og humrar.

Elskar gjennom Jesus

For ekteparet som tilhøyrer Karismakirken i Stavanger, klinger det òg ein høgare tone i forholdet.

– Vi elskar jo fordi Gud elska oss først, seier Linnéa-Elise.

– Kjærleiken er noko vi har i oss. Når vi har tatt imot Jesus og kjærleiken hans, har vi lyst til å gi han vidare.

Når ho tar oppvasken, eller Dan blir med og ser på TV, snakkar dei kvarandre sitt kjærleiksspråk. Men relasjonen verkar å ha gått vidare – forbi fem kategoriar av ganske enkel karakter.

Paret Linnea Elise og Dan Cazon, fotografert hjemme i leiligheten deres.

– Eg trur at vi har det så bra fordi vi investerer tid. Å faktisk ofre den fotballkampen eller venninnekvelden, og sette oss ned med ein halv liter kaffi og snakke om korleis vi vil ha det, seier Linnéa-Elise.

– Over kaffien finspikkar vi tankane våre, verdiane våre, håpet vårt og draumane våre. Når vi har det store på plass saman, er det lettare å støtte kvarandre i det lille, forklarar ho.

Parterapeut: – Chapman er håpefull

På eit solfylt bygardshjørne på Tøyen i Oslo ønsker eit fast handtrykk og eit stødig blikk velkommen. Jannicke Walther Tindberg er spesialist innan sexologisk rådgiving, familieterapeut og klinisk sosionom, og har jobba i familievernet i 25 år.

Kontoret hennar er fleire gonger om dagen fylt med par som ikkje finn flyten, og det som verre er. I minst 15 år har Gary Chapmans kjærleiksspråk vore eit verktøy i kassen ho brukar i terapi.

I Bufetat (barne-, ungdoms- og familieetaten), kor ho er tilsett, er teorien blitt ein sentral del av kursa dei arrangerer for par.

– Dei har fått bra rotfeste. Meir eller mindre aktivt, så trur eg alle familieterapeutar og familievernkontor bruker dei, og synest dei er matnyttige, seier Walther Tindberg.

Parterapeuten kallar det ei aha-oppleving å oppdage, og etter kvart ta i bruk, metaforen til Chapman. Noko ho mangla omgrep for i terapirommet, fall på plass.

– Det var noko kjent med dette, men eg hadde likevel ikkje tenkt på det heilt på denne måten.

Portrett av psykolog Jannicke Walther Tindberg.

– Dei fem språka er jo ei forenkling av kjærleiken og livet. Men det er ikkje alltid ein treng å gå så djupt for å finne noko sant. Eg opplever ideen hans som veldig nyttig.

I par etter par har ho sett det same: Dei gjer ting for å vere gode med kvarandre, men det fell på steingrunn. Til å tolke kvarandre er kjærleiksspråka nyttige, meiner ho.

– Det er noko håpefullt ved Chapmans måte å sjå dette på, seier ho.

Chapman under lupa

I starten av 2024 blei ein studie, gjennomført av tre sosialpsykologar, publisert i det vitskaplege tidsskriftet Current Directions in Psychological Science. «De berømte kjærlighetsspråkene virker ikke», slo Aftenposten-kommentator Frank Rossavik fast i sin omtale. Fleire store medium slo saka opp.

Basert på eit ein gjennomgang av fleire studiar på feltet, fanst det ikkje grunnlag for desse kategoriane av kjærleiksuttrykk, slik Chapman formulerer dei, meinte psykologane.

Innvendingane var mellom anna at:

  1. Viss vi skal kalle det kjærleiksspråk, finst fleire enn fem.
  2. Folk har ikkje nødvendigvis berre eitt primær-kjærleiksspråk.
  3. Par som snakkar det same kjærleiksspråket er ikkje lukkelegare enn andre.

Eit motsvar i Aftenposten peikte etterpå på at, jo, det finst ein ganske ny studie som gir støtte til Chapman sine bærande element.

Forfattaren sjølv har uansett aldri hevda at han er nokon forskar. Kjeldegrunnlaget spring ut av hans eigen praksis i kyrkja, kor dei fleste truleg er heterofile, kvite og kristne frå USA. Etter den ferske studien sa han til Washington Post:

– Eg trur at det faktum at så mange millionar har lese boka, og så mange har funne hjelp for forholdet sitt i ho, gjer at eg er overtydd om at ho kan ha stor positiv påverknad på eit ekteskap.

Dessutan, seier Chapman til Vårt Land, kan vårt primære kjærleiksspråk endre seg i løpet av fasar i livet. Vi kan òg ha eit sekundært kjærleiksspråk.

Var vitskapleg etterprøvbarheit eigentleg Chapman sitt poeng?

Bokas etterord har allereie svara på kritikken:

«Eg har ikkje skrive boka for at ho skulle bli ei akademisk avhandling (...), skjønt eg håpar at fagfolk innan sosiologi og psykologi kan finne dei til hjelp i kurs om ekteskap og familieliv» (omsett).

Chapman har skrive ho til dei som er gift, seier han.

Påtatt kjærleik?

Når parterapeut Walther Tindberg brukar dei fem kjærleiksspråka i terapien, passar ho på å presentere dei som Chapmans idé. Ho registrerer at Chapman også har fått ‘kvit kristenmoralist’-kritikk gjennom åra.

Sjølv ser ho at teorien enkelte gonger kan ha manglar.

– Nokon fortel at det å få tid for seg sjølv er det som får dei til å kjenne seg elska. Fleire har trekt fram at humor, det å le i lag, får dei til å føle seg som eit team.

– I enkelte tilfelle kjenner ikkje paret seg heilt igjen i kategoriane. Eller så kan dei meine at dei treng litt av alt.

Portrett av psykolog Jannicke Walther Tindberg, tatt inne på hennes kontor.

– Men: Eg har aldri fått negative tilbakemeldingar frå par som har utforska dei fem kjærleiksspråka, seier ho.

Blir det ikkje ei litt kunstig kjærleikshandling når ho blir gjort på bestilling? Innvendinga har komme frå fleire par som har sete i stolane til Walther Tindberg – og hos Chapman.

Parterapeuten fortel at, jo, ho har sett at det kan vere vanskeleg å øve på noko ein ikkje har i ‘vokabularet’ sitt, for å fortsette Chapmans språk-metafor. Ho tenker på sine eigne besteforeldre.

– Farmor var veldig skravlete og morosam, og likte nok godt gode ord. Mens bestefaren min var ein svært taus trønder, som eg trur nesten aldri har gitt eit kompliment.

– Men det han gjorde, var å plukke og dyrke dei nydelegaste blomar og komme med til farmor. Eg ser at viss eg hadde jobba med dei to, hadde det vore ei kjempeutfordring, seier ho og ler.

– For det er klart: Ein skal jo ikkje endre personlegdom.

For du skal nemleg, ifølge Chapman, også anerkjenne språket den andre uttrykker seg med.

– Det går an å øve seg på å vere tospråkleg, ikkje sant?

Dei vanskelegaste case-ane

Å avfeie ulike kjærleiksspråk med at det følest ‘unaturleg’ å uttrykke seg på ein måte ein ikkje pleier, synest verken Chapman eller Walther Tindberg at er eit spesielt godt argument for å ikkje å prøve.

– Dette krev jobb, og det må vilje til. Og ja, så følest det kanskje litt unaturleg – men det betyr ikkje så mykje, seier ho.

– For viss det sit så langt inne hos deg å halde rundt partnaren din, eller dra innom Mester Grønn, så er det jo ei bragd at du gjer det. Då er det verkeleg ei kjærleikserklæring!

Portrett av psykolog Jannicke Walther Tindberg.

Skal du lære deg partnaren din sitt kjærleiksspråk, får du ei takknemleg oppgåve om det er tenester eller gåver du må øve deg på, har parterapeuten sett.

– Mens anerkjennande ord og fysisk kontakt... Det er dei mest utfordrande å begynne å øve på viss du ikkje har det naturleg i deg.

– Slik som bestefaren min. Men eg har erfart at det går an.

Ingen tankelesar

Linnea-Elise og Dan Cazòn gir kvarandre stadig varme blikk. I løpet av dei to og ein halv timane vi bruker saman, ler dei, utfordrar dei, støttar dei den andre. Grunnhaldninga i forholdet, slik ho står fram, er eit genuint ønske at den andre skal ha det godt – og ein vilje til å jobbe for det.

Kjærleiksspråka, nivå 2.

Konfliktnivået i heimen Cazón er lågt. Ikkje fordi konflikt ikkje finst, men fordi ingen av dei murrar i det skjulte.

– Vi tar alt tidleg, derfor blir dei aldri store, seier Linnéa-Elise.

Dan seier stadig gjennom samtalen at han vil at kona ha det bra. Eg tar meg i at det er banalt, men må spørje likevel: Kvifor det, sånn grunnleggande? Han vender blikket mot henne.

– Fordi at av alle personane eg har møtt på denne jorda, så synest eg du klassifiserer som ... Den beste av dei. Då vil eg sjølvsagt at du skal ha det bra, og vil gjere mitt ytste for det.

Paret Linnea Elise og Dan Cazon, fotografert hjemme i leiligheten deres.

Chapmans møte med Gud

I Kjærlighetens fem språk finst få eksplisitte bibelreferansar. Pastor Gary Chapman opplevde noko i terapirommet han såg på som allment, og sette ord på det med ikkje-kristne i tankane.

Likevel er det noko gjennomsyrande Jesus-inspirert som pregar måten han fortel om boka på. Også når han gir att åpenbaringa han fekk i sitt eige ekteskap:

To månadar etter at Gary og kona Karolyn J. Chapman var gift, blei han tatt opp på teologistudiet.

– Dei første åra støtte vi på ein del problem i forholdet. Då eg blei forelska, trudde eg den kjensla ville vare for alltid. Eg visste ikkje at levetida til desse euforiske følelsane var pluss-minus to år.

– Eg kom ned frå den skya og tenkte: Kva skjedde?

Det unge ekteparet krangla. Ektemannen byrja å få ‘negative kjensler’ overfor kona si, som han seier.

– Vi ropte og skreik. Vi ante ikkje korleis vi skulle løyse opp.

Han trådde inn på bibelstudia for å bli pastor. Men éin tanke pressa intenst.

– Aldri i verda om eg kan gå opp der og preike om håp, og vere miserabel i mitt eige ekteskap.

– Eg ropte til Gud. Eg hadde gjort alt eg kjente til, og det funka ikkje. Til slutt konkluderte eg med at viss ikkje noko skjer, så kan eg ikkje bli pastor.

Chapman bad ei bønn, og eit bilde kom til han. Jesus sat på kne og vaska føtene til disiplane.

– Eg høyrde verkeleg Gud seie: Dét er problemet i ekteskapet ditt. Du har ikkje Jesus si haldning overfor kona di.

– ‘It hit me like a ton of bricks’.

Kva er Chapmans kjærleiksspråk?

Litt etter litt begynte det å lette på heimebane. Etter nokre månadar med å sjå til Jesus, var livet med kona merkbart annleis.

– På dette tidspunktet visste eg jo ikkje noko om kjærleiksspråka. Men når eg ser tilbake på det, fortalde ho meg korleis eg kunne uttrykke at eg elska henne.

62 år etter dei sa «I do», går samlivet no ut på å strekke seg for kvarandre.

– Det som har skjedd, er at vi begge har vunne. For, du veit, kjærleik stimulerer kjærleik. Vi elskar fordi Gud elska oss først.

Gary sitt kjærleiksspråk er anerkjennande ord. Karolyn treng tenester.

– Kva er det siste du gjorde for kona di, då?

– I går kveld gjekk eg ut med søppelet. I dag tidleg dytta eg søppelkassen ut i gata. Kvar dag spør eg henne kva eg kan gjere for å lette dagen hennar.

– Og kvar gong eg reiser ut av huset, så seier eg «ring meg viss du treng meg».